Arkitekt og arbeidsutval
I 1997 vart sivilarkitekt Claus Lindstrøm tildelt Lærdal kommune sin høgaste ærespris for kulturarbeid, for sine 40 år med uløna arbeid for gamle Lærdalsøyri. – Ein person med lågmælt og roleg stil, men likevel med sterk og kraftig argumentasjon for si sak, sa kultursjef Jon E. Tamnes. Prisvinnaren takka og kvitterte med at det ikkje var berre han å takka. Han nemnde medarbeidarane i Arbeidsutvalget (for) gamle bygningsmiljøer på Lærdalsøyri (GBML).
Arkiv – kjelde til kunnskap
Arbeidsutvalet representerte huseigarane. Arkitekt Claus Lindstrøm var fagleg leiar, og sekretær. Utvalet skapte arkiv. Det oppstod dokument (notat, brev, teikningar, o.a.) som resultat av arbeidet, aktiviteten. Arkivet er ei sentral kjelde til kunnskap om utvalet sitt arbeid. Det vernearbeidet som arkitekt Claus Lindstrøm og GBML utførde var av ein særleg karakter og gav gode resultat. Av dette følgjer at arkivet etter utvalet sitt arbeid, er eit heilt spesielt og særs viktig arkiv.
Miljøverdi
GBML la vekt på å informera om vernearbeidet. Det går fram av arkivet, i brosjyrer og artiklar/omtale i fagtidsskrift og aviser. Frå ei av brosjyrene tek vi med eit avsnitt som seier noko om viktige føringar for vernarbeidet:
”Et planmessig arbeid for vern av de gamle bygningsmiljøene må ta sitt utgangspunkt i at husene skal brukes og beboes. I bevaringsområdene på Lærdalsøyri er det derfor naturlig at eierne utvikler husenes bruksverdi. Forandringer og utvidelser kan bli nødvendig. Dette er det da også tradisjon for i områdene. Det må også i bolighus kunne installeres wc, bad og moderne kjøkkeninnredning med tilknytning til det offentlige kloaknett (..). Men hensikten må være at alt skjer gjennom en kontrollert utvikling der man må ha helheten for øyet. Miljøet og de enkelte hus må utvikles innfor en ramme hvor den kulturhistoriske, estetiske og trivselsmessige verdi bevares og videreføres”.
Døme på omtale av eit einskilt hus
Arbeidsutvalet la vekt på å samla historiske opplysningar om husa. I ei brosjyre om vernearbeidet, 1974, står til dømes om eitt av husa:
”Hus I b 9 var ei sjøbu i to høgder som høyrde til garden Hauge, bruk nr. 3 (Framigarden) Då Anders Hauge i 1840 skøytte garden til sonen Jens, heldt han att ”tvende Nøste paa Leirdalsøren”. Desse ville han som kårmann ha innkoma av sjølv. Dette er eitt av dei. (det andre har me ikkje kunna spora opp). Den tid gjekk nok sjøen like inn til naustet. Sidan er det fylt utanfor. I 2. høgdi var det bustad. I 1864 eig garvar Harald Olsen dette huset. Han var frå n. Aurdal, og har venteleg hatt garveri i fyrste høgdi og butt i andre. Då garvar Olsen bygde seg hus i Barttegjerde og flytte dit, selddee hanhan dette til Anders O. Brattegjerde so selde det att til smed nut Andersen frå Lærdalsøyri. Han hadde smie i 1. høgdi og budde i 2., der han og kona ol opp 13 born. Seinare kjøpte han nr. 10, ”Modlandshuset”, som han budde i. Men smia dreiv han så lenge han levde. No [1975] er det dotterson hans gamle-Knut, Knut Henrik Flornes, som eig huset.
