Biografi
Jølstring i hjarta?
Gustav Indrebø var son til lærar Ludvig Johannes Indrebø frå Angedalen i Førde, og Severine Malene Gjertsdotter Frøysland frå Haukedalen i Førde. Men Gustav blei fødd i Samnanger i Hordaland i 1889. I 1892 vart faren lærar og klokkar i Jølster, og det var i bygda Årdal Gustav Indrebø levde dei fyrste barneåra sine. Etter sju år i Jølster og to på Sande i Gaular flytte familien i 1901 til Oslo. Gustav Indrebø gifte seg 12. januar 1918 med lærarinne Astrid Olsen, fødd i Kristiania 19. januar 1885. Dei fekk to born, Inger, fødd 14. desember 1918, og Knut fødd 15. mai 1921.
Då Indrebø saman med kona vitja Jølster, sommaren 1942, var han sjuk og måtte ha doktor. Han vart fyrst sendt til sjukehuset i Høyanger, deretter til Betanien sjukehus i Bergen. Det var svulst på hjernen, og Gustav Indrebø døydde 3. august 1942, berre 52 år gamal. Han vart kremert i Bergen og seinare urnesett på Grefsen kyrkjegard i Oslo.
Arbeidssam skuleelev og student
Gustav Indrebø hadde lett for å læra. Han tok eksamen artium på to år, embetseksamen i historie (med norsk og tysk bifag) på 4 år, 1913-1917, begge med utmerka resultat. Han var både intelligent og arbeidsam. Dottera hans, Inger Indrebø Eidissen, kalla han for ein "arbeidsmaur".
Lærar, doktor og professor
Gustav Indrebø arbeidde først som lærar fleire stader. Etter avlagt embetseksamen blei han tilsett som amanuensis ved Riksarkivet. I 1918 blei han utnemnt som universitetsstipendiat i norsk historie og i 1921 dosent i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo. Doktoravhandlinga Innsjønamn i Upplands fylke skreiv han ferdig i 1924. I 1930 søkte Gustav Indrebø eit professorat i vestlandsk målføregransking og fekk det. Han vart og styrar for Folkeminnesamlingi ved Bergen Museum til han døydde.
Ein kjær far
Ein skulle tru at borna ikkje fekk sett stort til far sin sidan han ved sida av dei krevjande offentlege stillingane han fekk, hadde så mange tillitsverv som han gjekk tungt inn i og stadig skreiv talar og utgreiingar. Men dottera Inger Indrebø Eidissen karakteriserte Gustav Indrebø som ein kjær familiefar. Han tok seg tid til å ta vare på familien sin og borna, og trekte dei ofte inn i arbeidet sitt og delte kunnskapane sine med dei.
Sjukdom og krig
Den andre verdskrigen sette merke på Gustav Indrebø. Han fekk dårlegare arbeidstilhøve fordi familien måtte flytte, og han måtte skaffe mat til familien i den vanskelege tida. Gode vener i Årdalen i Jølster sende med han ost og anna mat familien trengde. Det var og i Årdalen familien var då Gustav Indrebø blei så sjuk at han blei sendt til sjukehuset, først i Høyanger og så til Bergen. Den 3. august 1942 døydde han etter berre å ha lege sjuk nokre veker.
Målmannen Gustav Indrebø
"Fyremålet med den norsk målreisingi hev vore å få løyst målunionen med Danmark, og få reist eit sjølvstendigt norsk nasjonalskriftmål." (Gustav Indrebø (1937) i artikkelen God norsk).
Nasjonsbygging som motivasjon for målstriden
Gustav Indrebø (1889-1942) såg på nynorskbruken som ein del av nasjonsbygginga. Han hadde ei sterk oppleving av hendingane i 1905, seinare ei sterk nasjonalkjensle. Men det var ikkje før han vart elev på Oslo lærarskule at han lærde å skrive nynorsk. Då hadde han målmannen Olav Midttun (1883-1972) som norsklærar. Gustav Indrebø var truleg den flinkaste eleven Olav Midttun hadde hatt. Indrebø var oppvaksen med sunnfjorddialektar som talemål og når han fortalde historier frå Jølster, nytta han jølstradialekt.
Tvilen
Som lærar brukte Gustav Indrebø vekselvis riksmål og nynorsk (landsmål). Han var veldig frustrert over denne inkonsekvente språkbruken hjå seg sjølv. Dette fortel han om i brev til kona Astrid. Han var i grunnen ein tvilar i målspørsmålet. "- Ja, jeg liker nok landsmaalet paa en vis, men jeg kan aldrig fordrage slik grundfæstet kulsviertro verken paa det ene eller det andet" (1911). Han hadde evne til å sjå språkspørsmålet frå fleire sider. Truleg er det den seinare reflekterte, grundige og samvitsfulle språkforskaren som viser evna til å sjå språkspørsmål frå fleire kantar.
