Biografi i Våre falne
"DRAGE, REIDAR JONN, gårdsarbeider, Selje. Født 21. september 1924 i Selje, s. av Reinhardt Drage, f. 1882, og Oline f. Tungevåg, f. 1882, begge i Selje. Ble etter frigjøringen innkalt til militærtjeneste i Kystartilleriet, og omkom 15. april 1946 ved en eksplosjon under arbeid med å senke tysk ammunisjon ved Tangane i Rugsund. Gravlagt ved Leikanger kirke, Stad."
Krigshending etter krigen
Etter krigen vart store mengder tysk ammunisjon og sprengstoff samla og fjerna ved søkkjing i sjøen. Det skjedde uhell fleire stader i landet. Den fælaste ulukka i Sogn og Fjordane var då ein lektar gjekk i lufta på Brufjorden 1. september 1945 og alle 19 om bord omkom.
Måndag 16. april 1946 var motorbåten som frakta ammunisjon frå det tyske festningsanlegget Tangane på Rugsundøya på veg med last til dumpingplassen i Nordfjord. Ved Rugsund, der brua nå går over sundet, tok det fyr i fleire hundre kilo krut som var lasta på dekk. Ei voldsom eldsøyle stod i veret. Mannskapet greidde å hiva nokre kassar med granatar på sjøen, men då elden greip om seg, var det berre ein ting å gjera, å hoppa i sjøen. Bergingsmannskap som kom til fann 12 i live, medan den siste, Reidar Drage, var borte. Dei sette i gang med sokning og fann han kort tid etter. Han var ikkje skadd av brannen. Han hadde berre ikkje greidd å halda seg oppe til berginga nådde fram.
Reidar Drage vart eit offer ved ei krigshending eitt år etter at krigen var slutt.
Grava
Grava til Reidar Drage er særskilt freda som krigsgrav. På gravsteinen står skrive:
Farvel kjære Reidar
Reidar R. Drage
[teikn for fødd] 21-9 1924
[teikn for død] 15-4 1946
Takk for alt