Utbetringsarbeidet byrja i 2001. Til saman vart 13 km utbetra, der 9 km var i Sogn og Fjordane. Løyvingane kom over det ordinære statsbudsjettet. Førebels er Stigedalsvegen ein del av stamvegen E39 Nordfjordeid-Folkestad-Volda, men som framtidig stamveg har Stortinget gått inn for Kvivsvegen for å få ferjefri veg til Volda.
Datering
2003.
Fotograf
Odd Erik Haugen.
Eigar
Statens vegvesen Region Vest.

Stigedalsvegen - ein veg i motvind

Få vegprosjekt har møtt så mykje motstand som Stigedalsvegen. Då vegen fekk stortingsløyving i 1921, gjekk Fylkestinget mot løyvinga. Vegen kom likevel, men kampen var ikkje over. I 2000 vart Kvivsvegen føreslegen som ein del av E-39 i staden for Stigedalsvegen, men vegen tolte motgangen, for i 2004 vart det brukt 11 mill. kroner til utbering.

Nordfjord-Sunnmøre

I 1880 vart spørsmålet om samband mellom Sunnmøre og Nordfjord teke opp. Fylkesmannen i Møre og Romsdal sende 18. juni 1880 eit brev til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane med spørsmål om dei ikkje ville vera med å krevja gransking av eit slikt samband. Fire alternativ låg føre: veg over Steinvikseidet (Stårheim-Steinsvik), veg gjennom Heggjadalen, veg over Bjørkedalseidet (Hjelmelandsdalen) og veg gjennom Stigedalen (Hjelle-Straumshamn).

Image
Stigedalsvegen vart bygd i 1921-31 og kosta kr 733.000. Vegen gjekk 9 km i Sogn og Fjordane og 14 km i Møre og Romsdal. Då Stigedalsvegen vart mellombels E-39 og ein del av kyststamvegen, vedtok Stortinget at vegen skulle utbetrast. Legg merke til dei gamle stabbesteinane.
Datering
1990.
Fotograf
Olav Handeland.
Eigar
Statens vegvesen Region Vest.

Hjelmelandsdalen

Alt i 1826 var det bygd ein enkel veg over Bjørkedalseidet (Hjelmelandsdalen), men vegen var tung, og hadde ei stigning på 1:6. Området var og svært snørikt om vinteren. Vegen var svært aktuell då postrutene vart drøfta sist på 1700-talet. I 1850-åra kom spørsmålet om eit betre vegsamband mellom Eid og Volda opp. Både Stigedalen og Bjørkedalen-Hjelmelandsdalen vart drøfta, men mot slutten av hundreåret var det Stigedalslina mest aktuell. Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Eid kommune og postvesenet ivra sterkt for veg gjennom Stigedalen.

Liten interesse for Heggjadalslina

Diskusjonane om dei ulike alternativa bølgja fram og tilbake. I trafikkplanen av 1907 vart veg gjennom Heggjadalen ført opp som bygdeveg der halvparten av kostnadane skulle bli dekka gjennom statstilskot. Planen var at vegen skulle byggast i perioden 1930-36. Men i revisjonen av vegplanen i 1918 vart vegen føreslegen som hovudveg. Det endelege resultatet var at strekninga mellom Heggjabygda og Heggjadalsvatnet vart bygd som bureisingsveg i 1936-37, med tilskot frå Landbruksdepartementet.

Lokalt engasjement for Stigedalsvegen

På eit sammøte av formannskapa i Eid og Volda i 1907, der vegsjefane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal var til stades, vart det tilrådd at vegen gjennom Stigedalen burde byggjast snarast råd. Vegsjefen i Sogn og Fjordane ønskte helst jernbane i staden for veg, men av di det ville ta for lang tid, gjekk han inn for veg. I planen av 1918 vart veg gjennom Stigedalen sett opp som hovudveg i klasse I (utan distriktstilskot).

