Agastølen ( A. B. Wilse, eigar Norsk Folkemuseum)

Agastølen

Agastølen (A. B. Wilse, eigar Norsk Folkemuseum).

Agastølen

Den som vandrar på vidda, vil frå tid til anna koma framom gamle stølar eller felæger, med trauste grå steinbuer, gjerne halvt inngravne i bakken; ein byggjeskikk som har tradisjonar bakover mot forhistorisk tid. Når vi er mette av urørd natur, er det noko heimsleg å treffa på dei gamle stølane. Dei representerer ein type menneskelege inngrep som vi ikkje berre aksepterer, men som vi set pris på. Dei vekkjer attkjenningsglede, og er eit talande vitnemål om korleis folk i bygdene har nytta sjølv dei mest avsidesliggjande ressursar.

Agastølen i Bjoreidalen er eit gammalt stølsbol; kan henda er utgangspunktet her ei steinbu i samband med eit driftelæger. Ei av dei gamle slepa gjekk her, men det er først på 1800-talet at denne langstølen vart bygd ut med mange hus. I andre halvdel av 1800-talet vart stølen seld til Knut Aga og vart då heitande Agastølen. Truleg er det han som har bygt ut anlegget slik det er i dag: eitt sel med skut og grue, eit anna sel utan eldstad, ei ostebu, ei mjølkebu, eit ystehvis og ein flor.

For å nytta utmarksareala maksimalt hadde gardane i fjordbygdene fleire stølar, i ulik avstand frå heimebøen. Heimestølane var vår- og hauststølar. Desse låg så nær garden at budeia kunne gå heim med mjølka. På langstølane, sommarstølane, budde budeiene i 10-12 veker om sommaren. Her kinna dei smør og ysta ost. Ystinga kravde store mengder brensel, og mange stølar vart flytte etter kvart som skogen vart uthoggen. På stølen vart det òg hausta vinterfór til dyra. Stølsdrifta, med beiting, vedhogst og fórsanking har påverka kulturlandskapet i fjellet.

Agastølen i dag (Svein Nord).

Dei store fedriftene over vidda høyrer seinare hundreår til, men slepa — dei gamle ferdsleårene over vidda — fortel om stor trafikk mellom Hardanger, Telemark og Numedal; ei ferdsle som går heilt attende til mellomalder og forhistorisk tid.

 

Gruvedrifta på Kongsberg hadde mykje å seia for bygdene i Hardanger. Det var folk frå Eidfjord som først fann vegen til den nye store marknaden på Kongsberg på 1600-talet. Vegen over vidda var kort, og sambandet austetter var gammalt. Til Kongsberg drog dei med smør, ost, kjøt og ull; varer som folk i gruvebyen hadde stor trong for. Også hestar til malmtransport og talg til lys i gruvegangane var viktige varer.

 

Handelsferdene austetter følgde dei gamle slepa over vidda. Langs desse finn vi dei mange felægra eller driftelægra, som på Hadlaskard og Halne, der buskapen beita og vart gjødd opp før han vart ført til markadsplassane.

Sjå også

Andre stader i kommunen