Prost Niels Griis Alstrup Dahl - folkeopplysar og velferdsbyggjar
Prosten Niels Griis Alstrup Dahl (1778 - 1852) vert kalla folkeopplysar og patriot. Prestegjerninga hans kjem litt i skuggen av alt han gjorde for å betre kåra i Eivindvik prestegjeld.
Oppvekst
Image
Dahl var ein ihuga patriot. Biskop Pavels frå Bergen, som Dahl hadde mykje kontakt med, skriv at Dahl ville ha "alle udenlandske Varer, der i nogen Maade kunne henføres til Luxusartikler ved næste Storthing forbudne, eller belagte med høi Told". Prosten hadde òg meiningar om korleis ein skulle nedkjempa brennevinsforbruket, og kva posisjon jordbruket skulle ha her i landet. "Endog Korntilførslen vil han have indskrænket," skriv biskopen, "da han troer, naar Brændevinsbrænden tillige igjen blev forbuden, man derved igjen vilde opmuntres til en flittigere og bedre Agerdyrkning. Af samme grund troer han at det kunde være ret godt, at den rigelige Sildefangst formindskedes eller endog ophørte, saa at Bønderne, som nu ei havde Sands for andet end deres Fiskerier, bleve nødte til at vende tilbage til deres Jord, der vilde aabne dem en sikrere Nærings- og Velstandskilde end Havet".
Biletet som ein har trudd var av prost Dahl har hange i kommunestyresalen i Eivindvik. Nyleg er det oppdaga at biletet syner Niels Nielsen Dahl (1806-1854), stortingsmann for Søndre Trondhjems Amt og sokneprest i Eid.
Datering
Ukjend.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Gulen i gamal og ny tid.
Dahl var fødd 14. mars 1778 på Nedre Fet, Uskedalen, i Kvinnherad. Han var den nest eldste av dei tolv borna til oberstløytnant Johan Koren Dahl (1743 - 1831) og Else Alstrup (1757 - 1838). Niels gjekk i skule hos sokneprest Niels Hertzberg, tok examen artium ved Bergen Katedralskole i 1796, og studerte teologi i København frå 1797 til 1801. Så var han medhjelpar hos Hertzberg i heimbygda. Her møtte han ein slektning av soknepresten, Hylleborg Hertzberg (1765 - 1848), som han gifte seg med i 1805.
Image
Sogn Folkemuseum har ei samling private brev etter Niels Dahl. Dette, poststempla i Bergen 17.12.1850, er frå ein bror busett i Bergen.
Prost og jordbrukar
Frå 24. februar 1804 var Dahl kapellan i Eivindvik prestegjeld, og sokneprest frå 18. desember 1807. I 1823 vart han prost i Ytre Sogn. Dahl gjorde mykje for å betre jordbruket i prestegjeldet. Han starta med prestegarden, og ved hjelp av nye jordbruksteknikkar og byggjeskikkar utvikla han etter kvart prestegarden til eit mønsterbruk. Over ein periode på 20 år sytte han òg for jordskifte på nærmare 200 bruk i prestegjeldet. I samband med dette hjelpte han mange bønder med å få kjøpt husa sine.
Folkeopplysar
For eigne midlar utdanna Dahl lærarar, og oppretta og dreiv dei to første faste skulane i prestegjeldet. Med ei endring i skuleskatt-ordninga sytte han for at lærarane fekk ei løn dei kunne leve av. I 1829 oppretta han Gulen Folkeboksamling, mellom anna med 134 av sine eigne bøker. Konfirmantundervisninga tok han seg av sjøl. Ved eit høve hadde han alle konfirmantane og 10 lærarar heime hos seg i åtte dagar og gav dei undervisning, kost og losji.