Overtydinga
Om han i åra som lærar tvila på kva som var det beste for det norske folket og språket deira, gjekk han i 1915/16 over til å snakka og skriva nynorsk. Det var mellom anna universitetsstudia som overtydde han om kva som var rett. Truleg vart doktoren, professoren, målføre- og stadnamngranskaren også overtydd av det nasjonale sinnelaget sitt. "Den berande, djupaste aktive ideen i målreisingi er den nasjonale reisings- og sjølvhevdingstanken. Og truskapstanken. Det er ein ting me ikkje kan få med norsk-dansken, men berre gjennom nynorsken: Det er eit norsk mål."
Dette skreiv Gustav Indrebø i artikkelen Idégrunnlaget for målreisingi som stod i Gula Tidend i 1934. Artikkelen er og trykt som særprent. Han nytta alle slag argument for eit nynorsk mål skriv Nils Halland. "Argumenta kunne vera historiske, sosiale, pedagogiske og jamvel kristelege." (Mot-Skrift nr.2, sitert etter Jostein Krokvik) I artikkelsamlinga Kva er målreising? (Bergen, 1976) finn me att desse argumenta.
Målsaka - organisasjonane og institusjonane
Sjølv om Gustav Indrebø arbeidde seriøst med studia og dei offentlege stillingane han fekk, hadde han likevel overskot til tillitsverv i målorganisasjonar og målinstitusjonar. Det første tillitsvervet han tok på seg, var å vere formann for Studentmållaget i Oslo i 1917. Det var det same året som han tok embetseksamen i historie. Gustav Indrebø gjekk med stort engasjement og stor arbeidskapasitet inn for dei tillitsverva han tok på seg. Frå 1917 til 1921 var han filologisk redaktør av ei nynorsk Bibelutgåve.
Formann i Det norsk Samlaget
I seks år, frå 1923 til 1929, var Gustav Indrebø formann i Det norske Samlaget. I desse åra var han med på å legge planar for Norsk Ordbok. Dette er no blitt ein institusjon med 38 tilsette, og verket i 12 planlagde band skal sluttførast i 2014. Første band på 800 s. var komplett i 1966. Gustav Indrebø la og mykje arbeid i å få gjeve ut Nynorsk salmebok. Ho kom ut i 1925.
Nynorsk i kyrkjene
At nynorsk kom inn som likestilt målform i kyrkjene, såg Gustav Indrebø på som svært viktig. For å halde på ungdomen var det viktig at nynorsken kom inn i kyrkjene (Indrebø, 1976).Gustav Indrebø tykte det var viktig at både preike-målet, salme-målet og Bibel-målet var nynorsk. Men, dette var likevel berre ein del av det arbeidet Gustav Indrebø gjorde for å få nynorsken inn i offentleg bruk. Gustav Indrebø fekk mykje å seia for bruken av nynorsk i det offisielle Noreg.
Styremedlem og formann i Noregs Mållag
Dei to siste åra han leidde Det norske Samlaget var han og styremedlem i Noregs Mållag, frå 1928 til han døydde i 1942, i heile 14 år. (Men i krigsåra la styret ned arbeidet sitt i protest mot okkupasjonsmakta.) Gustav Indrebø var formann i Noregs Mållag i to år, frå 1929 til 1931. Både som formann og som styremedlem var Gustav Indrebø ei drivande kraft i organisasjonen.
Vestmannalaget og Ivar Aasen-ringen
Gustav Indrebø var med i Norsk Måldyrkingslag. I Vestmannalaget var han styremedlem frå 1931 og formann frå 1937 til 1942. Han var og med på å skipe Ivar Aasen-ringen, noko han tykte var naudsynt i høve den nye rettskrivingsnormalen av 1938. Også for Norsk Bokreidingslag gjorde Gustav Indrebø ein innsats. Han var redaktør for Norsk Aarbok i heile ni år, frå 1931 til 1939.
