Det var stor aktivitet på "Amtskaia" når både lokalruter og andre rutebåtar skulle lasta og lossa på same tid.

There was much hectic activity at the "Amtskaia" when local boats and other boats loaded and unloaded goods at the same time.

Datering
Ca. 1960.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Florø - Norges vestligste by 100 år.

Fylkeskaia og huset Haffen

Torgkaia, Fylkeskaia - Amtskaia sa dei før - er framleis offentleg kai, men ikkje for rutedrift. Det gamle ekspedisjonshuset, Haffen, som vart bygt for snart 120 år sidan, er i dag ungdomshus.

Sju tusen kroner

Etter kvart som dampskipstrafikken til Amtsbaatane (Fylkesbaatane, FSF, etablert i 1858) auka på, vart kravet om ei skikkeleg kai i Florø presserande, men det gjekk nesten eit kvart århundre etter at FSF vart skipa, før bystyret greidde å skaffe dei nesten sju tusen kronene det kosta å byggje ferdig ei murt steinkai med ekspedisjons- og lagerbygg. Fram til 1878 vart skipa borda ute på Florevika.
I 1877 gjorde ordførar Livius Smitt framlegg i bystyret om å bygge ei dampskipskai i kommunal regi. Dette vart vedteke i mai året etter, med sju mot fem røyster, og kostnadsråma var 5000 kroner. Likeins vart det vedteke å bygge pakkhus for inntil 1000 kroner.

Makeskifte med presten

Knut Hansen heitte han som fekk kaiarbeidet, for 5600 kroner, og tømmermeister N. Hammer fekk bygge pakkhuset for 1230 kroner. Kaia vart bygt av stein frå "Mina" (i dag Strandgata 52), og dels av minesprengd sandstein frå stranda ved indre Årebrotsvågen.
Førearbeidet til å bygge ei kai der, vart gjort ved eit makeskifte mellom prestegarden og Jens Helmers i 1869. Presten hadde frå gammalt strandrett og naust til skyssbåten sin bak dette vesle neset. No fekk Helmers, og sidan kommunen, overta dette for å bygge kai.
I 1878 tok dei til å legge ut dei første steinane, men etter at kaia var komen opp, viste den seg å vere i trongaste laget til hovudekspedisjon for Fylkesbaatane. Særleg var det trongt å kome ned forbi ekspedisjonsbygget. I 1887 vart kaia påbygt med 10 alner vestover, og i 1902/03 likeins med 10 alner nordover. Det siste seiest å vere for å få den nybygde "Stavenes" til å ha stasjon i Florø.

Ny ekspeditør

Image
Kaia til Fylkesbaatane i Florø var i årevis utgangspunkt for eit nett av lokalruter i Sunnfjord og langs kysten. I andre høgda låg Hamnekafeen - Haffen.

The Fylkesbaatane quay in Florø was for many years the hub of a network of local routes in Sunnfjord and along the coast. On the first floor was the harbour café, Haffen.

Datering
1952.
Fotograf
J. Ottesen.
Eigar
Fylkesarkivet.

Samuel Knutsen som tidlegare hadde ekspedert Amtsbaatane på Florevika, ser ikkje ute til å ha gått i "bås" med bystyret, for han miste jobben som ekspeditør. Då den kommunale kaia stod ferdig i 1887 vart det lyst etter ny, og ein som heitte Kolbeinsen vart tilsett som ekspeditør. Han skulle betale 1000 kroner i årleg leige for kai og pakkhus. Etter han følgde Jens Helmers jr., og etter han S. Hatlem i 16 år, og så R. Melvær. Etter desse etablerte Karl Hopen og S. I. Solheim firmaet Hopen & Solheim og dreiv ekspedisjonen.
Her var eit yrande liv med båtar og folk og dyr, og varer som vart trilla på traller og sekkehjul inn og ut av ekspedisjonsbygningen. Den inneheldt forutan ekspedisjonskontor og lager, også Havnekafeen i andre etasje mot sør, med ein fjøs under. Denne verksemda heldt fram til Fylkesbaatane overtok ekspedisjonen midt på 1960-talet og flytte til den då mykje utvida Fugleskjerkaia lenger vest i indre hamn.

Image
Frå Fylkeskaia i Florø i 1965. Lasting av fôr til buskapen på øyane utanfor Florø.

From Fylkeskaia in Florø in 1965. Loading of fodder for the animals on the islands west of Florø.

Datering
Ca. 1965.
Fotograf
Harald J. Stavang.
Eigar
Harald J. Stavang / Fylkesarkivet.

Kystmuseum og fiskehandel

Image
Fylkeskaia med Haffen ein februardag i år 2018.

Fylkeskaia with Haffen on a September day in 2000.

Datering
09.02.2018.
Fotograf
David E. Antonsen
Eigar
I avisa Firdaposten 09.02.2018.

Etter at Fylkesbaatane flytta, har huset vore utleigd til fleire føremål, mellom anna til Kystmuseet som i 1979 fekk leige mestedelen av huset. William Johansen bygde om den gamle fjøsen i søre enden til fiskehandel. I andre heldt Havnekafeen fram endå nokre år. Etter museet overtok Florø Dykkerklubb kontora til klubblokale, men museet hadde framleis verkstad og utstillingslokalet som lager i mange år etter at dei flytte til nybygget på Austneset.

Image
Fylkeskaia sist på 1950-talet. Den nye lokalbåten "Hennøy" - bygd i 1957 - ligg på vestsida av kaia. Døra til Hamnekafeen - Haffen - ser vi like i framkant av overbygget på båten. Kafeen var i andre høgda i sørenden av bygningen, med utsikt til trafikken i Torggata og Strandgata, og mot hamna gjennom vindauga i spissarka over inngangen. I bakgrunnen ser vi Hermetikkfabrikken.

Fylkeskaia in the late 1950s. The new local boat "Hennøy", built in 1957, lies on the west side of the quay. The door of the harbour café, Haffen, can be seen above the bow of the boat. The café was located on the first floor, with a view towards the traffic in the streets of Torggata and Strandgata, and towards the harbour through the window in the pointed dormer above the entrance. In the background we can see the canning factory.

Datering
1957-1960.
Fotograf
Kåre Botnmark.
Eigar
Vest Foto / Fylkesarkivet.

Image
Fram gjennom tidene har Florø vore ei av dei viktigaste hamnene i fylket for Fylkesbaatane. Mang slags last har passert over kaiene. Her er vi på Fylkeskaia ein marsdag i 1965. Ei last med fôr til buskapen på øyane står klar.

Throughout the years, Florø has been one of the most important ports in the county for Fylkesbaatane. A wide range of goods and commodities have been handled at this quay. This picture shows Fylkeskaia on a March day in 1965. Fodder for the animals on the islands is about to be loaded.

Datering
Ca. 1965.
Fotograf
Harald J. Stavang.
Eigar
Harald J. Stavang / Fylkesarkivet.


Stavang, Harald J.: Flora - kulturhistorisk vegvisar. s. 111. Førde 1999.
Hole, E.M.:Florø gjennom 75 år. Florø 1935.
Førsund, Finn Borgen:Dampen og kaia. Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Førde 1998.
Torvanger, Magnus Helge: 101 Fjordabåtar. Førde 2000.