Brua, som opna i 1958, vart planlagt av brukontoret i Vegdirektoratet. Det er ei stålfagverkbru med overliggande brubane i armert betong. Sjølve brua har to sidespenn på 52 meter og eit hovudspenn på 72 meter. I tillegg kjem tre mindre sidespenn, eitt på Sogndal-sida og to på Loftesnes-sida. Brua er 210,5 m lang. Den frie gjennomsiglingshøgda er 15 m. Kostnadene var 2,15 mill. kroner.

The bridge, opened for traffic in 1958, was designed by the bridge section of the Norwegian Directorate of Public Roads. The bridge is a frame-work steel bridge with an overlying bridge roadway in reinforced concrete. The bridge itself has two side spans with a length of 52 metres, and a main arch span measuring 72 metres in length. In addition there are three minor side spans, one on the Sogndal side and two on the Loftesnes side. The whole bridge is 210.5 metres long. The maximum sailing clearance is 15 metres. The total cost of the project amounted to 2.15 million kroner. The sisters Josefine and Sofie Loftesnes helped raise 30,000 kroner to pay for lighting on the bridge.

Datering
1998, 13. juni.
Fotograf
Per Birger Lomheim
Eigar
Statens vegvesen Region Vest

Frå ferje til bru over Loftesnessundet

Loftesnesbrua var det første bru- og vegprosjektet som vart bompengefinansiert i fylket. Brua sto ferdig i november 1958. I ein 20-årsperiode hadde det gått ei lita pendelferje over Loftesnessundet, og før det igjen, vart folk og fe rodd over sundet. Brua var eit viktig steg framover for den landbaserte samferdsla i midtre og indre Sogn - og gjorde sambandet austover enklare.

Ferjemannskap

Den korte strekningen mellom Loftesnes og Nes har nok vore mykje trafikkert opp gjennom tidene. Det knytte dei indre sognebygdene på nordsida av fjorden til Kaupanger og Lærdal.

I 1875 tilsette kommunestyret Ole O. Loftesnes som den fyrste faste ferjemannen. I 1880-åra tok svigersonen, Jon O. Loftesnes over. I 50-60 år rodde han fram og tilbake over sundet. Døtrene Josefine og Sofie hadde han med seg når dei vart store nok til å hjelpe. Han brukte ofte storebåten når det var dyr som skulle fraktast over, medan døtrene frakta ferdafolk i robåten. Då køyrevegen mellom Kaupanger og Lostesnes var ferdig i 1938, vart det naudsynt å skaffa bilferje. Vegvesenet tok over ferjetrafikken, og Josefine og Sofie vart billettseljarar.

Den første Loftesnesferja. Vegsjef Alf Torp var interessert i å få mest mogeleg av vegvesenet sitt utstyr produsert i fylket. Ferja vart bygd etter bestilling frå Torp. Ho var 15 m lang og hadde plass til fire personbilar. Ho vart dregen over sundet av ein vaier. Vaiertrekket hadde ein motordriven vinsj, med ein Sleipner diselmotor på 7,6 HK

This is the first Loftesnes ferry, photographed after the launching in the summer of 1938. On deck we see some of the workers of 'Løland Motorverkstad' and some others. The chief county road administrator thought it important that as much as possible of the equipment the Public Roads Administration needed was produced in the county. The ferry was built on commission from Torp. The ferry measured 15 metres and with a deck space for four private cars. It was pulled across the strait by a steel wire. The wire was pulled by a crank, driven by a 7.6 hp Sleipner diesel engine.

