Minnesteinen på grava til Martin Luther Storm på kyrkjegarden ved Førde kyrkje. Grava er på austsida av kyrkja.

The memorial stone on the grave of Martin Luther Storm in the graveyard of the Førde church. The grave is on the east side of the church.

Datering
2000.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Minnestein på grava til jordbruksskulestyrar Martin Luther Storm

Martin Luther Storm, f. 1836, er ein av dei store i landbrukssoga til Sogn og Fjordane. Då fylket la ned landbruksskulen på Mo i 1870, kom Storm inn som forpaktar frå våren 1873 og dreiv skulen til 1907 då fylket på ny tok over. Han døydde hausten 1916 og sommaren 1922 reiste elevar ein minnestein på grava hans på kyrkjegarden i Førde.

Minnesteinen

Etter at Storm let landbrukskulen på Mo over til fylket, busette han seg som forpaktar på klokkargarden Solberg i Førde. "Her lever jeg nu paa mine "gamle" dager et rolig "ungkarsliv", skreiv han i eit stykke om seg sjølv i Norske landbrukskandidaters aarbok i 1915. Han døydde året etter, 23. november 1916. Sommaren 1922 reiste elevar og vener ein minnestein på grava hans, på austsida av kyrkja.

Minnesteinen er i slipt, raudleg granitt, og har denne innskrifta: Landbruksskolebestyrer * M. STORM * 6/11 1836 * 23/11 1916. * Taknemmelige elever har * reist dette minde.

Biografi

Kven var han? I boka Sogn og Fjordane Landbruksselskap 1857-1957, 1957, står denne kortfatta biografien:

STORM, MARTIN LUTHER, f. 1836, d. 1916. Ugift. Jordbruksskulestyrar. Vaks opp i Trondheim der faren var prest. Realskule, Jønsberg landbruksskule, Ås høgare jordbruksskule 1859-1861. Lærar på Bunes landbruksskule i Verdalen 2-3 år, 1865-1869 forvalter på Lysekloster ved Bergen og Stedje i Sogndal hjå godseigar Formann som var eigar av båe desse eigedommane.

Image
Martin Luther Storm (1836-1916). Storm er fyrst og fremst kjend som fagmann i jordbruk og skogbruk, men han var og eit samfunnsengasjert menneske på andre område. Han var t.d. med i Førde ungdomsforening i mange år, og han var ein mykje brukt opplesar og 17. mai-talar.

Martin Luther Storm (1836-1916). Storm is known primarily as an expert in agriculture and forestry, but he was also involved in other civic causes. He was f. ex. a member of Førde Youth Society for many years, and he was often on the podium as a reader and as speaker on 17 May celebrations.

Datering
Ukjend.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Sogn og Fjordane Landbruksselskap 100 år.

I 1869 sette han i gong ein privat vinterskule i Sogndal [seinare Sogndals Folkehøgskule], men let over skulen etter to år til sin medlærar Jacob Sverdrup. 1873 pakta han garden Mo i Førde av fylket og gjekk i gong med privat jordbruksskule, men med noko tilskot frå fylket. Han dreiv skulen til 1907, då fylket overtok den.

Storm var formann i styret for Landbruksselskapet [Nordre Bergenhus Amts landhusholdningsselskap] 1874-1885 og hans velkjende ordenssans kjem tydeleg fram i det som ligg føre.

Skogsaki var hjartebarnet for Storm [..] Han fekk Skogselskapet si sylvmedalje og Kong Oscar II premi for sin innsats i skogsaki. I 1909 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull.

Avdukingshøgtid, søndag 30. juli 1922

Fleire hundre menneske var samla til høgtida. Stortingsmann Anfin Øen, som sjølv hadde vore elev hjå Storm, skulle halda tale, men hadde måtta melda forfall. I staden tala ein annan elev, ordførar Olai Tefre i Førde. Han ordla seg varmt og rosande om livet og arbeidet til den høgt respekterte skulestyraren på Mo gjennom 34 år. Deretter song lyden ein song skriven til høgtida av Karl Moldestad. "Det var en gripende høitidelighet at staa ved den avholdte lærers grav," skreiv ein meldar til Fjordabladet i Nordfjord.

Image
Notis i Fjordabladet, Nordfjordeid, 11. juli 1922, underskriven "nevnden". Diverre manglar arkivet etter denne, ei minnesteinnemnd.

Notice in the newspaper Fjordabladet, Nordfjordeid, 11 July, 1922, signed "the committee". Unfortunately the archive of this committee, a memorial stone committee, is missing.


Lunde, Jens: Sogn og Fjordane Landbruksselskap 100 år.
1957.
Fjordabladet. 11.07. og 08.08.1922. Nordfjordeid.
Firda. fleire nummer 1922 og 04.11.1936 Førde.
Storm, Martin Luther: I Norske Landbrukskandidaters aarbok. 1915.
Førsund, Finn Borgen: Førde bygdebok. Band 1 og 2. Førde 1990.
Soleide, Albert: I Ungdomsvenen. 1918.