Minnesteinen over Ole Torjussen Svanøe og Hans Nielsen Hauge på Svanøy står på Saltverkneset med utsyn mot Svanøybukta, Brufjorden og Stavanglandet.
Datering
Ukjend.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Flora Kulturhistorisk vegvisar.

Minnesteinen på Saltverkneset på Svanøy

"Søndfjords Ungdom i det 20de aarhundre vil en gang ofre tid og arbeide for ved Svanøens strande at reise et minde over Hans Nielsen Hauge og hans ven, Ole Torjussen Svanøe." Dette skreiv Alhed Schou i 1912 i boka "Svanøen i Søndfjord", og i 1954 vart det reist eit minnesmerke, om enn ikkje av sunnfjord-ungdommen.

På Saltverkneset

Minnesmerket står "ved Svanøens strande", på nordsida av øya og godt synleg på Saltverkneset. Minnesteinen vart reist i 1954 av slekta, 150 år etter Ole Torjussen Svanøe kom til Svanøy. Steinen er 3,5 m høg og kring 60 cm brei. På framsida, mot Svanøybukta, er årstalet 1809 hogge inn.

 I boge over årstalet står: HANS NIELSEN HAUGE 1771-1824

Og i boge under: OLE TORJUSSEN SVANØE 1781-1859

Namna og årstala dannar ein sirkel med årstalet 1809 i sentrum.
På baksida står: Reist av Svanøe-ætten 1954

Image
Minnesteinen på Saltverkneset, reist i 1954. Hauge sat fengsla i åra 1804-1814, men vart lauslaten nokre månader i naudåret 1809 for å fara rundt i landet og hjelpa folk med å laga salt. Han var framom på Svanøy òg, der han hjelpte Ole Torjussen med å utbetra eit saltverk dei hadde bygd nokre år før.
Minnesteinen på Saltverkneset, reist i 1954. Hauge sat fengsla i åra 1804-1814, men vart lauslaten nokre månader i naudåret 1809 for å fara rundt i landet og hjelpa folk med å laga salt. Han var framom på Svanøy òg, der han hjelpte Ole Torjussen med å utbetra eit saltverk dei hadde bygd nokre år før.
Datering
Ukjend.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Jol i Sunnfjord, 1956.

Hans Nielsen Hauge

Biskop Andreas Aarflot skriv: "Hans Nielsen Hauge [1771-1824] stod frem i en sosial og kulturell gjæringstid, hvor nasjonale ideer og folkelige strøminger fikk det gamle eneveldets samfunssystem til å knake i sammenføyningene. Hauges personlighet rommer mange motsetninger. Han hadde sin del av arven fra det standspregede samfunn som slektene før ham var vokst opp i. Samtidig var han i slekt med de nye strømninger i tiden. Gjennom sin virksomhet som folkevekker, industriherre og sosial reformator drev han takten opp i den omveltningsprosess som bare så vidt var kommet i gang da han så dagens lys. I den norske kirke ble han opphavsmann til den mest omfattanede fornyelse noensinne."

Hans Nielsen Hauge skapte ei landsomfattande, djuptverkande og langvarig rørsle, kjenneteikna av åndeleg vekking og materiell framgang. Noko av forklaringa er å finna i eit nettverk av dugande medarbeidarar rundt om i landet. Fleire av dei vart bygdehovdingar og stortingsmenn seinare. Ein av dei budde på Svanøy.

Image
Portrettmedaljong av Hans Nielsen Hauge laga av bilethoggaren Sofus Madsen (1881 - 1977). Portrettet er laga etter eit målarstykke som kom for dagen i København i "nyare tid". Det viser Hauge i 30-årsalderen, og er det einaste biletet som er måla av han medan han levde. Medaljongen står på ei minnetavle oppsett på Krosskyrkja i Bergen i Haugeåret 1971, 200 år etter at han vart fødd.
Portrettmedaljong av Hans Nielsen Hauge laga av bilethoggaren Sofus Madsen (1881 - 1977). Portrettet er laga etter eit målarstykke som kom for dagen i København i "nyare tid". Det viser Hauge i 30-årsalderen, og er det einaste biletet som er måla av han medan han levde. Medaljongen står på ei minnetavle oppsett på Krosskyrkja i Bergen i Haugeåret 1971, 200 år etter at han vart fødd.
Datering
1971.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Bjørgvin.

