Her ligg garden Eide og den gamle vegen over Mannseidet gjekk opp til venstre for garden og følgjer den nye vegen inn mot skaret til høgre.
Datering
1994
Fotograf
Olav Handeland
Eigar
Statens vegvesen Region Vest

Mannseidet - kongeveg og nasjonalt verneobjekt

Dei gamle ferdselsvegane over Mannseidet og Dragseidet på Selje var sentrale i sambandet langs kysten, og har vore nytta for å sleppa å sigla det lunefulle Stadhavet. Mannseidet var difor både ein snarare og tryggare veg dersom ein skulle nordover eller sørover. I dag er vegen over Mannseidet eit verna kulturminne.

Det farlege Stadlandet

I 1771 skildra den danske geografen Hans J. Fyhn eida på denne måten: "Stadlandet er udsat for Havbølgers Indbrudd paa alle Kanter, fordi ingen smaae Øer eller Holmer findes der omkring som kunne tiene Landet til Bedækkelse, men derimot mange blinde Skier og Klipper (..) Deraarsage er det meget farligt at seigle Stadt-Pynten forbie med Baade, hvorfor de Reysende gemenlig heller betiener sig af Lande-Veyen over Eidene."

Ein tidleg hovudveg

Både Dragseidet og Mannseidet var heilt frå vikingtida rekna som hovudvegar. Den siste var kortast, tre km lang. Dragseidet var over to km lenger. Vegane var mellom dei første opparbeidde vegane på Vestlandet. Fleire av dei gamle kongesogene fortel om reiser over Mannseidet. Dei var som oftast i tilknytting til maktkampane mellom ulike vikingekongar og mellom dei norske og danske kongane. Vi finn Mannseidet nemnt i soga om Harald Hårfagre, Håkon den gode, Olav Tryggvason og soga om baglarane og birkebeinarane.

Image
Biletet er teke på toppen av Mannseidvegen med utsyn mot Moldefjorden, Stadhavet og øya Selja. Det høgste punktet på vegen er 260 moh.

The picture is taken from the top of the Mannseidet road with a view towards the Modlefjord, the waters of Stadhavet and the island of Selja. The highest point of the road is 260 metres above sea level.

Datering
1994.
Fotograf
Per Birger Lomheim.
Eigar
Statens vegvesen Region Vest.

Ein veg for pilegrimar

I katolsk tid, før reformasjonen i 1537, var heilagdomane på Selja kloster eit kjent pilegrimsmål. Hit kom dei både sjøvegen og landevegen. Det er difor ikkje urimeleg at mange nytta vegen over Mannseidet på ferda si mot Selje kloster. Garden Eide i Moldefjorden høyrde truleg til Selje kloster, som óg hadde jordegods i Vanylven på Sunnmøre. Det medførte stor ferdsel over Mannseidet av klosterfolk og leiglendingar.

Ein kongeveg

På folkemunne vert gjerne den gamle vegen over Mannseidet kalla Kongevegen avdi tre dansk-norske kongar la reiseruta si over eidet. Det var Christian V i 1685, Frederik IV i 1704 og Christian VI i 1733. Christian V kom frå Trondheim i juli 1685 på veg til Bergen. Det var dårleg ver og følgjet drog over Mannseidet. Kongen reid på hest, og dei kom ut for tjukk tåke. I bladet Vidar, som kom ut i 1889, sto det slik om turen:

"Dette Mans Eyde er ikkuns et forfærdeligt høit Birge, nesten dobbelt saa høit som Doffrefield og lige saa slemt at passere baade for dets Steilhed skyld at opp og neder komme saavelsom og for dets onde og smale udi Klippen udhugne og ujævne vey, hvor hesten fra et Stykke til et andet faar at springe."

Då kong Cristian VI reiste same vegen nær 50 år seinare, var også han til hest, men måtte gå til fots fleire stader, då det var så bratt og ulendt at han ikkje våga å sitja på hesten. Eit stort følge på 188 mann frå hoffet og sentral-administrasjonen var med kongen. Over tusen sjøfolk bemanna skipa som følgde kongefølgjet til Noreg. Dronning Sofie Magdalene og mor hennar, markgrevinne av Bayern, Sofie av Brandenburg, vart begge borne over Mannseidet. Resten av følgjet måtte gå til fots. Etter ferda laga kongen eit minnestaup i gull som kosta vel 8000 riksdalar. Eit bilete av kong Christian VI si ferd over Mannseidet heng på Norsk folkemuseum i Oslo.

Image
Her er lite som minner om at vegen ein gong har skyssa mektige kongar og stormenn. Vegen og kulturminna er knytt til gardane og dei som budde langs vegen. Han går gjennom vakre parti med gamle slåtteenger og store lauvtre, særleg selje. Enkelte stader er vegen overgrodd med lyng og einer. Vegbana er mange stader tydeleg med mura kantar. Heilt øvst til venstre på biletet ser ein delar av dei gamle vegmurane.

