Svartkrut
Arbeidsmetodane for vegarbeid var nokså enkle før 1900. Dei nytta hakke og spade og slo dei største steinane sunde med slegge. Vegane vart lagde etter lendet, rundt nes og hamrar og opp bratte bakkar. Først på midten av 1800-talet byrja dei å sprengja i fjell. Dei nytta det som kallast svartkrut. Det var dyrt, og det var uråd å sprengja ut store steinmassar. I 1857 løyvde fylket pengar til Gaular kommune for å bruka krut til å sprengja ut eit vanskeleg vegparti langs Viksdalsvatnet.
Matbjørhammaren hindra ferdsla
Matbjørhammaren, som ligg i austenden av Viksdalsvatnet, skapte vanskar for ferdsla til Råheimsdalen og Eldalsdalen. Bygdevegen her var elles ofte nytta av kremarar og driftekarar som ferdast over Gaularfjellet til Sværen i Sogn. Matbjørhammaren var eit særs tungt parti både for hest og folk. Hammaren stupte loddrett ned i vatnet, og ferdafolket måtte opp og over hammaren for å koma fram. På garden Hestebeit like ved på vestsida, måtte dei reisande ofte få hjelp for å koma seg forbi Matbjørhammaren, av og til med båtskyss. I 1857 fekk Gaular kommune (Indre Holmedal) si første vegløyving frå fylket på 350 spesidalar til "Udmineringen af Matbjørhammeren".
Kunsten å sprengja med krut
For å sprengja veg forbi hammaren, nytta dei såkalla svartkrut. Det kosta 9 spesidalar for 25 kg krut. Det var ikkje vanleg å bruka krut i vegarbeidet då det var kostbart, og det tok for lang tid. Ein kunne ikkje rekna med å sprengja ut meir enn rundt 45 m3 i månaden. Elles var det ikkje kven som helst som kunne sprengja med svartkrut, særleg den første tida då det ikkje vart bruka lunte. Det var ikkje mange i Gaular som kunne sprengja med svartkrut. Endre-Johan frå Hellebustneset hadde visst vore i Breim og lært kunsten. Han vart omtala som ein kjempekar. Arbeidarane budde i Hestebeit medan dei arbeidde i Matbjørhammaren. Der var det smie slik at dei kunne kvesse borane. Dei hadde tjukke jernborar med stål i kjeften. På slutten av 1800-talet vart krutet erstatta av sprengstoff med langt større sprengingseffekt, dynamitt eller gummidynamitt.
Minering på gamlemåten
Sprengjingsarbeidet ved hjelp av svartkrut i Matbjørhammaren tok til straks etter løyvinga i 1857. Om kvelden spikka dei lange trestikker (krutstikker) som dei smurde med blautt krut. Stikkene vart så lagde oppå hjellen til tørk. Desse krutstikkene brukte dei i staden for lunte, som ikkje var teken i bruk før fleire ti-år seinare. Når krutet vart lagt i, sette dei ein jerntein ned i holet. Når mineholet var ferdig pakka, drog dei teinen opp og sette ei krutstikke nedi. Så vart det lagt tunder (knusk) rundt borholet. Med eldstålet slo dei ein gneist ned i utkanten av knusken, og medan gneisten ulma inn mot krutstikka måtte dei komma seg vekk. Det var ikkje enkelt, for dei hang i berghammaren i tau og stigar. Arbeidet tok tid. Det gjekk 25 år frå dei kunne leia ein hest forbi hammaren til dei kunne køyra med vogn. I 1862 fekk dei tilleggsløyving for å rydda urda på begge sidene av hammaren.