Grava til Peder P. Sandvik og kona Paula på Leikanger kyrkjegard i Selje.

The graves of Peder P. Sandvik and his wife Paula at the Leikanger churchyard at Selje.

Datering
2003.
Fotograf
Helge Borgund.
Eigar
Selje kyrkjelege fellesråd

Krigsgrav på Stadlandet - Peder Sandvik

"Etter melding frå sjøforsvarets overkommando døydde han på sin post for fedrelandet." Det stod i dødsannonsa for Peder P. Sandvik 20. august 1945. Peder Sandvik omkom i flyangrep på London 7. mars 1945. Han vart førd heim og gravlagd på Leikanger kyrkjegard 20. november same året.

Biografi i Våre falne

"SANDVIK, PEDER, gårdbruker og hvalfanger, Selje. Født 8. juni 1879 i Selje, s. av gårdbruker Peder Johnsen Sandvik, f. 1836, og Synnøve Torbjørnsdatter, f. 1835. Gift 1903 i Selje med Paula Eltvik, f. 1875 s. st. 2 barn. Var under krigen fisker i Skottland og senere vaktmann ved et marinedepot i London. I 1941 var han med til norskekysten og satte i land to mann og tok med flyktninger tilbake. Omkom 7. mars 1945 under et flyangrep på London. Gravlagt i Leikanger."

Image
Peder P. Sandvik (1879-1945) var gardbrukar, fiskar og kvalfangar. Han reiste til England og var med i motstandskampen til han miste livet i London under eit luftåtak 07.03.1945. Urna hans kom heim om hausten same året.

Peder P. Sandvik (1879-1945) was a farmer, fisherman, and whaler. He left for England and took part in the resistance fight until he lost his life during an air raid on 7 March, 1945. His urn was brought home to Norway in the autumn of the same year.

Datering
Ukjend
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Vår falne.

Gravferda

Peder Sandvik døydde 7. mars 1945 i London og vart gravlagd der. Om hausten kom urna hans til Noreg og han vart gravlagd på kyrkjegarden ved Leikanger kyrkje tysdag 21. november 1945. Ei stor folkemengd frå heimbygda var møtt fram for å visa Peder Sandvik den siste æra. Sokneprest Tungesvik heldt ein gripande tale i heimen før urna vart førd til kyrkja. Ved oppkøyrsla til kyrkjegarden vart avfyrt salutt. Under seremonien i kyrkja heldt sokneprsten tale, eit songkor deltok og det vart lagt ned ei mengd kransar på båra.

Minneord i Fjordenes Tidende

"Alle vi som kjente deg, står igjen med sorg i vårt sinn. Du var en real kar, en av dem som ville noe, kunne noe og som også gjorde noe. Du syntes kanskje litt hard av og til, men bak den harde maske banket det store hjerte, som alltid var villig til å finne hjelp eller gi en håndsrekning hvor det trengtes. Vi takker deg for din store, uselviske innsats, og for alle de gode minner du har gitt oss, som alltid vil leve blant oss. - Guds fred med ditt støv."

Peder Sandvik er med på minnesteinen ved Leikanger kyrkje og ved Selje kyrkje.

Image
Kunngjering i Fjordenes Tidende, 20. august 1945, frå familien om at Peder P. Sandvik døydde i London 7. mars 1945.

Announcement in Fjordenes Tidende, 20 August, 1945, from his family that Peder P. Sandvik died in London on 7 March, 1945.


Fjordenes Tidende. 20.08, 17.12.1945.
Våre Falne. Band 4. Oslo 1949-1953.
Informasjon frå: Selje kyrkjelege fellesråd: Helge Borgund.