There are few traces left to show that that this road has been used by royalty and prominent persons. The road and the cultural heritage site are linked to the farms and those who lived along the road. The road passes through a beautiful countryside with old hayfields and big deciduous trees, especially sallow. Here and there the road is overgrown with heather and juniper. The road itself is visible in many places lined with stone walls. In the upper left corner we can see parts of the old road stone walls.

Datering
1994
Fotograf
Sigurd Bødal
Eigar
Statens vegvesen Region Vest

Køyreveg i 1918

I siste del av 1800-talet var det stadige drøftingar om å byggja betre vegar over Dragseidet, Mannseidet og Sandvikseidet. Men før nokon av desse vegane vart bygde, kom Morkedalsvegen i 1875, bygd frå Leikanger og nordover. Ny veg over Dragseidet vart bygd i 1884-89. Deretter sto vegen over Sandvikseidet (8 km) ferdig i 1901. Då hadde det vore lang strid om prioriteringa av veg mellom Sandvikseidet og Mannseidet. Før dei bygde ny veg over Mannseidet fekk dei veg frå Seljevågen og til Eide i 1895. Den nye vegen gjekk eit godt stykke opp i den bratte lia ved Hellebakken, og ein del av den gamle Mannseidvegen frå Eide vart lagt ned. Først i 1918 sto heile vegstykkjet over Mannseidet om Einehaugen til Kjøde ferdig. Då var vegnettet i Selje knytt til riksvegnettet over Maurstadeidet. I 1919 hadde Selje eit vegnett på 55 km både på langs av halvøya og på tvers. I 1956 vart den gamle vegen over Mannseidet omlagt og utbetra.

Image
Her, ved Hellebakken ovanfor Eide, møtest tre generasjonar veg. Den eldste vegen over Mannseidet går bak kollen i Hellebakken. Vi ser og vegen som vart bygd frå Seljevågen i åra 1893-1895. Vegen ligg på fine murar. I 1931 vart det utarbeidd nye vegprofilar, og vegen her i Hellebakken vart utbetra i 1956. Den nye vegen vart avlevert som fylkesveg 24. mai 1961 og omklassifisert til riksveg i 1965.

Here, at Hellebakken above Eide, three road generations meet. The oldest road across Mannseidet goes behind the hilltop at Hellebakken. We also see the road that was built in 1885 up from Seljevågen. The road rests on fine stone walls. In 1931, new road profiles were worked out, and the road here at Hellebakken was improved in 1956. The new road was delivered as county road 24 on 24 May, 1961, and reclassified as a national highway in 1965.

Datering
1994
Fotograf
Sigurd Bødal
Eigar
Statens vegvesen Region Vest

Mannseidet er eit verna kulturminne

I 1997 fekk Statens vegvesen pålegg frå Samferdselsdepartementet om å utarbeida ein nasjonal verneplan i samband med "Handlingsplan for kulturminneforvaltning". Kvar statsetat fekk no eit eige ansvar for å ta vare på sine kulturminne. Alle fylka registrerte sine særmerkte kulturminne. Den gamle vegen over Mannseidet vart plukka ut som verneverdig, og er mellom dei 350 vegkulturminna som er valde ut frå heile landet. I argumentasjonen frå Statens vegvesen heiter det at "Vegen er et godt bevart eksempel på en typisk eideveg". I dag er vegen ein mykje nytta tursti.

Image
Kulturminna langs vegen vitnar om skiftande tider og skiftande samfunnsforhold. Torvhus og torvholer viser at torv har vore nytta til brensel i Selje heilt opp til nyare tid. Fleire stader på myrane langs vegen kan ein sjå tydelege spor etter torvtaking, og på toppen av Mannseidet ligg steinmuren av eit torvhus. Her er og fleire steinmurar etter gamle hus og fjøs.

The cultural heritage sites along the road bear witness to changing times and changing social conditions. Peat sheds and peat holes show that peat has been used as fuel in this area up to recent times. Here and there on the moors along the road we can see traces of peat cutting, and at the top of Mannseidet we see the stone foundation wall of an old peat shed. We find stone walls after old houses and cowsheds as well.

Datering
1994
Fotograf
Per Birger Lomheim
Eigar
Statens vegvesen Region Vest
  • Os, Edvard: Selje og Vågsøy Bygdene og Bygdesamfunnet. Band 1/5 bolk II i rekkja Jacob Aaland; Nordfjord frå gamle dagar til no. Oslo 1957.
  • Eide, Hans P: Om garden Eide og Eidslåna i Selje. I Årbok for Nordfjord, s. 109-116, 1988.
  • Djupedal, Torkjell: Selja. Kulturhistorisk handbok. Selja forlag 1996.
  • Johannessen, Finn Erhard: Alltid underveis. Postverkets historie gjennom 350 år. Bind I, 1647-1920. Erlanders Forlag 1997. Åland, Knut: Den Gamle Kongevegen. Landskap og historie langs den gamle ferdselsvegen over Mannseidet. Semesteroppgåve, Høgskolen i Molde 1997.
  • Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminner, Registreringsrapportar frå 1999-sesongen. Statens vegvesen Sogn og Fjordane, 1999.
  • Vegvalg Nasjonal verneplan. Statens vegvesen, 2002.