Minneplate på bygning i Kirkenes. Huset var i mange år Kirkenes bibliotek, ei gåve frå norske lærarar som takk til folket i Sør-Varanger for hjelp i fangetida krigsåret 1942. Lærerbiblioteket, heitte det på folkemunne.
Datering
2017
Fotograf
Hermund Kleppa
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Om Kirkenesferda 1942 – Sogn og Fjordane

«De e her», sa han og peika på den gule bygningen, «æ ska vis dæ .. æ ska dit nu, - her e plata»: REIST AV NORSKE LÆRERE SOM TAKK FOR ALL HJELP FOLKET I SØRVARANGER GA 636 LÆRERE I TYSK FANGENSKAP 28.4 – 4.11.1942. Plata er festa på veggen ved inngangsdøra, der det står Frivillighetssentral og Møteplassen. Frå 1952 til 1994 var bygningen Kirkenes bibliotek, - Lærerbiblioteket, heitte det gjerne på folkemunne.


«..hvordan et kulturminne blir til..»
Våren 1942 blei meir enn 1000 lærarar arresterte. 28 kom frå Sogn og Fjordane. Dei hadde alle nekta medlemskap i NS-styrde Norges Lærersamband. 636 fangar blei transporterte til Kirkenes. Minneplata på det tidlegare biblioteket i Kirkenes seier noko om Kirkenes-fangane. Grenselandsmuseet, vel ein kilometers veg lenger unna, fortel meir. Ei eiga utstilling har denne overskrifta:

«KIRKENESLÆRERNE (-) historien om:
Hvordan Quisling ville bruke norske lærere som medium for propaganda om NS.
Hvordan sivil ulydighet fra norske lærere førte til at planene mislyktes.
Hvordan empati og samhold holder motet oppe i vanskelige situasjoner og skaper varige vennskap, og hvordan et kulturminne blir til.

 

Image
Grenselandsmuseet i har ei eiga utstilling om lærarfangane i Kirkenes. Utstillinga fortel og om opninga av det nye biblioteket i 1952; ei gåve til folket i Kirkenes frå norske læarar som takk for hjelp i fangetida, våren, sommaren og hausten 1942.
Datering
2017
Fotograf
Hermund Kleppa
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Utstillinga fortel om kulturminnet;  biblioteket som i 1952 stod ferdig i Kongens gate 10b, Lærerbiblioteket.  Ein innramma fotomontasje frå opninga har fått plass i utstillinga. Dessutan er utstilt  teikningar laga under fangeopphaldet, mellom anna av læraren Herløv Åmland. Eit maleri er signert 1947, Ingebrigt Beinnes, ein av fangane frå Sogn og Fjordane. Boka Kirkenesferda 1942 (1946) ligg også utstilt, ikkje i glasmonter, men framme, til å sjå i. I føreordet står:

«Kirkenes-ferda» er en beretning om læreraksjonen i 1942, og om nazistenes og tyskernes motaksjoner overfor et stort antall lærere. Det er forsøkt å gi et så korrekt bilde som mulig av det som skjedde fra arrestasjonene den 20. mars til siste pulje kom tilbake fra Kirkenes, 8 måneder senere».

To andre kulturminne – minnestøtte og teikningar
Mange arresterte lærarar var ei tid internerte på Jørstadmoen, kring 5 km nord for Lillehammer. I 1992 vart det reist ei minnestøtte på Jørstadmoen, med relieff og innskrift. Relieffet er laga på grunnlag av ei teikning av Herløv Åmland. Innskrifta har denne bodskapen:

VÅRE BARN SKAL VÆRE FRIE  (over relieffet)
SOM VI SELV ER FRIE MENN (under relieffet)

Lærar Herløv Åmland gav 20 teikningar frå Kirkenes-ferda til Noregs Lærarlag (frå 2002 Utdanningsforbundet). Samlinga er no utstilt i Utdanningsforbundet sitt hovudkontor i Oslo.

 

Image
DS «Skjerstad», Vesteraalske Dampskibsselskab, bygd 1925, frakta 499 lærarfangar frå Trondheim til Kirkenes. Båten var sertifisiert for 250 passasjerar. «Skjerstad» gjekk frå Trondheim 15. april og var framme i Kirkenes 28. april. 147 lærarfangar reiste med DS «Finmarken», som gjekk frå Trondheim noko seinare, og var framme i Kirkenes 11. mai.
Datering
1940-1945
Fotograf
Ukjent
Eigar
I Stryn historielag. Årsskrift 2002.

