Minneplaketten
Minneplaketten er festa med sement i eit naturleg rom i ein berghammar. Det står skrive:
"This plaque was placed * in memory of * Miles Gurzynski * by the * 1984 adventure Dolphin ice cap expedition * of wich he was a member * before his tragic death in a motor accident * In mind constant tought. In heart a silent sorrow."
Omsett: Denne plaketten vart sett til minne om Miles Gurzynski av 1984 Adventure Dolpin ice cap - ekspedisjonen som han var medlem av før hans tragiske død i ei motorsykkelulukke. Alltid i minnet. I hjarta ei stille sorg.
Dolphin ice cap ekspedisjonen
Gruppa var ei av tre i ekspedisjonen med namnet The Dolphin ice cap expedition. Dei hadde førebudd seg eit heilt år. Den fyrste gruppa kom til Bergen i juni og padla frå Bergen til Fjærland i kanoar. Her tok gruppe nr. 2 over. Etappen deira gjekk opp til Flatbrehytta, over Jostedalsbreen og ned i Stardalen, derifrå over Oldeskaret til Olden, og så med kanoar til Sandane. På Sandane tok den tredje gruppa stafetten tilbake til Bergen.
Hadde med seg minneplate
Gruppe to hadde med seg ein av kanoane over breen! På kanoen hadde dei måla eit namn med store bokstavar: MILES GURZYNSKI. Rett før avreisa omkom 17-åringen Miles i ei motorsykkelulukke. Han hadde vore med på førebuingane heile tida og som alle dei andre gledd seg til turen. Ekspedisjonen bestemte seg for å å ta med ei minneplate og heidra han ved ei minnestund oppe på Gallen. Den siste lina i innskrifta er ei helsing frå mor hans: "In mind constant tought. In heart a silent sorrow."
Attende 20 år seinare
Sommaren 2004 kom Christopher Blakey, leiaren for 1984-ekspedisjonen, attende til Sogn og Fjordane. Han hadde med Meg og Roger Layfield som også var med i 1984. Dessutan var Mike og Sebastian Staziker med. Saman med Mike og Sebastian gjekk Blakey opp på Gallen. (Ekteparet Layfield valde å stå over turen opp på Gallen. Turen til Flatbrehytta i Fjærland dagen før sat i beina, og elles hadde dei vore oppe på Gallen i 1994 for å sjå minneplaketten).
Blakey var spent på om dei ville finna plaketten og om plaketten var i god stand. Dei måtte leita ei stund, men fann han til slutt. Plaketten hadde greidd seg godt. Dei pussa minneplata og monterte eit skjermande pleksiglas utanpå. Til heider for Miles - 17-åringen som aldri kom på Gallen - sette dei denne gongen ein bukett myrull i ei bergsprekke ved sida av plaketten.