Datering
1938
Fotograf
Bjarne Råsberg.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane SFFf- 88192-007

Då ferja sokk

I 1938 sette vegvesenet inn ei lita pendelferje. Ferja vart tinga av vegsjef Alf Torp, og vart levert av Løland Motorverkstad i Leirvik. Ferja skal ha vore ei av dei aller første heilsveisa stålbåtane i landet. Ho var 15 m lang og hadde plass til fire personbilar. Den 9. november 1941 sokk ferja under sleping på veg til verkstaden. Josefine og Sofie sto klare til å ro ferdafolk over i småbåt igjen. Jon var for gammal. Han selde storebåten til vegvesenet for 300 kroner. Litt seinare vart det sett inn ei mellombels ferje med trekkvaier og sveivemekanisme. Heilt enkel var ikkje denne forma for ferjedrift. Det kunne vera farleg om vinteren når vaieren la seg oppå isen.

Den gamle ferjestaden på Loftesnes.

This is the old ferry place at Loftesnes.

Datering
2002. 1. juni
Fotograf
Per Birger Lomheim
Eigar
Statens vegvesen Region Vest

Ny ferje

Ei ny kabelferje vart levert i 1944. Ferja frakta ikkje berre folk, men også sauer, kyr og hestar. Det hende dyra vart skremde og bykste på fjorden når dei skulle over sundet, men sjeldan var det større ulukker. Ferjeturen var ikkje alltid ei like hyggeleg oppleving i regn og snødriv - open som ho var. Det var heller ikkje faste ferjetider. Skuleungane Loftesnes som gjekk på Trudvang skule, måtte møta tidleg opp om morgonen i håp om at det skulle komma bilar så ferja kunne gå. Først mot slutten av 1946 vart det innført faste ferjetider. Det kosta like mykje for ein person som for eit dyr. Ferja gjekk fram til november 1958. Siste året frakta ho 32.000 bilar og 126.000 passasjerar.

Planar om bru over sundet

Alt i 1877 vart det utarbeidd planar for ei trebru over sundet mellom Nes og Loftesnes. Først då Stortinget løyvde pengar i 1938, til veg mellom Loftesnes og Kaupanger, vart bruplanane igjen vurderte. Eit nytt utkast vart laga, men andre verdskrigen kom i vegen. Først i 1954 byrja dei igjen å arbeida for å få bru over sundet. 25. november 1958 vart Loftesnesbrua, i riksvegrute 565, offisielt opna. Kring tusen menneske var til stades under opningsseremonien. Fylkesmann Nikolai Schei føretok opninga og klipte snora midt på brua. Med musikklaget først gjekk alle over brua. Musikklaget tok ferja tilbake til Nes, og det vart siste turen til Loftesnesferja.

Her ser vi gammal og ny tid i Sogndal. I bakgrunnen er ein i ferd med å byggja Loftesnesbrua som vart opna i 1958. I framgrunnen går ferja som vart nytta til å frakta bilane over sundet. Ferjeførar var Bernt Pedersen og Kristian Fardal.

This picture shows a meeting of old and new transport generation in Sogndal. In the background the Loftesnes bridge is under construction to be opened in 1958. In the foreground we see the ferry used for transporting cars across the strait. The ferry pilot was Bernt Pedersen.

Datering
1955-1958
Fotograf
Ukjend
Eigar
Fylkesarkivet, SFFf-1994284.0003

Bompengeadministrert bruprosjekt

Brua skulle løyvast over statsbudsjettet, men vart i første omgang forskottert gjennom lån. Til dekning av renter av lånekapitalen vart det kravt bompengar. Dette var det første bompengefinansierte bru- og vegprosjektet i fylket. Sogndal kommune sto for bygginga, og brua vart nedbetalt på seks år. Det første året kosta det tre kroner for buss eller lastebil, to kroner for personbil eller traktor - og ei krone for motorsyklar. Syklistar og fotgjengarar reiste gratis. Igjen var det Josefine og Sofie som tok jobben som billettseljarar. Dei delte jobben fram til 1965 då bompengeordninga var slutt.

  • Førsund, Finn: Ei industriverksemd i ytre Sogn. I Årbok for Sogn. 2004.
  • Engesæter, Aage og Thue, Johs. B: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år. Det Norske Samlaget 1998. 
  • Nederlo, Liv Kvåle: Loftesnessundet.

Sjå også