Fleire bøker og artiklar
Kirkenesferda. En gjennomgang (2012) er tittel på eit foredrag på av Sigbjørn Sildnes, presentert på Utdanningsforbundet sin nettstad. Litteratur er eitt av punkta: «Flere bøker er skrevet om læreraksjonen, den virkelige historia mangler kanskje enda?» Nedanfor følgjer  tilvising til nokre bøker og artiklar:

1945
Den første boka om «læreraksjonen» kom ut i fredsåret 1945; lærar Einar Østvedt si bok med tittelen Straff og samhold. En dagbok fra lærernes Kirkenesferd 1942. Boka byggjer på ei dagbok han førde, «en dagbok som med visse avbrytelser er blitt ført under hele straffeekspedisjonen (…). Dagboka er blitt til under til dels vanskelige forhold, i brakker, på skip, i vognskur, hestestall og telt, og er et forsøk på så anskuelig som mulig å gi et bilde av situasjonene og inntrykkenes mangfoldighet.»

1946
Året etter kom «standardverket», Kirkenesferda 1942. Redaksjonsnemnda hadde bede lærarar om å senda inn «bidrag»; forteljingar skrivne etter krigen, og dagbøker og noteringar frå fangetida. «Det var ikke så få som hver for seg samlet sine inntrykk i små, uanselige notisbøker, som var lette å skjule i tilfelle det var nødvendig.» Dessutan må det leggjast til at fleire av fangane «samlet sine inntrykk» i form av teikningar og skisser. Kvart kapittel byggjer på eigne røynsler og kjeldetilfang frå medfangar. Boka er tileigna «sivilfolket i Kirkenes».

1946
Frå lærarstriden er tittelen på ei tredje bok, skriven av lærar Olav Hoprekstad, frå Vik i Sogn. Han var lærar i Bergen i tida 1899-1946; frå 1937 rektor ved Fridalen skole. Hoprekstad var aktiv i oppbyggjinga av lærarfronten i Bergen, men var ikkje sjølv mellom dei arresterte. Hoprekstad byrja alt i krigsåra å førebu ei bok, og hadde manuskript ferdig til trykking straks krigen var slutt. Etter ei generell oppmoding frå Noregs Lærarlag si redaksjonsnemnd om ikkje å gje ut noka bok før deira bok, Kirkenesferda 1942, venta Hoprekstad med si. Frå lærarstriden kom ut straks etter. Boka fortel utførleg om bakgrunnen for arrestasjonane våren 1942, og har også med kapittel om lærarar i tysk fangenskap andre stader enn Kirkenes.

 

Image
Kirkenes 1942. Lærarfangane vart sette til ymse slags arbeid, mellom anna vegarbeid og lossing av skip. Ein mann miste livet under opphaldet, lærar Olav Hole, frå Tjølling. Han fekk eit hiv over seg i eit lasterom.
Datering
1942
Fotograf
Teikning signert A. Bjerck
Eigar
I Kirkenesferda 1942

1982
I Varanger, årbok 1982, står artikkelen I tysk fangenskap for 40 år sidan, skriven av Kjell Bondevik, frå Leikanger og Sogndal. Kjell Bondevik, betre kjend som rikspolitikar enn lærarfange i Kirkenes 1942, var lektor ved Sauda høgare allmennskule då han vart arrestert. I artikkelen fortel han om fangenskapet og om lærarfronten mot Quisling og Nasjonal Samling sitt førsøk på å gjera skulen til reiskap for nazifisering av landet.

«Då landet vårt vart okkupert av tyskarane i 1940, sette dei seg som mål å føra folket vårt attende til arisk heidenskap. «Herrefolket» skulle ha lakeiar, som sto med hatten i handa og var ein lydig reiskap for det «nye» Europa. Dei norske lærarane tok opp striden mot diktaturet og fekk visa veg fram til det som vart ein endeleg siger for folket vårt.»

1994
Kirkenes-ferda 1942, av lærar Ingebrigt Beinnes, står i Årsskrift 1994 Stryn Historielag. Artikkelen stod først i heftet Jul i Nordfjord. Beinnes fortel mellom anna om hendingar han sjølv var med i eller var vitne til, til dømes om då han om bord i DS «Finmarken» saman med nokre andre bad til Gud for ein medfange som var så sjuk at han trudde han skulle døy. «Om ei stund sa han: «Eg trur eg blir god att».

