Trong for utbetring
Den gamle vegen mellom Florø og Førde vart bygd i tida 1911-1945. Strekninga hadde varierande standard med mange flaskehalser og fleire utrygge parti. Sjølv etter at Naustdalstunnelen opna i 1995 og vegen over Ramsdalsheia var borte, stod det att 24 km veg av dårleg standard. I 1998 vedtok Stortinget full utbetring av riksvegen mellom Førde og Florø.
The whole road project was divided into seven independent projects with their own cost estimates and their own allocations on the national budget. Helgøya-Klavelandet (1999-2000), Mekvika in the same period, Grov-Grovavågen (2000-2001), Svarthumle-Storebru (2000-2001), Knapstad-Kvalvik (2001-2002), Storebru-Knapstad (2003-2005). The road construction work started up with an extension of the Helgøy tunnel in February 1999.
Utbetringar Førde og Naustdal
Om lag halve strekninga mellom Førde-Florø vart utbetra og ombygd frå 1960-åra. På 1960- og 70-talet vart vegen mellom Førde og Naustdal ombygd og utbetra med tre tunnelar; Kletten-tunnelen i 1969 og tunnelane på Rotenes og Hornnes i 1975. I 1995 opna Naustdalstunnelen med ny veg fram til Storebru.
Dårlegast i Flora kommune
I Flora kommune var det utbetringar og ombyggjing fleire stader på den 24 km lange strekninga frå Svarthumle til Brandsøy. Større utbetringar var tunnel gjennom Sundefjellet (1883 m) i 1985, og ny innfartsveg til Florø på nordsida av Brandsøy i 1991. Elles vart det utført ein del mindre utbetringar, men mange flaskehalsar og trafikkfarlege strekningar stod att.
Highway (RV) 5 at Helgøya before the upgrading.
Finansiering
Stortinget handsama finansieringa i ein eigen proposisjon; St.prop. 77/1997-98. Bompengeselskapet Sunnfjordtunnelen AS fekk løyve til å forskottera 120 mill. kroner som skulle investerast i perioden 1999-2001 slik at veganlegget kunne starta opp tre år før ordinær løyving over statsbudsjettet. Bompengane skulle krevjast inn i bomstasjonen ved Naustdalstunnelen for å dekke rentene av dei forskotterte midlane.
Skar gjennom
Prosjektet fekk statlege løyvingar frå 2002-2005, men med dei økonomiske planrammene som låg til grunn i Norsk vegplan 2002-2011, såg det ut som at anlegget ikkje ville få store nok årlege løyvingar til kontinuerleg drift. Det var ei viss redsle for at anleggsdrifta skulle halda på til 2010. I 2002 såg det ut som anlegget måtte stogga nokre månader av mangel på midlar til full drift. Vegdirektoratet ville ikkje gi løyve til å omdisponera 15 mill. kroner frå andre anlegg, men etter at samferdselsminister Torill Skogholm besøkte anlegget, gjekk finansieringa i orden. I det heile ordna finansieringa seg, og anleggsdrifta gjekk som normalt. Heile utbyggjinga kosta 376 mill.kr (2005-kroner.
From the work at Mekavika west of Klavelandet.
Høglydde klager
Stort sett gjekk arbeidet med dei ulike parsellane utan vanskar, men det oppstod ein del problem og spenningsmoment. Under arbeidet med å utvida Helgøytunnelen, der trafikken gjekk heile tida, vart vegen ståande under vatn og vegdekket vart sterkt øydelagt. Store hol i vegen var svært uheldig for bilane, og klagene var høglydde. Det vanskelegaste partiet var likevel i krysset ved Grov, der riksveg 5 møter riksveg 614 til Svelgen. Her var det ein viss fare for at fjellpartiet ville rasa i fjorden under sprengingsarbeidet. Trafikken måtte då ha vorte omdirigert via Sandane og Hyen! Noregs Geologiske Institutt og Vegdirektoratet var med i prosessen, og arbeidet vart framifrå gjennomført utan skade på den eksisterande vegen.
Eikefjord sentrum
Vegen gjennom Eikefjord sentrum vart heftig debattert. Fleire, spesielt næringsdrivande i Eikefjord, ønskte at vegen framleis skulle gå gjennom sentrum. Heilt fram til 2001 var dette eit vanskeleg tema. Vegvesenet og Flora kommune gjekk inn med 7-8 mill. kroner for å rusta opp sentrum etter at gjennomgangstrafikken vart lagt utanom. Her vart det gangveg, fortau, parkering og torg.
Vegopning
Samferdsleminister Torild Skogsholm stod for den offisielle opninga av nyvegen mellom Svarthumle-Mekevika, 6. juli 2005. Det var ikkje første gongen at statsråden besøkte veganlegget. Ein iskald desemberdag i 2002 opna statsråden vegparsellen Knapstad-Kvalvik forbi Eikefjord sentrum. Sommaren etter, i august 2003, opna Skogsholm det nyopprusta Eikefjord sentrum.
Ei tilleggshistorie
I Litle Helgøya fekk dei vegutløysing med overskotsmassar frå Helgøytunnelen. Ekteparet Giil måtte bruka robåten dei 200 metrane over sundet til riksvegen. Vegutløysinga til øya var slett ikkje med i vegplanen, men det var til stor glede for øybuarane då vegvesenet nytta overskotsmassar til å fylla opp sundet mellom Store og Litle Helgøya.