Lokale politikarar og stortingsmenn arbeidde hardt for Stigedalsalternativet, noko som førte til at to stortingsmenn frå Sogn og Fjordane sende ei fråsegn til departementet om at løyvinga måtte komma utanom fordelingsprosenten. Vegsjefen i Sogn og Fjordane slutta seg til dette. I 1960-åra vart vegen gjennom Heggjadalen til Austefjord og Volda fullførd, og har idag status som fylkesveg.

Storm av protestar etter synfaring

Vegnemnda i Stortinget var på synfaring våren 1921. Dette førte til ein storm av protestar frå mange ordførarar. Fylkestinget vedtok i juni to fråsegner som i realiteten var ei bøn om ikkje å få vegen. Dei var redde for at vegen vil komma framfor andre og viktigare vegar. Dei hevda at vegen ikkje hadde ålmenn interesse og ikkje var av "interesse for saameget som en eneste gaard i fylket ". Men vegen fekk ekstraordinær stortingsløyving mot fylkestinget sin vilje og vart bygd i perioden 1922-32.

Ein del av den Vestlandske stamvegen

Tidleg på 1950-talet vart det reist spørsmål om kvar den vestlandske stamvegen skulle gå. Det førelåg to alternativ: Stigedalen med ny veg frå Straumshamn til Folkestad og ferje til Volda, veg frå Hornidalen over Kviven til Volda utan ferje. Stigedalsalternativet fekk fleirtal i Stortinget, og frå kommunane Gloppen, Eid, Volda og Ørsta kom det krav om utbetringar. På møresida medførte dette ny veg mellom Folkestad og Straumshamn, medan det skjedde lite i Nordfjord, bortsett frå at vegen mellom Eid og Hjelle vart utbetra fordi den var del av rv 15 Måløy-Strynefjellet-Otta som hadde prioritet.

Ny kamp om stamveglina på 1990-talet

Tidleg på 1990-talet kom det krav om at den Vestlandske stamvegen, eller Kyststamvegen som vegen no vart kalla, skulle vera ferjefri. Politikarane vedtok at framtidig stamvegtrase difor skulle gå gjennom Hornindalen over Kviven (Kvivsvegen), men at dagens E39 gjennom Stigedalen framleis skal vera ein del av riksvegnettet. Nasjonal Transportplan 2002-2011 stadfesta dette og føresette at E-39 gjennom Stigedalen vart utbetra i perioden 2002-2005. 16. september 2004 opna den "nye" Stigedalsvegen som med nokre unntak har fått ein tilfredstillande standard og har redusert reisetida mellom Nordfjordeid og Folkestad til under ein halv time.

Image
Her ser vi to arbeidarar på anlegget i 2001-2004. Det er stor skilnad på arbeidsklede, sikkerheitsutstyr og ikkje minst maskinelt utstyr, i høve til 1920-åra.
Datering
2003.
Fotograf
Odd Erik Haugen.
Eigar
Statens vegvesen Region Vest.
Image
Av di det også i 1990-åra var politisk strid om vegen, vart det teke initiativ til å skapa eit lokalt engasjement til støtte for vegen. Arbeidsutvalet for stamvegen E 39 Nordfjoreid-Folkestad-Volda, skipa i 1995, har litt av æra for den nye vegen. Her er eit glimt frå opningsdagen 16. september 2004.
Datering
2004.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Statens vegvesen, Region Vest.
  • Aaland, Jakob: Ytsyn yver Stigedalsvegsoga. Bergen 1931.
  • Indstilling fra Trafikplankomiteen av 1919. Bergen 1921.
  • Nagell, Otto: Det norske vegvesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940. Bd III, Oslo 1950.
  • Seip, H.: Sogn og Fjordane Fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Sogn og Fjordane Fylkeskommune 1958.
  • E39 Stigedalsvegen (Hjelle-Staumshamn). Statens vegvesen 2004.