Hovudhuset på Kirkevollen er eit staseleg hus, med utsvaia tak, avvalma gavlar og flate arkar på kvar langside.

The main building at Kirkevollen is an impressive house, with a bent roof, hip end walls, and flat arks on both long walls.

Datering
2001.
Fotograf
Arild Reppen.
Eigar
Fylkesarkivet.

Kirkevollen

Kirkevollen er eit av dei to freda embetsmannshusa i Førde - Futegarden på Bruland er det andre, og ligg vakkert til ved Løken med kyrkja i ryggen. Det staslege huset har ei uklår fortid, men vart kanskje bygd på Svanøy sist på 1700-talet.

Kanskje frå Svanøy

Hovudhuset er eit einetasjes tømmerhus, med utsvaia tak, avvalma gavlar og flat ark på kvar langside, og 16,6 x 9,4 m i grunnflate. Vi veit ikkje sikkert alderen eller opphavet til huset, men huset kan vere frå Svanøy, der det i 1770-åra vart bygd eit kontorbygg på futegarden. Dette huset vart seinare brukt av presten, men flytta frå Svanøy kring 1850. Huset på Svanøy likna mykje på det som enno står på Kirkevollen. Huset på Kirkevollen kan også vere bygd på staden, og byggestilen tilseier bygging på slutten av 1700-talet eller byrjinga av 1800-talet.

Image
Byggestilen til huset på Kirkevollen tilseier bygging på slutten av 1700-talet eller byrjinga av 1800-talet.

The architectural style suggests that the house at Kirkevollen was built at the end of the 18th or beginning of the 19th century.

Datering
2001.
Fotograf
Arild Reppen.
Eigar
Fylkesarkivet.

Lensmannsgard

Kirkevollen var ein del av Falkenstein, som vart skild ut frå kapteinsgarden Ytre Skei i 1823. I enkelte kjelder står det at garden vart bygd som privat lensmannsgard, og mykje tyder på at det var lensmann Johannes Falch på Falkenstein som bygde eller flytta huset. I 1856 arva tre ugifte døtrer Kirkevollen av lensmann Falch garden. Broren Edvard Falch kjøpte ut systrene i 1869.

Image
Edvard M. J. Falch, f. 1829, kjøpte i 1869 ut systrene sine og vart eigar av Kirkevollen. Det skal vera far hans, lensmann Johannes Falch, som bygde huset på Kirkevollen.

Edvard M. J. Falch, born 1829, bought the house from his sisters in 1869 and thus became the owner of Kirkevollen. It is believed that his father, Johannes Falch, sheriff, had the house built at Kirkevollen.

Datering
I 1850-åra.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Sparebanken i Førde 1842 - 1992.

Legar og dyrlegar

Edvard Falch var kontorist hjå sorenskrivar Elster. Han og kona Julia Neerland fekk 10 barn i åra fram til 1876, då dei selde Kirkevollen til distriktslege H. M. Schou. Kona hans, Alhed Schou, skreiv ei bok om "Svanøen i Søndfjord", som også omhandla historie frå Førde. Neste eigar var også distriktslege, Th. Gløersen, som hadde Kirkevollen 1892-1914. Ei tid var huset utleigd til amtsdyrlegen. I 1914 kjøpte lærar Sigurd Aase huset, og det er barnebarnet, adjunkt Anne Erdal-Aase som i dag har hand om det vakre hovudhuset, som dei siste åra er restaurert og sett i god stand.

Image
Alhed Schou med dottera Gina Borchgrevink og to borneborn. Distriktslege H. M. Schou vart eigar av Kirkevollen i 1876.

Alhed Schou, her daughter Gina Borchgrevink, and two grandchildren. H. M. Schou, doctor, became the owner of Kirkevollen in 1876.

Datering
Før 1900.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Førde bygdebok, band II.


Christensen, Hjalmar: Skeid (yttre) 1821-1921. Bergen 1922.
Djupedal, Torkjell: Førde - kulturhistorisk vegvisar. Førde 1998.
Førsund, Finn B.: Førde bygdebok. band 2. Førde 1992.
Steen, Fredrik M.B.: Førde i gamle dager (upubl.).
Opplysningar frå:
Anne Erdal-Aase, Førde.