Skålforma spenne
Det vanlegaste draktutstyret for kvinner i vikingtida var dei såkalla skålforma spennene. På Ytre Moa er det funne eit lite fragment av overplate til ei slik spenne. I tillegg er det funne ei draktnål av bronse, eit fragment av ei såkalla treflika spenne, eit fragment av ei ringnål og eit hengjesmykke. Dei er alle laga av bronse.
Uferdig hengjesmykke
Hengjesmykket er dekorert med dyreornamentikk i ein stil som vert kalla Borrestil. På bakgrunn av dette kan vi datere dette smykket til tida kring år 900. Det mest interessante ved hengjesmykket er likevel at det er uferdig - det manglar til dømes hol for opphenging, og det er spor etter filing på baksida. Smykket vart funne i tuft B. I same tufta vart det funne ei lita fil, to meislar, hammar, bor og drill. Dette er reiskap som har å gjere med metallarbeid - og da i fyrste rekkje finsmedarbeid. Det er dessutan gjort funn av smieslagg på Ytre Moa, rett nok ikkje store mengder, men samla sett kan desse funne tyde på at det har vore utført finsmedarbeid på garden.
Pynta seg med perler
I tillegg til spenner og nåler, har det vore vanleg å smykke seg med perler. På Ytre Moa er det funne 8 perler - ei av metall og resten av glas. Dei har ulik storleik og form - her finst både kuleforma og sylindriske i ulike variantar, farge og dekor. Både mosaikkperler og enkle glasperler var i bruk allereie frå folkevandringstida (frå 400-600 e.Kr), men dette er typer som også er vanleg i yngre jarnalder (600-1000 e.Kr).
Various beads from Ytre Moa, showing a blue and white so-called double bead and simple glass beads. This type of bead can generally be dated to the younger Iron Age (Photo: The County Archives of Sogn og Fjordane).
Rakekniv
Av anna personleg utstyr funne på Ytre Moa, er det verdt å nemne rakekniven. Den er laga av jarn, og odden er rulla opp i ein spiral. Rakeknivar av denne typen har ei generell datering til jarnalder (500 f.Kr - 1000 e.).