Datering
06.12.0217
Fotograf
Redningsselskapet
Eigar
Kjelde: Flickr (https://flic.kr/p/CzkYJp)
Lisens
CC BY-NC-SA

Kråkenes fyr

I 1906 vart det bygt fyrstasjon på Kråkenes etter påtrykk frå Kristiansund skipperforeining. Fyret ligg lenger vest enn Stad og er det mest vêrharde på norskekysten. Under krigen vart bomba av dei allierte og bygt opp att kring 1950. I dag er Kråkenes og eit populært turistmål.

Ynskje frå Kristiansund skipperforeining

I 1892 hadde Kristiansund skipperforeining understreka at det måtte koma eit fyr på nordsida av Vågsøya. I 1904 kom kravet opp på nytt, og no vart det sett av 42 000 kroner til dette. For desse midlane vart det bygt ein trebygning på 9,7 x 8,2 meter. Fyrlykta vart plassert i tilknyting til stoveetasjen. Det vart òg bygt uthus med arbeidsrom, bod og vedskur. Fyret vart tent den 1. oktober 1906. Kråkenes fyr er først og fremst vegvisar inn til farvatnet Sildegapet på sørsida av Stadlandet.

Kråkenes fyrstasjon ligg på nordvestpynten av Vågsøya, lenger vest enn sjølvaste Stad. Fyret ligg mest vêrhardt til av alle norske fyr. Fyret er òg meteorologisk stasjon. Kråkenes har mange årsrekordar i tal rapporterte kuling- og stormvarsel. Ikkje sjeldan kan dei melda om vindstyrke som overstig orkan som er det høgste instrumenta kan registrera. Fyret ligg 42 meter over havet, men likevel kan bylgjene slå heilt opp. I havet utanfor på skjeret Gamla er det ljos og orgelbøye. Når vind og hav leikar som best, spelar orgelet opp med ei buring som høyrest langt til havs og langt inn i Sildagapet.

The Kråkenes lighthouse station is situated on the north-western tip of the island of Vågsøya, even further west than Stad. Of all the lighthouses in the country this is the one which is most exposed to the elements. It also serves as a meteorological station. It is not uncommon to report of wind forces exceeding the hurricane level which is the highest point instruments can measure. The lighthouse is located 42 metres above sea level, but the waves may even reach this high. Out in the ocean there is a rock called Gamla with a light buoy and a so-called organ buoy. In strong winds and heavy seas, the 'organ' makes a deep sound that can be heard for miles around.

Datering
Ukjend.
Fotograf
Thomas Bickhardt.
Eigar
Thomas Bickhardt.

Familiebustad

Kråkenes fyr var planlagt som eit familiefyr. Her skulle fyrvaktaren bu med kone og born. Fram til 1911 hadde fyrvaktaren hatt 2 vaksne søner buande heime og desse hadde vore til god hjelp. Då dei drog frå heimen, vart det tilsett ein assistent. I 1930-åra vart det sett opp bustad for assistenten 70 meter aust for fyret.

Til næraste handelsstad, som var Raudeberg, var det 7 km sjøveg. Det var mogeleg å gå over land, men vegen var tung og ein måtte rekna med 3 timar kvar veg. Til folkeskulen ved Kråkenesgardane var det 2 kilometer veg.

Det var ikkje lett for folk på fyret å koma til og frå med båt. Landingstilhøva var svært vanskelege. Når dei kom til fyret sjøvegen, måtte båten heisast opp med svingkran som stod på eit høgt landingskar. Derifrå måtte dei dra han på skinner inn til naustet som låg noko høgare. Vegen frå landingsplassen til fyret var kring 500 meter.

Under krigen

Under krigen vart fyret overteke av tyske styrkar. Det kunne vera opp til 100 mann som tok seg av kanoner og peileutstyr. Tyskarane byrja òg å byggja molo, men den vart teken av sjøen. Dei hadde òg planar om ei stor festning med større kanoner, men dei kom ikkje så langt. I 1944 gjekk allierte fly til åtak på stasjonen og skaut sund fyrlykta.

Fyrassistenten som akkurat var i lyktehuset, kom seg så vidt unna. I mars 1945 kom eit nytt åtak. Oljelageret eksploderte og heile fyrstasjonen brann ned til grunnen. Då var det til all lukke ikkje folk i bygningen. Ei provisorisk fyrlykt vart sett opp framføre stasjonen i 1946. Kring 1950 vart alt bygt opp att.

