Mange turar over Hornindalsvatnet
Den første båten "D/S Dølen" kom til Hornindalsvatnet i 1880. Båten heitte tidlegare "Ronen" og var kjøpt privat av Jakob Reed. I 1881 søkte Reed heradstyret om tilskot eller garanti, og at det skulle veljast ein direksjon. Heradstyret vedtok at dei skulle garantere for drifta overfor staten for ei tid på 3 år, på vilkår av statstilskot. Det vart bestemt at det skulle vere ein direksjon på seks mann. Tre av desse skulle veljast av heradstyret.
Heilt i frå starten av forsynte båten seg glupsk frå dei kommunale budsjetta. Det var vanskelig å få forteneste og ofte var det naudsynt med kostbare reparasjonar på dampkjelen. Ingen ville drive ein båt som gjekk med underskot, så i ei tid då vatnet var ferdselsåra i Hornindal, tok kommunen over drifta i 1909. Det tok ikkje mange år før båten på ny trengte reparasjonar, og tankar om å kjøpe ny båt kom på agendaen. Denne gongen vart det bestemt at ein skulle ruste opp "Dølen" med nytt hus og forlenge han med 2 meter.
Dei nye reparasjonane gjorde at lyden av dampkjelen til "Dølen", dunka over Hornindalsvatnet i mange nye år. Dei siste åra "Dølen" var i drift, var høge prisar på ved til dampkjelen og rust i røyra eit problem. I 1950 vart ikkje "Dølen" godkjent av skipskontrollen. Etter 70 år var tenestetida til ein trufast dampbåt over. Sjølv om vegnettet i kommunen etterkvart var blitt betre, ynskte honndølene framleis å ha eit rutetilbod over vatnet og 3. mai 1953 gjekk "M/B Honndølen" sin første tur. Han frakta honndøler over vatnet i 20 år, før han vart lagt til kai 31.juli 1972.
Fraktebåt
Båten var òg brukt til å frakte varer over Hornindalsvatnet i tidsrommet 1921-1953. Her vart det frakta sekkar med ull, smør og ved mot Eid, som kanskje skulle vidare til Bergen for å seljast der. Privatpersonar fekk frakta eigendelar, til dømes fekk Jørgine med seg ei symaskin og Knut ein divan. I desember var det som regel kassar med epler og appelsiner om bord for ekstra stas på matbordet i juletida.