Vinteren 1964 miste sju menneske livet i snøras i Hornindalsfjella. Dei var med på anleggsarbeid for Tussa Kraft. Fire andre miste livet i andre ulukker under Tussa-utbygginga i åra 1958-1964. Ved Tussa Kraft sitt 50-årsjubuileum i 1999 vart det sett opp ein minnestein. Tre omkomne var frå Sogn og Fjordane.
Minneplate med 11 namn
Minnesmerket står ved inngangen til Tussa kraftstasjon på Bjørke inst i Storfjorden i Ørsta kommune. Det er ei minneplate festa på ein låg naturstein henta frå anleggsområdet i Hornindal. Minnesmerket blei avduka 12. september 1999 av Oddmund Breiteig, styreleiar i Tussa Kraft. På minneplata står det namna på dei 11 som omkom:
Anleggsulykker – Bjørke og Tussavatn
Sverre Hoggen 35 år Volda Olav Krumsvik 53 år Volda Sigurd Mork 37 år Volda Pål Aakre 56 år Bjørke
Snøskredulykke i Lisjedalen 24. januar 1964
Olav R. Brendefur 54 år Hornindal Arnold A. Dyrendal 45 år Rissa Magnus Solheim 34 år Florø
Snøskredulykke i Hjortedalen 7. februar 1964
Kåre Bjørke 28 år Bjørke Dagfinn Bjørlo 43 år Nordfjordeid Arne Høiås 57 år Stjørdal Ole Saure 29 år Bjørke
Image
Minneplata med namn på dei 11 som omkom i Tussa-utbygginga 1958-194. (Biletet vart teke 4. april 2012. Det hadde snødd natta før slik at minneplata var dekka av eit 15 cm tjukt snølag.
Datering
2012
Fotograf
Hermund Kleppa
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Image
Inngangspartiet til Tussa Kraft sin kraftstasjon på Bjørke, inst i Storfjorden, Ørsta kommune. Minnesteinen står til høgre for turbinhjulet (utafor biletkanten).
Datering
2012
Fotograf
Hermund Kleppa
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Anleggsarbeidet på Hornindalssida av fylkesgrensa
Tussevatnet er hovudmagasinet til Tussa kraftstasjon. Ved utbygginga vart det overført vatn frå Hornindalssida ved såkalla takrenneprosjekt. Det vart sprengt ut eit 15 kilometer langt tunnellsystem. Entreprenørfirmaet Jernbeton hadde ein «rigg» i Hjortedalen og ein i Lisjedalen. I jubileumsboka til Tussa Kraft (1999) står det om dei to rasulukkene:
Fredag 24. januar 1964
«Lisjedalen fredag ettermiddag 24. januar. Fire mann hadde nettopp kome ut av tunnelen etter å ha fyrt av ei dynamittsalve i tunnelen som går frå Lisjedalen til Skipedalsvatn. Dei sat og drakk kaffi i ei kvilebu då snøskredet var over dei før dei rakk å reagere. Knut Eide kom seg omsider fram av snøen og ned til anleggsbrakka ved eiga hjelp og fekk slått alarm, men Olav Brendefur, Hornindal, Arnold Dyrendal, Rissa i Sør-Trøndelag og Magne Solheim, Nordalsfjorden, vart seinare funne omkomne under snømassane.»
7. februar 1964
[Etter ulukka vart anleggsleirane i Lisjedalen og Hjortedalen evakuerte, men etter synfaring 27. januar vart anleggsarbeidet i Hjortedalen starta opp att].
«Hjortedalen fredag 7. februar. Store snømengder gjorde at dei ville evakuere Hjortedalen på ny. Det meste av arbeidet var innstilt. Men arbeidarane hadde ikkje rukke å kome seg derifrå då Langeskredfonna frå Aksla ved 14.30-tida smadra to av Jernbeton [entreprenørfirmaet] sine bygningar. Fire mann mista livet: Kåre Bjørke, Stranda, Ole Saure, Bjørke på Sunnmøre, Arne Høiås, Stjørdal og Dagfinn Bjørlo, Nordfjordeid.»
Image
«Tragisk 30 års minne»: Fjordingen (Stryn) hadde omtale av hendingane 7. februar 1994.
Datering
1994
Fotograf
faksimile
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
«veldige krefter»
I fylgje Fjordabladet (Nordfjordeid) sitt oppslag om den første ulukka, var skredet 60-70 meter breitt. Kvilebrakka med dei fire arbeidarane vart slegen til pinneved, førd utfor skråninga og eit par hundre meter nedover i dalbotnen. «At det var veldige krefter som var i arbeid viser det at eit lokomotivsett på sju vogner, kvar på 4,5 tonn, vart kasta utfor skråninga». Ein av arbeidarane kom frå hendinga med livet:
«Knut Eide [frå Olden] kom frå den nifse hendinga uskadd. Han er ein kraftig kar og har hatt hellet med seg, for såvidt som den eine veggen i brakka vart riven ut av skredet. Ved denne veggen sat Knut Eide, og han vart dermed ført nedover av skredet. Dei som omkom har fått den øvste veggen i brakka over seg og har vorte liggjande fasklemd, og med 3 meters høgt snølag over seg. Dei har ikkje hatt den minste sjanse til å grava seg ut på grunn av brakkeveggen som har klemt dei fast.»
Knut Eide tok seg fram til hovudleiren som låg ein kilometer frå ulukksstaden, og fekk varsla om ulukka. Folka der hadde ikkje merka noko til raset. Mannskap frå Stryn hjelpekorps kom til staden med sjukebil, hjelpeutstyr og 25 mann. Dei fann dei omkomne tre meter under snøen.