Det samanbygde anlegget på Hopland (Svein Nord)

The extended farm dwelling at Hopland

 .

Hopland

Gardshusa på bruk nr. 15 på Hopland er bygde i hop til ein lang samanhengande bygning, med stovehus, løe og flor liggjande på rekkje. Det har funnest mange slike samanbygde anlegg i kystbygdene, men i dag er det få att av dei. Kjem vi over til den andre sida av Nordsjøen, til Færøyane, Shetland og Orknøyane, finn vi tilsvarande trekk i den eldre byggjeskikken. Vi er i eit stort nordatlantisk kulturområde.

Stovehuset, bygt i 1851, er ei lemstove med kjøkken og gang i midten og ei steinmurt skykkje i den sørvestre gavlen. Den grindbygde løa ligg innanfor ein stor gråsteinsmur mot sørvest, mot slag­regnet og dei harde vinterstormane. Den tømra floren står inne i løa, og på austsida er det ei langsgåande sval mellom stavrekkja og ytterveggene. Det er interessant å kunna konstatera slektskapen i bygningsformer på gardane i det treberre kystlandskapet på begge sider av Nordsjøen. Bruken av stein er naturleg nok enno meir utbreidd på Shetland enn på den norske vestkysten, men den same form for økonomisering med ressursane finn vi både i kystbygdene på Vestlandet og på Vesterhavs-øyane.

På garden Hopland vart for eit par manns­aldrar sidan funne 26 flintskiver – flatvorne, skarpkanta flintstykke. Dei låg tett saman i jorda, om lag som dei skulle ha lege i ein pose eller vore innpakka i noko som no var vitra og borte.

 

Fleire liknande funn er kjende, både frå Vestlandet og landet elles. Flint­skivene er mest alltid av god kvalitet og er tydeleg utvalde med særleg omhug. Dei er emnestykke, halvfabrikata – ikkje ferdige reiskapar – og er lagde ned samla, gjerne i myr eller våtlend mark. Det er nærliggjande å tru at dei var tiltenkte ein guddom eller eit vette som offer.

 

Slike flintoffer var særleg vanlege mot slutten av yngre steinalder. Funnet frå Hopland kan daterast til mellom 2400 og 1800 år f.Kr.

Sjå også

Andre stader i kommunen