Den private gravstaden på Sørevikane 2012, 13 år etter artikkelen blei skriven.
Datering
2012.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Hermund Kleppa/Fylkesarkivet.

Privat gravstad på Sørevikane

Ein av dei få private gravstadene i Sogn og Fjordane finn me på sørsida av Sognefjorden. Han ligg på garden Sørevik eller Søre Vikum i Høyanger kommune. Anders Hansen Sørevik fekk kongeleg løyve til å oppretta gravstad for seg og familien sin i 1914. Gravstaden er framleis i bruk.

Gravstaden år 2012

Gravstaden på Sørevikane ligg på ein fredeleg stad i utmarka eit lite stykke austafor gardshusa like ved fylkesveg 8 mellom Hest og Oppedal. Han er 15 m lang og 12 m brei, og er omgjeven av gjerde og nyplanta barlindhekk. Ein kvit port fører inn på gravstaden. Her er 6 graver, den eldste frå 1914, den yngste frå 1995. Familien syter for vedlikehaldet. Tidlegare ordna familien også med graving, men no er gravearbeidet overteke av kommunen.

Søknad til Kyrkjedepartementet

Gravstaden blei anlagt i 1914. Den 21.mars skreiv Anders Hansen Sørevik (1863-1952) i dåverande Lavik kommune under på ein søknad til Kyrkjedepartementet om løyve til å anleggja gravstad på garden sin. Stortingsmann Lasse Trædal (Venstre) frå nabobygda Tredal, eit kort stykke lenger ute i fjorden, hjelpte til med å forma søknaden. Trædal sytte og for at søknaden kom fram til departementet saman med ei solid tilråding. Saka fekk rask handsaming med positivt resultat. Alt 30. mai same året sette Haakon VII namnet sitt på kongeleg kunngjering om løyve til oppretting av privat familiegravstad. Før det skjedde, hadde saka vore innom fleire organ: det kommunale helserådet, det lokale kyrkjetilsynet, prostiet og stiftsdireksjonen. Ingen hadde noko å innvenda.

Image
Familiegravstaden på Sørevikane våren 1998. Ein storvaksen granhekk er nyleg erstatta med barlind.
Datering
1998.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Dokumentasjon i Riksarkivet

På Sørevik har dei oppbevart eit vakkert utforma kongebrev på løyve til å oppretta privat gravstad. I Riksarkivet er bevart eit ti-tals saksdokument: søknaden, tilrådinga, fleire departementsskriv, påteikningar og melding om bifald ved Kongelig Resolution af 30. mai 1914.. Her går det mellom anna fram at anlegg og drift av gravstaden må svara til lover og føresegner som gjeld for kyrkjegardar og gravstader elles.

Image
Ei forminska faksimile av Kongebrevet til den private gravstaden i Sørevik. I kunngjeringa går det fram at løyvet gjeld under føresetnad at gravstaden blir forsvarleg innhegna og at dei sanitære tilhøva vert ordna etter tilvising av det lokale helserådet. Det står og at "nuværende og fremtidige" eigarar har plikt på seg til å syta for eit skikkeleg vedlikehald.
Datering
1914.
Eigar
Lilly Sørevik Joranger.

Kvifor privat gravstad?

Etter Lov om kyrkjer og kyrkjegardar av 1898 skulle lik gravleggjast på dei offentlege gravstadene. Det var likevel høve til å søkja om å få oppretta privat gravstad. Anders Hansen Sørevik grunnga sin søknad med a) at dei hadde ein son som leid av uhelbredeleg tuberkulose som det var eit sterkt ynskje å få gravleggja nær heimen når den tida kom, og b) at sjøvegen til kyrkjegarden på nordsida kunne vera hard og uframkomeleg. Det er ikkje mange private gravstader i fylket. Ein grunn kan vera at få søkte, ein annan at styresmaktene var svært tilbakehaldne med å gje løyve.

Image
Gravferd på på slektsgravstaden Kveldro i november 1952. Denne dagen var det Anders Sørevik, f. 1863, som vart ført til siste kvile.
Datering
1952.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Lilly Sørevik Joranger.


Avisa Firda. 11.10.1999.
Riksarkivet:
Kirke- og undervisningsdepartementet, A Kirkegårder, eske 179.