Byordninga og årshjulet
Byordninga tek utgangspunkt i Bergen by. Og lovparagrafane gjev rik informasjon om Bergens geografi og topografi i mellomalderen. Tid er eit anna styrande organisasjonsprinsipp i byordninga. Sett i dagens forvaltningsperspektiv har byordninga innebygd eit «årshjul». Første og siste dag i årshjulet var bymøtet på St. Tomasdag, som alltid fall på 21 desember. I og med byskipinga var organisert så konkret i tid og rom, kan ein spekulere på om dette var eit retorisk og pedagogisk verkemiddel frå lovgjevars side.
Julefred
Ved bymøtets avslutning på St. Tomasdag skulle det setjast julefred, og julefreden skulle var i 3 veker, dvs. til 13. dag jul (6. januar). Under julefreden auka ein del bøtesatsar til det doble, for å understreke alvoret ved brot på julefreden.
Kjelder til lov og forvaltning
Knapt noko felt i bylova så detaljregulert som jula. Detaljreguleringa av jula kjem særleg til syne i ein versjon av bylova utforma i Stavanger kring 1600. Denne utgåva er også særs verdfull fordi den er ein parallell-versjon av bylovverket på mellomnorsk og dansk. Stavanger er også den byen i Norge der kjeldene frå byforvaltninga på 1500 og 1600-talet er best bevart.
Jula i bylova og praksis i Stavanger
Det samla kjeldematerialet frå Stavanger gjev svar på kvifor jula hadde så sentral plass både i lovparagrafane, i forvaltningspraksis og i «årshjulet». Lova måtte balansere to omsyn –«ferieavvikling» mot lov og orden og ryddige gater. Fem dagar i julefreden blei definert som heilage og med forbod mot arbeid og næringsverksemd. Kjeldene viser at den detaljerte gjennomgang av vaktrunden i vakta skuldast at det ordinære vaktmannskapet (gangvakta) og blei mellombels erstatta av ein julevakter. Julevaktene – «ferievikarane» blei leia av ein julehøvidsmann. Funksjonstida deira var julefreden, normalt frå 21. desember til 6. januar. Julevakta hadde særskilde lønsvilkår og særleg strenge krav til vandel.
Julefogden
Kongens øvste ombudsmann i byen var Gjaldkeren – byens ubestridte leiar. I 1600-tals utgåva av bylova er tittelen gjaldker erstatta med tittelen byfogd. I Stavanger på 1600-talet blei det utnemnd ein julefogd. Julefogden skulle delvis erstatte byfogden under julefredsperioden. Med unntak av eit fåtal saksfelt så avvikla byfogden «juleferie» til 6. januar. Under julefreden hadde Julefogden påtalemakt og skulle føre rekneskap, men elles var byfogd-funksjonane til julefogden avgrensa: «intedt befatte sig met noget byfoget embedt belanger». Kjeldene frå Stavanger viser at julefreden nokre gonger varte heilt til 20. dag jul (13. januar).
Nytt arbeidsår
På første kvardag etter julefreden kalla byfogden inn til lagting, kalla Julelagtinget. Der blei julefogden takka av og eventuelle saker frå julefredsperioden kunne handsamast. Dermed kunne både ordinær bystyring og bydrift starte, og tvistar kunne løyast rettsleg. Og dei kring 40 borgarane som på Bymøtet 21. desember hadde blitt utnemnd til «kommunale» nemnder kunne no skride til verket. I Stavanger blei det på bymøtet St. Tomasdag utnemnd kring 40 borgarar i ulike nemnder og som lagrettemenn.
Å lyse julefred
Bylova 1276 påbaud at julefreden skulle setjast på St. Tomasdag. I Stavanger blei julemøta den 21. desember derfor alltid avslutta med «å lyse julefred». Julefredslysninga var ikkje eit fast formular men varierte litt frå år til år. Nokre gonger var Vår Herre med i lysinga andre gonger ikkje. I 1679 blei julefreden i Stavanger innleia med:
Og dermed sættes efter gammel sedvane julefred, forønskes samtlige, baade gamle og unge, en glædelig jul og et lyksaligt nyaar