Velferdsbyggjar
Med ei betre rekneskapsførsel og revidert legdordning, gjorde han også fattigstellet til ein mønsterskipnad. Inntektene vart henta frå lensmennene og futane sine mulkter. Dahl såg brennevinet som eitt av dei største hindra i arbeidet for å nedkjempe fattigdommen. Gjestgjevarar og andre brennevinsutsal vart mulkterte for ulovleg sal, eller skattlagde så hardt at mange av dei bukka under. Dahl tok òg imot sjuke i heimen sin, og vaksinerte nesten heile prestegjeldet to gonger mot kopper. Han fekk lært opp og tilsett den første jordmora i Ytre Sogn rundt 1827.
Ordførar og stortingsmann
Dahl vart ordførar då formannskapslova kom i 1837, og sat til 1849. Han var på Stortinget i 1814, 1824 og 1827, var omtala som den mest antisvenske av alle stortingsmennene, og var ein ivrig talar i alle debattar om Grunnlova.
Minne i Eivindvik
Prosten sitt bustadhus var kalla "Herresalen". I 2. høgda har det vore møtelokale til kommunestyret frå 1837 og til nyleg. Prestekaia med trapp opp til kyrkja, og den 1,5 m høge steinmuren rundt innmarka til prestegarden, står òg framleis. Ungdomslaget i Eivindvik arrangerer kvart år "Dahl-dagane", der dei tek opp ulike sider av Dahl sitt virke. Eit minnesmerke over Dahl av kunstnaren Elisabeth Steen skal reisast 4. august 2002, 150 år etter han døydde.
Image
Herresalen til venstre på biletet. Huset vart bygt i 1819, og var prosten sitt bustadhus. Her tok han imot sjuke menneske til behandling, læraremne og konfirmantar til undervisning og fattige på legd. Han gav dei kost og losji for eiga rekning. Prosten tok òg to taterborn til seg til oppfostring. Nokre alvorleg sjuke vart sende til Bergen, og nokre læraremne vart sende til Stord eller Kristiania på seminar. Prosten bygde og eit mønsterhus i Fonnevika for å visa bøndene korleis ein skulle byggja hus. Det vart seinare teke i bruk til ein av dei to faste skulane Dahl fekk oppretta. - Det øvste biletet er frå 1890, det nedste frå 2001.
Datering
1890.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Hans Edvard Hadlund / Fylkesarkivet, SFFf-95155.0004.
Image
Fleire frå Dahl si samtid uttrykte beundring over det prosten fekk til i Eivindvik. Biskop Neumann skriv at "det til prestegaarden hørende dyrkede land med sine herlige enge og agre staar i en paafaldende modsætning til de omkringliggende klippemasser, i hvis steile gjel der kun sparsomt findes flader oversaaet med steenblokke. Det er i sandhed et mesterstykke af en for landbruget interesseret vilje, der hverken skyr møie eller besvær, som man her ser for sig; men hvor overraskende end det hele ser ud med de afstikkende omgivelser, vilde man dog neppe ane, hvilke overordentlige anstrengelser og udgifter det fordrer at omforme det gjenstridige, snart myrede, snart fjeldede land." Biskopen tek Dahl sitt verk som "bevis for den sandhed, at menneskene kan trodse alt i naturen, naar deres foretagsomhed er besjælet af udholdenhed." I sitt dikt "Eivindvig", eit hyllingsdikt til Dahl, avsluttar Henrik Wergeland slik: "Brød af Steen og Aand af Striile, Dahl i Eivindvigen tvang."
Datering
Ukjend.
Fotograf
Arne Årseth.
Eigar
Studio Nordhordland.
Midtun, Magnor: Eivindvik før og no. 2001.
Randal, Aud: Eivindvigens anden skaber: Niels Griis Alstrup Dahl (1778 - 1852). Hovedoppgave ved Historisk institutt, Universitetet i Bergen 1995. Maskinlesbar fil på http://www.hist.uib.no.
Kleiva, Ivar: Niels Griis Alstrup Dahl. I Historielaget for Sogn. Nr. 17. 1955.
Kleiva, Ivar: Niels Griis Alstrup Dahl II. Historielaget for Sogn. Nr. 18. 1956.