Fotograf
Hjalmar Christensen

Kristian Elster d.e.

Forfattaren Kristian Elster d.e

Kristian Mandrup Elster (1841-1881) var den første av fire forfattarar med bakgrunn i embetsmannsmiljøet i Førde, som gjorde seg sterkt gjeldande mellom norske forfattarar. Men han døydde berre 40 år gammal, midt i ein lovande forfattarskap.

Familie og oppvekst

Kristian Mandrup Elster vart fødd 4. mars 1841 i Namdalen. Foreldra var Christen Chr. Elster (1804-1891) og Elen Sophie Alstrup (1811-1889). Tolv år gammal flytta Elster med familien til Førde, der faren vart sorenskrivar. Førde vart bygda diktaren Elster rekna som si heimbygd. I diktinga si henta han fleire motiv frå traktene rundt Førde. Men han budde her berre kort tid. Femten år gammal vart han sendt på skule i Kristiania. I 1867 reiste han til Tyskland og utdanna seg til forstmann. Frå 1869 til 1873 budde han i Kristiania.
I 1874 gifte han seg med Sanna Fasting (1845-1926), prestedotter frå Førde, og søster til ein annan forfattar med Sunnfjord-bakgrunn, O. W. Fasting. Elster var frå 1873 til sin død forstmann i Trøndelag. Han døydde av lungebetennelse 11. april 1881 i Trondheim. Sonen hans, forfattaren Kristian Elster d.y. (1881-1947), hadde ein forfattarskap med klåre parallellar til faren sin.

Skribent

Alt i 1860 fekk Elster inn eit spelestykke på Christiania Theater, men trekte det. Eit nytt, "Audun Hugleikson og Eystein Meyla", vart oppført i 1863, men var ein fiasko. Han fekk trykt nokre dikt og noveller. I 1869 slo han seg ned som litteraturkritikar og kulturskribent i Kristiania, og talte for realismen. Det hadde òg noko å seie for diktinga hans at han tidleg oversette Tolstoj si bok "Ivan Turgenjev", som han heldt fram som eit litterært ideal, og tyske folkelivsforfattarar.

Forfattarskap

Diktinga hans er prega av ei bryting mellom romantikk og realisme. Av forfattarskapen hans kan nemnast novella "En Korsgang" (1871). Handlinga er basert på ei faktisk hending i distriktet, der kona på ein avsidesliggjande gard finn ut at sonen er ein mordar, og dilemmaet hennar om å melde han til lensmannen. To romanar er "Solskyer" (1877) og "Tora Trondal" (1879). Den siste er ein samfunnsroman som tek føre seg motsetningane mellom den tradisjonelle bondekulturen og embetsmannskulturen si meir kontinentale orientering. Romanen "En fremmed Fugl" (1881), og "Farlige Folk" (1881), har òg slike tema. Dette er såkalla samfunnsromanar, og den siste fekk stor merksemd i Norden.

Om det "..sendrægstigste Folk.. "

Elster var oppteken av kulturbrytingar, som han i størst breidde tok føre seg i avhandlinga "Om Modsætningen mellem det vestlige og østlige Norge" (1872). Her skriv han om skilnadene i livsvilkår og næringsvegar, og verknadene dette har på folkelynne og tenkjesett. Men det er òg skilnader mellom sunnfjordingar og sogningar. Dei første meiner han er "kanskje Landets tyngste, seigeste og sendrægstigste Folk". Over fjellet, i Sogn, budde det derimot eit, i alle måtar, langt raskare folkeferd. Såleis gjorde Elster alt tidleg sitt til å feste denne myten om dei to "folkeslaga" sunnfjordingar og sogningar. Ein myte seinare forfattarar har dyrka for meir enn han er verd, t.d. svogeren O. W. Fasting i forteljingane sine.

 


Beyer, Edvard: Norges litteraturhistorie. Bind 3, s. 441-451.
Norsk biografisk leksikon.1999.
Skåre, Jon: Førde i litteraturen. I Sogeblad frå Førde kommune. Hefte 16. Førde 1998.
Førde Bibliotek: Tilrettelagde opplysningar om diktarar frå Sunnfjord.