Ole Torjussen Svanøe

Ole Torjussen Svanøe, fødd 28. mars 1778 på Helling i Hallingdal, var son til bonde Torjus Olsson og Asbjørg Torsteinsdotter Stave. Han var gift med Kjersti Åmundsdotter Korsbøen frå Modum.

Ole møtte Hans Nielsen Hauge i 1801, og vart seinare ein av dei næraste venene hans. Det var etter råd frå Hauge Ole kjøpte Svanøy i Kinn i 1804. Han kom til Svanøy "ved pintsetider" same året, og tok Svanøe som slektsnamn. Erik Olsen (1781-1861) frå Ål var med som tenestegut.

Ole Svanøe var ein driftig og intelligent mann. Ved sida av at han gjekk i gang med sag, kvern, skipsbyggeri og saltkokeri på eigedommen sin, dreiv han også handel i Bergen. Han skreiv og gav ut fleire oppbyggelege skrifter. Svanøe representerte Nordre Bergenhus Amt på seks storting, i 1814 1821, 1824, 1827, 1836 og 1842. Dessutan var han vararepresentant i 1818 og 1833.

Ole Svanøe døydde 29. desember 1859 og vart gravlagd på Svanøy kyrkjegard.

Image
Ole Torjussen Svanøe (1781-1859) gav i 1839 ut den vesle boka "Faderlige Raad til mine Børn." Her tek han opp att og opp att den bibelske formaninga om fyrst å søkja Guds rike, og minner like ofte om lovnaden: så skal de få alt det andre attåt! Men dei materielle godene kjem ikkje av seg sjølv. Oppskrifta er arbeid. "Vogter eder for Lediggang!", er eit av dei faderlege råda. "Hvo som dyrker sin Jord, skal mættes med Brød."<br />
Medalja ved venstre jakkeslaget kan vera 'Medaljen for borgerdaad' som ...
Ole Torjussen Svanøe (1781-1859) gav i 1839 ut den vesle boka "Faderlige Raad til mine Børn." Her tek han opp att og opp att den bibelske formaninga om fyrst å søkja Guds rike, og minner like ofte om lovnaden: så skal de få alt det andre attåt! Men dei materielle godene kjem ikkje av seg sjølv. Oppskrifta er arbeid. "Vogter eder for Lediggang!", er eit av dei faderlege råda. "Hvo som dyrker sin Jord, skal mættes med Brød." Medalja ved venstre jakkeslaget kan vera 'Medaljen for borgerdaad' som Svanøe vart tildelt i 1821. I Florø har han fått ei gate oppkalla etter seg, Ole Svanøes vei.
Datering
Ukjend.
Fotograf
Målar: Ukjend.
Eigar
I Svanøen i Søndfjord.

Svanøy - eit senter for Haugerørsla

Svanøy vart eit kraftsenter for Haugerørsla i Sunnfjord med Ole Svanøe og sonen Christopher, som dei store leiarane. Folk reiste til Svanøy for for å få råd, trøyst og hjelp, - i åndelege spørsmål og i mangt og mykje av meir praktisk art. Men sunnfjordingane møtte òg Ole Svanøe andre stader. Han reiste vide omkring i Sunnfjord og tala Guds ord og rettleidde folk.

Tingneset i Vevring var òg ein sterk haugianarstad. Lars Jakobsson, eigar fyrst på 1800-talet var ein nær ven av Hauge, og i 1830 kjøpte Erik Olsen, Tingneset, tenesteguten frå Ål som kom til Svanøy i 1804. Han var òg omreisande predikant.

Image
I 1971, 200 år etter at Hauge vart fødd, gav Postverket ut to minnefrimerke. Motivet er utsnitt av Adolph Tiedemand sitt måleri "Haugianerne" frå 1852.
I 1971, 200 år etter at Hauge vart fødd, gav Postverket ut to minnefrimerke. Motivet er utsnitt av Adolph Tiedemand sitt måleri "Haugianerne" frå 1852.


Norsk Allkunnenbok. Band 5. Oslo 1953.
Norsk biografisk leksikon. Bind 4. Oslo 2002.
Stendal, Olav: Vevring - kyrkjer og kyrkjelyd. Naustdal 1996.
Johnsen, Helge: Haugemonumentet. I Bjørgvin. Kyrkjesogelaget. 1972.
Schou, Alhed: Svanøen i Søndfjord. Kristiania 1912.
Firda Folkeblad. 12.07.1954.
Svanøy Hovedgård - historien om et impulssenter. Aschehoug 1991.
Mer informasjon om {{ title }}
{{ field_image }}{{ field_images }}