Skytestilling på Hesthaugen

Firing position at Hesthaugen.

Skytestilling på Hesthaugen (Svein Nord).

Vinappen

Vinappen ligg på eit lite høgdedrag heilt vest på øya. Her er det eit fantastisk panorama mot havet. Området var opphavleg beiteland for kyr, men dette endra seg då tyskarane okkuperte øya. Like før andre verdskrigen var det her ein liten peilestasjon, som vart brukt av det norske kystartilleriet i samband med øvingar på sjøen.

Området ved Hesthaugen, like aust for Vinappen, har vore eit viktig område for lostenesta på Fedje. Frå 1929 og fram til 1970 var det ein kyststasjon på sjølve Hesthaugen. På same plassen var det ei hytte for nøytralitetsvakter under første verdskrigen. Kystvaktstasjonen var operativ med ei vaktgruppe på 6 mann, frå hausten 1939 til våren 1940. Då overtok tyskarane kommandoen over Fedje. Vaktgruppa hadde som oppgåve å rapportera skipstrafikken ved Fedje. Utanom krigstida hadde 4 mann fast løn for å vera disponible i tilfelle unntakstilstand.

I 1992 vart det etablert eit anlegg for brannvern og røykdykking i Vinappen. Administrasjonsbygget er det gamle «Kvite hus», eit bygg som under krigen vart bruka til å husa to store generatorar. Det er sikkerhetssenteret på Fedje som står ansvarleg for dette anlegget. Dei driv med tryggleiksopplæring for sjøfolk, og har hovudbasen sin ved hamnebassenget.

Nokre veker etter at andre verdskrigen starta, kom det ein båt med tyske soldatar og to kanonar som vart plasserte i Vinappen. Eit 40 m høgt radartårn vart reist der huset til los Martin Karlsen stod. Her fekk tyske fly hjelp til å finna vegen til Herdla flyplass på Askøy.

 

Forsvarsanlegget er avgrensa til nordre og søre Vinappen og Hesthaugen. I tillegg var det eit mindre anlegg i Toskarhaugen. I Vinappen og Hesthaugen hadde ein kontroll over sjøvegen frå nord og sør, og området var avgrensa med gjerde og minefelt. Einaste tilgjenget var gjennom den bevakta porten. Det vart utferda passersetel til dei som hadde beiteområda sine innanfor gjerdet. Inne på området heldt kystartilleriet og luftvåpenet til. Avdelingane hadde kvar sine anlegg; offiserane hadde felles offiserbrakke. På det meste var om lag 400 tyskarar stasjonerte på Fedje.

 

Det er framleis mange krigsminne att frå forsvarsanlegget på Fedje. Det vart bygt losstasjon på tuftene til radartårnet, og matbrakka i Hesthaugen vert no nytta som ungdomshus i regi av bygdelaget.

Sjå også

Andre stader i kommunen