Historia
Museet har opphavet sitt i samlarverksemda til Gert Falch Heiberg, ein av dei store museumspionerane i Noreg. Han viste seg tidleg som ein ihuga samlar. Kring år 1900 tok han til å samla gjenstandar frå daglegliv og arbeidsliv i Sogn. I 1903 sikra Heiberg seg sin første antikvariske bygning og i 1905 bygde han sin første store utstillingsbygning. Ambisjonen om eit folkemuseum for Sogn var klar. De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum vart etablert i 1909, ved at Heiberg gav si private samling av "sognske antikviteter" til det nyskipa Historielaget for Sogn, som også i dag eig museet. Museet voks fram på ein utskilt del av Heiberg sin eigedom i Amla.
Some of the buildings in the open-air museum. House from Kvitevoll in Luster, from about 1840, with a dovecote from Nedre Amla to the right, and a rowboat from Sogn in the foreground to the left.
Gert Falch Heiberg utvikla museet til å bli eitt av dei fremste folkemusea i landet. I tillegg til dei mange antikvariske bygningane som vart gjenreist, vart her reist to store utstillingsbygningar, og museet fekk status som Noregs største reiskapsmuseum. Alt på 1950-talet vart det klart at museumsområdet i Amla var altfor lite, og lite høvande for ei framtidsretta utvikling av museet, og i 1970-åra starta ein flyttinga av museet til Kaupangerskogen, mellom Sogndal og Kaupanger. Ny utstillingsbygning vart teken i bruk i 1980, og i dag er stordelen av bygningane og gjenstandsmassen flytta til det nye museet. I tillegg til alle bygningane er det her bygt opp eit nytt kulturlandskap som vert skjøtta gjennom tradisjonell gardsdrift. I 1990 opna Sogn Fjordmuseum i ein ombygd sagbruksbygning ved Kaupanger ferjekai.
Bust of the founder, Gert Falch Heiberg (1871-1944). In the background 'Helgheimstova' - the first school building of 'Sogndal folkehøgskule' dating from 1874.
Ansvarsområde
Frå starten av hadde museet heile Sogn som sitt ansvarsområde. No er det slege fast at museet er ansvarsmuseum for kommunane Høyanger, Vik, Balestrand, Leikanger, Aurland, Sogndal, Lærdal, Årdal og Luster. Museet har likevel store mengder gjenstandar frå dei ytre sognebygdene, og vil halda fram med å ha eit ansvar for desse, både gjennom gjenstandsamlingane og gjennom Historielaget for Sogn sitt skrift, Årbok for Sogn.
Tematisk har museet tradisjonelt femna vidt. Det har vore eit folkemuseum som har freista å femna alle sider ved folkekulturen. Jordbruk, fangst, fiske, handverk av alle slag, klede, kyrkjeliv, bygningskultur og bumiljø har vore emne som museet har vore spesielt oppteke av. Museet var tidleg ute med å satsa på dokumentasjon av samtid og nær fortid, og i dag er dokumentasjon av vår eiga nære fortid eit hovudsatsingsområde for De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.
Samlingane
Museet har også fotosamling og eig mykje arkivmateriale. Arkivmaterialet er deponert hjå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Utanom museumsområdet eig museet Stedje Mølle, einebustaden Elvhaug, eit småbruk i Eidet med båtbyggjarverkstad, og ei gamal oppgangssag på Tingastad, alt i Sogndal kommune.
Meir informasjon om museet kan du finna på museet sine sider på Kulturnett Sogn og Fjordane og på museet sine eigne heimesider.
Detail from the permanent display of agricultural implements.
The dental clinic of Olav Myklestad in Sogndal has been reconstructed in full detail at the museum.