Minnesteinen over Rasmus Nyvoll som fall på slagmarka i Italia, står på kyrkjegarden ved Ålfoten kyrkje. Det vert lagt blomar ved steinen kvar 17. mai.
Rasmus Nyvoll, fødd 1909 i Ålfoten, fall i kampane i Italia i 1944. I 1951 vart det avduka ein minnestein over han ved Ålfoten kyrkje. Det var ungdomslaget og skyttarlaget som gjekk i brodden for arbeidet.
Biografi i bokverket Våre falne
"NYVOLL, RASMUS Rasmussen, arbeider, Davik. Født 2. august 1909 i Davik, s. av Rasmus Olai Rasmussen Nyvoll f. 1882 i Breim, og Anna Petra f. Thuesdatter, f. 1882 i Bremanger. Dro til Canada i 1928 og meldte seg til tjeneste da krigen brøt ut. Omkom 23. mai 1944 under kampene i Italia."
Image
Rasmus Nyvoll, fødd 1909 i Ålfoten, emigrerte til Amerika i 1928. Etter at Noreg kom med i krigen 9. april 1940, melde han seg som frivillig til The Loyal Edmonton Regiment, Royal Canadian Infantry Corps. Han fall i Italia 24. mai 1944.
Datering
1935-1940.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Fylkesarkivet/Astrid Midthjell.
Meir om Rasmus Nyvoll
Rasmus Nyvoll voks opp på Samsonbruket på garden Myklebust i Ålfoten. Han var dreng ei tid hjå Mons J. Myklebust, før han saman med sambygdingane Olav Vik og Ola M. Myklebust utvandra til Amerika i 1928. Han kom til Washington på vestkysten, og måtte den fyrste tida ta til takke med småjobbar her og der. Seinare flytte han til British Columbia i Canada der han fekk seg arbeid som oppsynsmann på eit jaktområde. Då krigen kom og Noreg vart okkupert 9. april 1940, melde Nyvoll seg som frivillig til krigsinnsats i Europa. Etter opplæring og øving i Canada og Skottland, vart han frå 1943 med i kampane mot aksemaktene i Nord-Afrika, deretter i frigjeringa av Sicilia sommaren 1943 og seinare med i det allierte felttoget på det italienske fastlandet. Våren 1944 vart han hardt såra og døydde seinare på hospital den 24. mai 1944, 34 år gamal.
Gravlagd på krigskyrkjegard
Rasmus Nyvoll tenestegjorde i The Loyal Edmonton Regiment, Royal Canadian Infantry Corps. Han vart gravlagd på Minturno krigskyrkjegard som ligg nær kysten omlag 78 km nord for Napoli. Grava til Nyvoll er nummer 5 i rad K på felt 4.
Image
Planteikning over Minturno krigskyrkjegard. Grava til Rasmus Nyvoll er merka med gult: Plot 4, rad K, grav nr. 5.
Image
Frå Minturno krigskyrkjegard i Italia. Kyrkjegarden vart teken i bruk i januar 1944 og dei fleste gravlagde miste livet i harde kampar for å kryssa elva Garigliano våren 1944. Det er vel 2000 graver på gravstaden.
Datering
Ca. 2000.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I informasjonsbrosjyre frå Commonewealth War Graves Commission.
Minnesteinen
Ei tid etter krigen tok ungdomslaget og skyttarlaget i Ålfoten opp arbeidet for å reisa ein minnestein i fødebygda hans. Steinen vart avduka søndag 19. august 1951, og sokneprest Lothe heldt avdukingstalen.
Minnesteinen står ved Ålfoten kyrkje, like innom porten på oppsida av vegen tett attmed kyrkjegardsmuren. Ei støypt metallplate er festa på ei stor helle av devonsk sandstein som dei fann på garden Sigdestad. På plata står namn, datoar, årstal og orda:
"I takksemd for offeret han gav * har heimbygda reist han dette * minne."
Image
Metallplata på steinen og innskrifta. Det står: RASMUS M. R. NYVOLL * fødd 2 august 1909 * fall i kamp for fedrelandet i * Italia 24 mai 1944 * I takksemd for offeret han gav * har heimbygda reist han dette * minne
Datering
2001.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Krigen i Italia
Etter at aksemaktene hadde kapitulert i Nord-Afrika i mai 1943, var målet for dei allierte å få fotfeste på Sicilia, ta øya og deretter gå til aksjon på det italienske fastlandet. Den 10. juli landsette 3000 farty 150 000 mann fleire stader på Sicilia og etter 39 dagar var øya under alliert kontroll. Den allierte offensiven kom som eit sjokk på dei italienske styresmaktene. Den 25. juli avsette og arresterte det storfacistiske rådet Mussolini og utnemnde Badoglio til ny statssjef. Badoglio erklærte straks at krigen kom til å halda fram, men gjekk seinare, den 3. september, med på våpenstillstand.
Hitler var budd på denne utviklinga og reagerte raskt og effektivt. Store tyske styrkar vart sette inn nordfrå og på kort tid oppnådde den tyske krigsmakta å få kontroll over 2/3 av den italienske halvøya. Ein tysk kommandotropp greidde å frigjera Mussolini, som vart sett til sjef for ei marionettregjering heilt i hendene på Hitler.
I sør hadde allierte styrkar fått fotfeste på fastlandet i byrjinga av september. No byrja den lange marsjen mot Roma, eit felttog som skulle ta lenger tid og kosta meir enn dei allierte hadde rekna med. Fyrst 4. juni rømde tyskarane Roma, og ikkje før året etter, i slutten av april, kapitulerte dei siste tyske styrkane på italiensk jord.
Våre falne. Oslo 1949-1951.
Avisa Fjordabladet. 23(?).8.1951. Nordfjordeid.
Opplysningar frå:
Alf Nyvoll, Ålfoten, Bremanger.
Harald Bruland, Ålfoten, Bremanger.