Tilkomst
Stølsvegen gjekk via Gimmestad og Moane til Osen, ytre enden av Langedalsvatnet. Herfrå bruka dei båt eller gjekk råsa vidare til stølen. Dei hadde to "sameignebåtar", tausebåten og tulebåten (Tulen var gjætarguten). Tidlegare gjekk det truleg om lag 1 time å gå til støls. I dag er det bygdeveg eit stykke og skogsbilveg vidare opp til Osen (bomveg). Mange friluftsfolk brukar denne vegen. Dei kan og ta ein annan bomveg om Veslevatnet til Fitje vårstøl med rås over ytste skaret til Arnestadstøylen.
Bruk av stølen
Det var sagt at budeiene arbeidde og låg i selet, men tylen (gjætarguten) måtte finne seg sengeplass på fjøslemmen. Stølstida var truleg frå jonsok til midt i september. Arnestad skal og ein gong hatt vårstøl på Arnestadnakken. Restane av ei hytte stod der fram mot krigen. Beitet var på begge sider av vatnet. Dette var likevel inga hindring i å utnytte beitet på ein fullgod måte. Kyrne symde greitt over. Likevel var det gjerne slik at kyrne først og fremst nytta godversdagar til beitedagar "bortafor" vatnet. Kyrne var flinke til å registrere når det var uver i vente.
På den andre sida av vatnet var ei innhegna kvie der kvar hadde si lade til å ha høyet i. Høyet på stølssida av vatnet hadde dei inn på fjøslemmen. Når isen vart sterk nok, køyrde dei høyet heim på slede. Bortafor vatnet var det frå gamalt av ei inngjerda sauekvie med overnattingshus for 2 gjætarar. Om dagen var sauene i Ångsdalen, ein god beitedal som ligg ca 400-500 m høgare. På grunn av rovdyrfare vart sauene drivne ned på kvia om natta der gjætarane passa på. No set stølseigarane denne kvia i stand att med "vandegard" (risgard) og har planar om også å sette opp gjætarhytta.
Nokre fakta
Arnestad indre, gnr. 7, hadde 3 bruk i 1890, medan Arnestad ytre, gnr 8, hadde 5 bruk. På dei to gardane budde det 48 personar i 1865.