1995
Med lærarane på ferd til Kirkenes, av lærar Guttorm Brekke, Vik i Sogn (bladet Pridlao, 2/1995). Artikkelen inneheld allmennt om lærarfronten og særskilt om lærarfangane frå Sogn og Fjordane (sjå lenger nede).

2002
Kirkenesferda, eit sekstiårsminne, av Magne Dragesæt, står og i Stryn Historielag sitt årsskrift, 2002. Artikkelen har ikkje kjeldetilvising, men i det store og heile er artikkelen eit greitt resyme av boka Kirkenesferda 1942.

2003
Motstandskampen i skolene 1940-1942, skriven av Leiv Brynjulv Aarthun og Sigurd Aarthun. har som undertittel: Lærerstriden mot nazifiseringen. Forfattarane arbeidde i fleire år med å samla inn kjeldetilfang. Boka er rikt illustrert og har både personregister og stadregister.

2011
Terror in the Arctic er skriven av Bjarnhild Tulloch, fødd 1935. Ho voks opp i Kirkenes, og busette seg seinare på Shetland. Eit kapittel har tittelen The teachers rebellion. Bjarnhild fortel at far hennar tok lærarfangane si stode nærast som ei personleg fornærming, og kom til med hjelp så langt han var i stand til det:

«.. he was always on the outlook for extra clothing, a pair of socks or mitts and, of course, food to make up a parcel with Mother’s help. The parcels could not be too large – that would draw attention to those who tried to help. It was easier to get close to the teachers from the camp in Kirkenes. The locals would find a reason for walking or cycling past, when the teachers were working on the roads. In passing, they conveniently «lost» a parcel when the guard wasn’t looking. Some «good» guards would turn their backs, whilst others watched like hawkes. However, people were always looking for new ways to help the teachers.»

2016
Boka Fars kamp mot nazismen i skolen 1942-1945 (2016) er skriven av Arne Åmland, son til Kirkenes-fangen Herløv Åmland. Lærar Åmland var kunstnar, han teikna og måla. Mange av illustrasjonane i Kirkenesferda 1942 er signerte Herlov Åmland. Då Åmland døydde i 1995, etterlet han seg «en stor bunke tegninger og skisser» samt dagbøker og notat. Boka er ein presentasjon av Herløv Åmland «sine inntrykk» frå Kirkenes-ferda. (Åmland vart elles arrestert seinare i krigen, mellom anna for på eit møte å ha endra på eit ord i eit kjent vers, «SNART er det i Noreg atter dag» i staden for: «NO er det i Noreg atter dag.»)

Lærarar frå Sogn og Fjordane
Dei arresterte lærarane frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Bergen, vart først samla og internerte på Sydneshaugen skole i Bergen. Olav Hoprekstad (1946) opplyser at 28 lærarar kom frå Sogn og Fjordane. Ikkje alle vart sende til Kirkenes. Lista nedanfor med 23 namn er for det  meste laga frå lister i bøkene Kirkenesferda 1942 (1946), Straff og Samhold (1945),  Motstandskampen i skolene 1940-1942 (2012) og Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945. (2005).

 

Image
Ingebrigt Beinnes (1885-1971), var lærar ved Eide skule, Olden, (Innvik kommune (frå 1964 Stryn kommune) då han vart arrestert. Beinnes var sanitetsmann, både på DS «Finmarken», som han reiste med, og under opphaldet i Kirkenes. Portrettet står i boka Kirkenesferda 1942, og er teikna av ein medfange.
Datering
1942
Eigar
I boka Kirkenesferda 1942.

Sigurd Arøy, Fjaler
Johannes Barsnes, lærar, Trudvang skule, Sogndal.
Ingebrigt Beinnes, lærar, Eide skule, Olden, Stryn.
Guttorm Brekke, lærar, Bødalen, Vik.
Johan Bø, Stryn, frigjeven i Bergen grunna sjukdom

Oddleif Fagerheim, lærar, Fjaler framhaldsskule, Dale, Fjaler.
Sigurd M. Fjøsne, lærar, Flahammar skule, Luster.
Jonas B. Flatjord, lærar, Sande skule, Gaular.
Leiv Hellebø, lærar, Norevik skule, Kyrkjebø.
Nils Hellesnes, lektor, Firda gymnas, Sandane, Gloppen.