Oppmåling og registrering
Manuskriptet Strandstedet Lærdalsøyri – utvikling og vern, Claus Lindstrøm, 1991, handlar om framveksten av busetjinga på Lærdalsøyri og om vernearbeidet frå 1970. Eit avsnitt seier noko om oppmåling og registrering:
”Siden 1972 har det i sommermånedene pågått kontinuerlig oppmålings- og registreringsarbeid – grunnleggende for vern og senere bygningsmessige utbedringer. I alt er hittil 84 bygninger – av i alt ca 150 – oppmålt og undersøkt. Disse arbeider er i hovedsak bliit utført av arkiteksstudenter, vesentlig fra NTH og Århus. Deres entusiasme og kvalitetsbevissthet har gjennom årene vært en viktig inspirasjonskilde for huseieren, arbeidsutvalg og faglig leder.”
Plan for vern og vedlikehald – 2005
Eit sentralt dokument i arkivet er den trykte publikasjonen Claus Lindstrøm og Inga Lindstrøm: Gamle Lærdalsøyri. Plan for vern, vedlikehold og forvaltning, del 1. (2005).
Innhaldet er delt i fem hovudkapittel: a) innleiing, b) informasjon, c) vernestatus og verdiar, d) utført bevaringsarbeid, og e) framtidig vern og vedlikehald. Om disposisjonen står:
”Hoveddisponeringen er lagt nær opp til den gjeldende mal for utarbeidelse av forvaltningsplan for andre kulturminner/naturminner (..) Først kommer en ren faktainformasjon og her inngår en stedsanalyse. Deretter en gjennomgåelse av den status og de verdier områdene representerer, og en infomasjon om det bevaringsarbeid som til nå har vært utført. Til slutt tar den for seg fremtidig vern og vedlikehold og fremmer forslag basert på erfaringer fra bevaringsarbeidet hittil.”
Meir om arkivet
Då perioden Arbeidsutvalget/arkitekt Lindstrøm var over, rundt 2005, avleverte Lindstrøm GBML-arkivet til Lærdal kommune. Hausten 2010 vart arkivet gjennomgått og nyordna hjå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Arkivet bestod av omslagsmapper, ringpermar, arkivboksar, konvoluttar, kartongomslag, gjennomgåande med noteringar utanpå om innhaldet: møtereferat, rapportar, brev, notat, skisser, oppmålingsdata, teikningar, rekneskapsvedlegg, fotografi.
Eit grunnleggjande prinsipp for bevaring av arkiv er at arkivet til ei arkivskapande eining (i dette tilfellet GBML) skal haldast samla for seg. Det var ei føring for ordningsarbeidet. Ei anna føring - så langt det let seg gjera - å halda arkivet systematisert slik det opphavleg hadde vore gjort. Mange dokument i arkivtilfanget går på einskilde hus i verneområda. Dei er gjennomgåande samla i eitt eller fleire omslag, alt etter mengda. Andre dokument er tekne vare på i emne, t.d. Studentarbeid, eller på ein eller fleire korrespondentar, t.d. Fortidsminnesforeininga.
Etter dette består arkivet av to hovuddelar: a) ein objektdel (dokument ordna på einskilde hus ordna på referanse sett saman av tre ledd: romertal for verneområde, bokstav for felt innafor verneområde, og tal for hus nummer i felt, t.d. Hus I d 1), og b) ein del ordna på emne/korrespondentar.
Arkiv Arbeidsutvalget gamle bygningsmiljøer på Lærdalsøyri har to verdiaspekt, - administrativ verdi og historisk verdi: a) arkivet inneheld informasjon til bruk for den offentlege forvaltninga av verneområda, under eitt, og i høve til kvar huseigar, og b) arkivet er ei kjelde til (historisk) kunnskap om einskilde hus og om verneområda under eitt. Dessutan seier arkivet noko om arbeidet til Lindstrøm/GBML; når arbeidet gjekk føre seg, korleis det var organisert, metodar og hjelpemiddel, kven som var med, osb.
Oppbevaring
Arkiv SFF- Arbeidsutvalget for gamle bygningsmiljøer på Lærdalsøyri er oppbevart i Lærdal kommune, Rådhuset, Sentraladministrasjonen. Det er samansett av 1 arkivskåp (objektdel), 00 arkivboksar og 7 arkivpakkar.