Kråkenes fyrstasjon etter at han vart bygd opp att kring 1950. 1. fyrbustad, 2. betonghus/skjerm framføre fyrlykta og maskinhuset. 3. tidlegare uthus, 4. garasje, 5. oljebod, 6. meteorologisk målestasjon, 7. retning mot naustet som ligg nær 500 meter unna, 8. tidlegare bustad for fyrassistenten. Bustaden på Kråkenes fyr har to rom og kjøken i første etasje og tre soverom i loftsetasjen. I kjellaren er det proviantbod, bad, vaskerom og vanntank. I tårnkjellaren er det verkstad, i første etasje maskinrom, tavlerom og vaktrom.

The Kråkenes lighthouse station after it was rebuilt about 1950. 1. keeper's house; 2. concrete house/ protective wall in front of the beacon and the machine house; 3. former shed; 4. garage; 5. oil storage shed; 6. meteorological station; 7. direction to the boathouse 500 metres away; 8. former house of the assistant.
The main house at the station has two rooms and a kitchen on the ground floor with three bedrooms upstairs. The basement contains a storage room for provisions, a bathroom, a laundry and a water tank. In the tower basement we find a workshop, on the ground floor a machine room, a control panel and a room for the keeper on duty.

Folka i Kråkenesbygda levde og under vanskelege kår under krigen. Om lag 60 tyskarar var stasjonerte på dei 2 gardane. Gardane var gjerda inn av eit belte med 2000 landminer. Folk måtte ha pass for å gå inn og slå si eiga slåttemark. Tyskarane hadde òg eit stort radaranlegg i nærleiken. Murane står enno.

Automatisert i 1986

Kråkenes fyr i kveldsol. - Lyset frå fyret er 45,2 meter over høgvatn og lysvidda er 17,5 nautiske mil. Fyret skal vera tent i tidsrommet frå 9. juli til 28. mai. Veret skifter snøgt her ute mot storhavet. Skiftinga frå mildt hav til naturkreftene sin voldsomme dans, gjer inntrykk på turistane. Dei som har vore på fyret, kjem ofte att.

The beacon is situated 45.2 metres above the sea at high tide and its beam has a range of 17.5 nautical miles. The light must be lit from 9 July to 28 May.
The weather situation may change quickly here by the ocean. The quick changes from calm seas to howling winds and raging seas make a deep impression on the visitors. Those who have come here, often return.

Datering
Ukjend.
Fotograf
Thomas Bickhardt.
Eigar
Thomas Bickhardt.

I 1933 tok ein til å byggja veg over fjellet til Kråkenesbygda. Denne bygde tyskarane ferdig då dei tok over. I 1961 vart fyret kopla til lysnettet til Ytre Fjordane Kraftlag. Då var det slutt med 55 år med dieselaggregat. Aggregatet står no som reserve om det skulle koma straumbrot.

Heilt fram til 1983 var Kråkenes familiefyr der fyrvaktaren og huslyden budde. Då vart fyret såkalla tørnstasjon med fyrvaktarar på skiftordning. Kråkenes fyr vart automatisert i 1986 og har vore utan fyrvaktar frå 1993. Ein tilsynsmann frå Kråkenesbygda har hatt tilsyn med fyrstasjonen dei siste åra.

Turisme

Vegen som tyskarane gjorde ferdig, vart seinare utbetra slik at bilane kunne køyra fram til fyret. Etter kvart vart fyret eit populært turistmål. Vågsøy kommune tok over bygningane og leigde dei ut på åremål.

I slutten av 1990-åra tok Thomas Bickhardt og Bettina Vick frå Tyskland til som vertskap på fyret. Dei tek i mot grupper og einskildpersonar. Dei bur der heile sommarhalvåret og held bygningane ved like. Dei fleste gjestene kjem frå Tyskland. Kråkenes fyr har overnattingsplass til 12-13 personar i dei to bustadene. Frå fyret er det 2 kilometer inn til Kråkenesbygda. Her bur det kring 30 menneske mot på det meste opp mot 100.

  • Edvard Os: Selje og Vågsøy, 1957
  • Birger Bjørkhaug og Svein Poulsen: Norges Fyr
  • Fjord og kyst, nr. 1, 1997
  • Fjordabladet, 9. august 1994