Dei solvende torskeberga i Pollen var gode å arbeide på og ein glimrande tørkeplass. Her var godt tilflot og god plass for fisk. Dessutan låg Simmerøyna så nær til at same føringsjekta og arbeidslaga kunne operere på begge plassar om det høvde slik.

The sunny cod rocks at Pollen were good places for work and excellent for drying. The approach was easy, and there was plenty of room for the fish. In addition, the island of Simmerøyna was so close that the same sloop and work team could operate in both places.

Datering
2001.
Fotograf
Hans H. Steinsund.
Eigar
Hans H. Steinsund.

Klippfisktørking i Solund

På fleire plassar i Solund tørka dei torsk på berga. Fisken kom flakt og salta med jekter frå Lofoten i april/mai. Friske hender vaska, vende og stabla til det ferdige produktet endeleg kunne førast til Bergen for sal.

Same jektene frå år til år

Fisken vart tørka på flate, solvende berg ved sjøen. Årvisst kom jekter til plassar som Tungodden, Pollen, Litle-Færøyna og Nordre Kråkeneset. Kor langt attende tørkinga her sør har gått før seg, er uvisst. På Tungodden vart det iallfall turka fisk på slutten av 1800-talet. Ein gutunge som var med i arbeidet der på Oddeberga, skreiv seinare at det kom 2-3 tysnesjekter dit med fisk kvart år. På berga i Pollen, frå Pollevika til Strembeneset, vart tørka fisk fram til 1931. Til Nordre Kråkeneset kom same hardangerjekta 8-9 år, fortel ein som deltok som gutepøyk på Kråkenes-flæene nordvest for Nilsvika. Mosen på berga skrapa, salta og børsta dei vekk.

Den tid det var klippfisktørking på Simmerøyna, budde det ein huslyd på småbruket her. Oppe på høgste knausen heiste dei flagg når arbeidsgjengane på torskeberga skulle stille. Dei fleste nærgrendene låg slik til at dei kunne sjå flagget. Så var det berre å hive seg på årane og komme på plass litt brennkvikt.

At the time when clip fish was dried on the island of Simmerøyna, a family lived there at the small farm. On the highest knoll, they ran up a flag when it was time for the work teams to get to work at the cod rocks. Most of the close communities were located so that they could see the flag. Then they hurried to the rowboats and came very quickly.

Datering
2001.
Fotograf
Hans H. Steinsund.
Eigar
Hans H. Steinsund.

Lasta over i robåtar

Når jekta kom, losa dei henne først til trygg fortøyingsplass. Så stilte folk med færingar og seksringar ved skutesida. Kvinner, born frå 11-12 års alder og menn deltok, gjerne i arbeidslag. Først lempa mannfolka fisken or rommet og opp på dekk. Så derfrå og ned i båten. Her måtte det teljast for dei fekk ein viss sum for kvar 100. Når dei hadde manøvrert båten fram til vaskeplassen ved tørkeberga, kasta dei fisken opp i fjæra for å bløyte han. Ved Tungodden passa borna på at ikkje "sua" (sjødraget) drog fisken for langt ut! Først når fisken var blaut, kunne han vaskast gullande rein.

Med samantova ullvottar til knes i sjøen

Mannfolk i oljebukse og sjøstøvlar sette seg i fjæra, kvinner stod på knea med oljeforkle på. Vaskeprosessen tok fleire dagar. Fisken kasta dei over hovudet bak seg og opp i berget. Då var det ungane sin tur å bere han flofritt. Deretter skulle han hompast, dvs. dei la eit langt lag med skinnsida på berget, neste lag med skinnsida opp. Hompen kunne vere lang, og kring halvmeteren høg. Han vart ståande slik nokre dagar. Så snart dogga var borte frå berget om morgonen, var det å leggje fisken utover til tørk. Var det godt vêr, vart han snudd utpå dagen.

Her tek arbeidsgjengen på Litle-Færøy pause i fiskevendinga. Elisabeth Marie Råke smør seg ei skive, og Anna Strand har funne fram spøtet. Ho er mor til dei to borna på biletet, Arne og Jenny som er i 4-5 årsalderen. Alle er frå grender og holmar i nærområdet.

A work team on the island of Litle-Færøy takes a break from turning fish. Elisabeth Marie Råke is putting butter on a slice of bread, and Anna Strand has taken out her knitting work. She is the mother of the two children in the picture, Arne and Jenny, who are 4-5 years old. They are all from communities and islets in the neighbourhood.

Datering
Ca. 1925.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Jorunn Ravnøy.

Seige arbeidstørnar

Om kvelden skulle han hompast att. Når fisken vart turrare og stiv, sette dei han saman to og to. Etter ei tid vart han sett i stakk. Borna bar han til rettes. Det var eldre koner som best kunne kunsten å leggje fisken i runde stakkar. Når vaksne ikkje nådde opp lenger, vart det lagt dekke på av russenever, som var i store flak, og oppå der att rikeleg med stein. Dagane gjekk med å leggje utover, snu og om kveldane staple i stakk. Folk rodde lange vegar morgon og kveld, dei fleste måtte tampe seg fram over vêrharde osar.

Høgtidssam avlønning

Då fisken endeleg var tørr, skulle han om bord att. Mannfolka bar han på bårer ned berga og innpå ein større båt, oftast ein søring. Det var også menn som lempa fisken opp på jektedekket. Skipperen peika ut dei konene som nøyaktig skulle staple fisken i rommet. Likeins dei ungane som skulle jobbe på og under dekk. Under lasting serverte kokken smørbrød og kaffi!
Når skuta var lasta, gjekk ein og ein ned i kahytta til skipperen og fekk oppgjer. Kvinnene fekk 80 øre dagen. Mennene fekk litt meir. Seinare gjekk betalinga opp i 1,20 kr om dei var dyktige. Borna fekk 40 til 60 øre, og 80 frå konfirmasjonsalderen. Alt var på eigen kost.

Her på Tungodden var mange berg å tørke fisk på, men dei fleste låg utsett til for sjøborden. Alle utanfrå som møtte på vaske- og tørkeplassane her, hadde ein særs vêrhard og lang rotur til og frå arbeidsplassen. "Så var det å ro den halve mil (7 km) hjemover etter den lange arbeidsdag", skriv Olai Stensund som deltok på Oddeberga som gutunge, saman med faren.

At Tungodden, there were a number of rock sites to dry fish on, but most of them were weather-exposed. All those who came to the washing and drying places there had a very weather-exposed and long rowboat trip to and from work. "Then came the long rowboat trip the seven kilometres home after the long hours at work," Olai Stensund writes, who as a boy worked at Oddeberga with his father.

Datering
2001.
Fotograf
Hans H. Steinsund.
Eigar
Hans H. Steinsund.