Gustav Indrebø sine meiningar og språkynske
" .. eg kan ikkje koma ifrå at Ivar Aasens skriftmål er ei god, vakker og tenleg praktisk løysing ..". Gustav Indrebø var motstandar av rettskrivingsnormalen av 1938. Han likte heller ikkje 1917-normalen, som han tykte vatna ut språket med altfor mange likestilte former. Etter at 1938-rettskrivinga blei innført, var han med å starta Ivar Aasen-ringen. Her vart valspråket at dei skulle bruke godkjende former som låg så nær opp mot Ivar Aasen-normalen som råd, dersom dei i skriftstykke plikta å nytte offentleg rettskrivingsnormal. Dersom dei skreiv noko som ikkje var bunde opp til normalen, skulle dei skrive Ivar Aasen sitt mål. Elles meinte Gustav Indrebø at det var mykje anna som var viktigare å arbeida med enn rettskrivingsnormalar. (Eidissen, 1993).
1920- og 1930-åra
Frå andre halvdel av 1920-talet byrja Gustav Indrebø for alvor å skriva mange innlegg i måldebatten. Det som blei trykt av han før dette var mest historisk stoff, stadnamnstoff og tradisjonsstoff. Jostein Krokvik (1927-2007) fortel at i femåret 1930-1935 dreiv Gustav Indrebø eit omfattande utoverretta arbeid for nynorsken. Det gjorde han i skrift og tale, og i deltaking i målarbeid på annan måte. I femåret 1935-1940 måtte han driva innoverretta verksemd for å prøva å få målfolket til å halda saman trass i ulike synspunkt på den nye rettskrivinga av 1938.
"Høgnorsk"
I 1920-åra begynte Gustav Indrebø og å ta opp att eldre former i språket, som "stend" og "gjeng" Han byrja også å bruka i-formene. Jostein Krokvik kallar dette for "høgnorsk", eit omgrep som truleg først blei nytta av Torleif Hannaas i Norsk aarbok for 1922: ".. So kom Ivar Aasen og lyfte sitt lysande merke: Eit høgnorskt skriftmaal, nyreist fraa roti av, bygt paa dei beste bygdemaali, utan umsyn til dansken .." I Norsk Allkunnebok (1948-66) definerte Per Thorson høgnorsk som ei nemning for "mynstergildt, nynorsk skriftmål på Ivar Aasens grunnlag."
Indrebø-saka i 1930
I 1930 blei Gustav Indrebø tiltala og måtte møta i retten fordi han hadde uttalt om ein embetsmann at "måten han etterlevde mållovi på var ei skam for standet". (Eidissen, 1993). Det var Lov om målbruk i statstenesta han refererte til. Gustav Indrebø blei faktisk dømt til å betala ei bot for uttalen sin, men han fekk mykje sympati i folket fordi svært mange tykte domen var feil.
Stadnamnforskaren Gustav Indrebø
Statens namnekonsulent
I 1923 blei Gustav Indrebø spurt om han kunne vere stadnamnkonsulent for staten. Han tok på seg dette, men sa det frå seg i 1937. Han blei likevel oppmoda om å halde fram, og hadde denne funksjonen fram til han døydde. Desse tenestene utførte han ved sida av anna arbeid. Samstundes var han med og skipa Norsk stadnamnarkiv i 1921 og leidde det heilt til han gjekk bort. I 1930-åra organiserte han ei stadnamninnsamling der skuleborn i heile landet var med. (Skuleborninnsamlinga).
Bort frå danske stadnamnformer
Gustav Indrebø hadde som stadnamnforskar viktige innspel til fornorsking av bynamna Trondhjem/Nidaros og Bergen/Bjørgvin. Morgenavisen i Bergen laga ei stor sak på bruken av Bjørgvin i den første forelesinga Gustav Indrebø heldt i Bergen. Etterpå uttala han at han ikkje hadde brukt namnet slik i forelesinga, hadde han visst kor mykje rabalder det blei.
Morgenavisen innsåg etterkvart at dei hadde drege saka for langt. Gustav Indrebø var også med i diskusjonen om eit bynamn i fylket vårt: Florø/Florøy/Flora. I Odelstingsproposisjon nr. 12, 1939 står ei utgreiing av han kalla Um bynamnet Flora. Dette stykket blei og prenta i Gula tidend den 11. mars 1939 med tittelen Utgreiding um Flora-namnet.
Eit kort og arbeidsamt liv
Gustav Indrebø fekk utretta mykje i sitt altfor korte liv. Ein kan berre førestille seg alt han kunne ha fått gjort, hadde han fått leve til han blei 80 år.
I Høgnorsk målreising frå 1997 skriv Jostein Krokvik:
Gustav Indrebø let etter seg ei ovmengd skriftlege arbeid, og med skrivingi si stend han i aller fremste lina millom dei mynstergode høgnorske klassikarane etter Ivar Aasen. Eller rettare sagt, han er den fremste etter Aasen.