Valbjørk-kanne, som har tilhøyrt proprietær T. Ravn i Lærdal. Vart kjøpt til De Heibergske Samlingar Sogn Folkemuseum i 1910. I tillegg til dei karakteristiske løvemotiva på toppen av hanken og som bein på kanna, er det og på loket ei utskoren løve.
Datering
Ukjend
Fotograf
De Heibergske samlinger Sogn Folkemuseum
Eigar
De Heibergske samlinger Sogn Folkemuseum

Drikkekar av tre

Ølbollar og skåler, kanner, kjenger og staup, er namn på drikkekar som er laga av tre. Til høgtidene gjennom året og andre samkomer gjennom året og livet, høyrde heimebryggja øl med som ein viktig del av festen, og drikkekara vart sende rundt bordet frå munn til munn. Denne skikken heldt seg til tuberkulose-epidemiar førte til redsle for smitte frå slutten av 1800-talet.

Svarva drikkekar

Svarva ølbollar og skåler var av dei vanlegaste og mest utbreidde drikkekar av tre over heile landet. Desse er kjende heilt frå 1500-talet. Dei er ofte vakkert rosemåla og påskrivne små humoristiske rim, såkalla drikkevers, som til dømes:

 

Image
Ein ordinær ølbolle frå Leikanger, raudmåla og med enkel dekor på inn- og utsida. Bollen vart innkjøpt til Sogn Folkemuseum i 1904.
Datering
Ukjend
Fotograf
Sogn Folkemuseum
Eigar
Sogn Folkemuseum

Svarvarar frå Valdres

Staselege kanner som var svarva i rottre frå valbjørk, var og utbreidde i Sogn. Desse var ikkje laga lokalt, men av svarvarar frå Valdres, som drog langsmed fjorden og arbeidde her på slutten av 1700-talet. Desse var laga etter modell av sølvkanner frå barokktida, og vert ofte og kalla løvekanner, av di hengsla på loket ved hanken, ofte er pryda med ei løve og kanna kviler på tre løver.

Kjenger

Som ølbollane og kannene, er også kjengene laga av eit stykke tre, men dei er skorne og hola ut med av hand, istadenfor ein svarvestol. Det karakteristiske ved kjengene er den dekorative utforminga av hankane, med eit utal variasjonar. Størst utbreiing har hankar forma som hestehovud. Desse finst over heile indre Sogn og vart brukt som symbol på fruktbarheit. Frå midtre Sogn kjenner vi og til duehank og ormehank. Kjengene kan vere rosemåla eller dei kan vere dekorerte med karveskurd.

 

Image
Ølkjenge av bjørk med hestehovehandtak, med ornament i karveskurd, på begge sider. Langs øvre kant er måla med svarte bokstavar: Jon Jonsen Haave 1809. Kjenga vart kjøpt inn til Sogn Folkemuseum frå Vik i 1937.
Datering
Ukjend
Fotograf
Sogn Folkemuseum
Eigar
Sogn Folkemuseum

Staup

Medan kjengen er typisk for dei indre distrikta av Vestlandet og Sogn, har staupet si største utbreiing i dei ytre fjorddistrikta. Staupet var lagga, d.v.s. at det er bygd opp av vertikale stavar som vert haldne saman av horisontale band av kvistar, ein teknikk som har røter i førhistorisk tid. Det er likevel sjeldan ein finn staup som er eldre enn frå 1700. Som kjengene var også staupa pryda med hestehovud på hankane. Elles var dei dekorerte med ein enkel dekor av innsvidde eller utskorne ornament.

 

Image
Lagga ølstaup, dekorert med svijarnsornament. Under botnen er det skore inn årstalet 1769. Staupet vart innkjøpt til Sogn Folkemuseum i 1904, frå Leikanger.
Datering
Ukjend
Fotograf
Sogn Folkemuseum
Eigar
Sogn Folkemuseum
  • Norske bygder bind IV. Sogn.
  • Ellen Ørnes: Antikvitetshåndboka. Oslo 1999.
  • Per Gjerder: Norske drikkekar av tre. Universitetsforlaget 1974.