Slik såg Stryn sentrum ut før miljøgate-prosjektet starta i 1992. Gata var prega av såkalla villparkering og vanskelege forhold for fotgjengarane. Staden var lite triveleg.
Datering
1992.
Fotograf
Kjell Opheim.
Eigar
Statens vegvesen Region Vest.

Miljøgata i Stryn - trivelegare tettstader

I 1991 vart Stryn sentrum og fire andre tettstader i landet valde ut til å vera med i prøveprosjektet Miljøprioritert gjennomkøyring. Målet var å omskapa sentrumsområde til å bli penare, hyggelegare og tryggare stader å opphalda seg. Stryn konkurrerte med over 50 andre prosjekt.

"Prærielandsbyar"

På 1980-talet kom det fram ein sterk, landsomfattande kritikk mot utsjånaden av tettstadene våre. Mange vart kalla "prærielandsbyar", og det vart hevda at dei heilt mangla identitet. I kjølvatnet av dette vart merksemda særleg retta mot tettstader med gjennomgåande riksveg. Slike stader var gjennom lang tid i hovudsak utvikla på bilismen sine premissar og var trafikkfarlege for mjuke trafikantar. I det heile var dei lite trivelege plassar for lokalbefolkninga.

Samarbeidsprosjekt

Stryn sentrum var ein slik stad. Hovudfartsåra for Nordfjord, riksveg 15, gjekk gjennom sentrum. Både vegvesenet og kommunen ønskte å ta fatt i problema med den stadig aukande gjennomgangstrafikken.

Omsyn til lokalmiljøet

Arbeidet med miljøgata starta i august 1992 og var ferdig i august 1994. Målet var at gjennomgangstrafikken skulle ta omsyn til lokalmiljøet og dei mjuke trafikantane. Mange av tiltaka låg i eller nær riksvegen, og omfatta rundkøyringar, parkeringsplassar, gang- og sykkelvegar og grøntareal. Statens vegvesen hadde sett av 13,4 mill. kroner, men prosjektet kosta 23,5 mill. kroner. Prosjektet voks under vegs, av di fleire ting vart trekte inn. Stryn kommune fekk ein kostnad på 4 mill. kroner til omlegging i vatn- og kloakknettet. Norsk Kulturråd gav 0,5 mill. kroner i støtte. Fleire partar var trekte inn i prosjektet, mellom anna var kunstnarar med og utforma detaljane.

Image
Ved hjelp av murar, lysarmatur, plassar med benker og planter, er det prøvd å skapa ei gate som påverkar trafikken til ein meir defensiv køyrestil. Her er nye gatelys med spesialdesigna stolpar. Legg merke til detaljane på fortauet. Vakre detaljar var ein viktig del av prosjektet. Ingen vil i dag kalla Stryn ein "prærielandsby". Stryn sentrum står fram som moderne og velfungerande - og er samstundes pen å sjå til.
Datering
1995.
Fotograf
Bjarte Skaugseth.
Eigar
Statens vegvesen Region Vest.

Per Bolstad plass

Det var eit ønskje å gjera plassen rundt Per Bolstad-minnesteinen, like ved hovudgata, til ein samlingsstad. Materialvalet var viktig. Naturstein i samspel med tre, buskar og blomar vart viktige element for å skapa eit triveleg miljø. Utelivet i sentrum har teke seg opp etter ombyggjingane. Dette gjeld så vel dagtid som kveldstid. Uteserveringsstadene er og blitt meir attraktive ved at dei vart innarbeidde som ein del av prosjektet.

Image
Opprustinga av Per Bolstads plass, bak hovudgata, var og ein del av prosjektet.
Datering
1995.
Fotograf
Bjarte Skaugseth.
Eigar
Statens vegvesen Region Vest.

Tettstadfornying andre stader

Tettstadfornying vart i langt større grad vektlagt i 1990-åra. Estetisk og trafikkmessig opprusting har skjedd i andre tettstader, som Dale sentrum i 1991, og Byrkjelo sentrum i 1999. Miljøgata på Grodås var ferdig i 2002. Tettstadene framstår ikkje lenger berre som riksvegkryss eller trafikkfarlege gjennomkøyringar, men som trivelege plassar med identitet. Mange tettstader i Sogn og Fjordane har i dag fått eit grønare og meir trafikksikkert miljø enn tidlegare.

Har miljøgatene fungert?

Undersøkingar av dei stadene som har vore med i tettstadopprustninga viser ei positiv utvikling. I dag går biltrafikken i Stryn på lokalmiljøet sine premissar. Gatene er ikkje blitt flaskehalsar for trafikken, farten er låg og jamn, og samstundes trafikksikker. Miljøprosjektet i Stryn gav mange konkrete innspel i debatten om betre sentrumsløysingar andre stader i fylket og i landet elles.

  • Svangstu, Olav: Miljøgate i Stryn. I Vegstubben, s.12, nr. 4 1991.
  • Svangstu, Olav: Miljøgata i Stryn-arbeidet er i gang. I Vegstubben, s. 3-5, nr. 5-1992.
  • Handeland, Olav: Miljøgata i Stryn er ferdig. I Vegstubben, s. 22-23, nr. 5-1994.
  • Opheim, Kjell og Svangstu, Olav: Miljøgate-tiltak for betre trafikktryggleik og miljø, Statens vegvesen Sogn og Fjordane 1996.