Jørgen Hæreid, lærar, Farnes skule, Årdal.
Ingolf Håland, lærar, Høyanger.
Hans Håvik, lærar, Guddal skule, Fjaler.
Andreas Kringlen, lærar, Høyanger folkeskule, Kyrkjebø.
Tor Meland, adjunkt, Florø «h. skole», Florø.

Hjalmar Mo, lærar, Luster.
Nils Nordahl, Naustdal.
Daniel Nordheim, Ullaland skule, Naustdal.
Per Reinen, lærar, Høyanger folkeskule, Kyrkjebø.
Magnus Sandøy, lærar, Stubseid skule, Yndestad, Askvoll.

Ola Sørebø, lærar, Rivedal skule, Holmedal, Fjaler.
Olav Tjønn, lærar, Bolstad skule, Skjolden, Luster.
Julius Øvreseth, Stryn.

«Avgarde i mars 1942»
Lærar Guttorm Brekke sin artikkel i bladet Pridlao, Vik, byggjer på standardboka Kirkenesferda 1942, men har og innslag av eigne røynsler og minne. Mange stader i landet måtte lærarane fylgja med den eller dei som kom på døra med arrestordre, med ein gong. «Her i Sogn fekk me likevel tid til å omrøma oss, og det visseleg takka vere politimeisteren», fortel Guttorm Brekke. Vidare høyrer me at lærarane frå Sogn og Fjordane reiste med rutebåt til Bergen i to puljer. I Bergen vart dei tekne til den første interneringsstaden, Sydneshaugen skole. Brekke fortel om ferda frå Bergen til Austlandet, først eit kort opphald på Grini, deretter Jørstadmoen, transporten med tog til Trondheim, den nesten tre veker lange reisa med DS «Skjerstad» til Kirkenes, om fangetida, og heimreisa. Eit avsnitt handlar om då kommissarisk statsråd Riisnæs besøkte Kirkenes-fangane. Han var på ein måte Guttorm Brekke sin sambygding.

«Vitjing av Riisnæs»
Sverre Riisnæs (1897-1998) voks opp i Vik i Sogn. Som justisminister i Quisling si komissariske NS-regjering reiste han i august 1942 til Kirkenes. Oppgåva var å få lærarfangane til å forstå sitt eige beste, å melda seg inn i NS-styrde Norsk Lærarsamband. Guttorm Brekke fortel mellom anna:

«Me var samla i den tyske festsalen, og stod oppstelte i 5 rader på kvar side då (…) [Riisnæs] kom inn i fylgje med ein flokk tyske offiserar. Han tala, skremde og lokka , bortimot to timar. Ville me koma frå Kirkenes med livet, kunne me skriva til minister Riisnæs, Oslo, så skulle han hjelpa til med å få oss derifrå. Det såg ut til å ta hardt på han å halda tale til oss, og han smaka ofte på vassglaset. (…) Eg trur ikkje han fekk eit einaste brev frå Kirkenes-lærarane.» 

«mykje å takke dei for»
Det passar å avslutta denne artikkelen med siste avsnittet i artikkelen til Magne Dragesæt (2002). Han oppsummerer med at lærarfangane i Kirkenes vart sende sørover i tre puljer, 29. august, 16. september og 4. november 1942 .

«Kampen om den norske skulen var no førebels fullførd, og nazistane prøvde heller ikkje seinare under okkupasjonen å setje i gang liknande aksjonar. Det norske folket har mykje å takke dei for, dei som stod i fremste lina i denne striden. Og vi bør aldri gløyme Kirkenesfangane for deira tapre innsats.»

Hoprekstad, Olav: Frå lærarstriden. 1946 (Digital utgave)
Kirkenesferda 1942. 1946 (Digital utgave)
Bondevik, Kjell: I tysk fangenskap for 40 år sidan. I Varanger, årbok 1982. 1982.
Tulloch, Bjarnhild: Terror in the Arctic. 2011
Dragesæt, Magne: Kirkenesferda, eit sekstiårsminne. I Stryn historielag Årsskrift 2002
Beinnes, Ingebrigt: Kirkenes-ferda 1942. I Jul i Nordfjord/Stryn historielag Årsskrift 1994