Nord for Anda kryssar ein enorm morenerygg Hundvikfjorden (Nordfjord). Det seismiske profilet syner at det underst ligg 100 m tjukke lag av leire oppå fjellgrunnen. Ovanpå leira ligg 100 m tjukke skrå lag av sand og grus og oppå sandlaga ligg det 50 m tjukke morenemassar. Moreneryggen er omlag 12 000 år gamal
Datering
2005
Fotograf
Aarseth, Inge
Eigar
Aarseth, Inge

Dei største moreneryggane i Sogn og Fjordane

Isbrear er effektive buldosarar. Når breane i slutten av siste istid, for omlag 11.700 år sidan gjorde ein større framstøyt skuva dei saman enorme moreneryggar på botnen av fleire av fjordane i fylket. Der breane låg ei stund avsette smeltevasselvar hundre meter tjukke lag av sand og grus som del av moreneryggane.

Kuldebolken "yngre dryas"

På slutten av siste istid, for omlag 13-14.000 år sidan, fekk vi att Golfstraumen som hadde vore fråværande under istida. Isbreane byrja å smelta og kalva raskt opp innetter fjordane. Men for 12.800 år sidan vart "pumpa" som dreiv denne straumen skrudd av og den varme havstraumen tok brått ei sørlegare rute austover mot Portugal. Det er kvervlar i havet nord for Island, som fører kaldt (og tungt) vatn ned mot djupet og vidare sørover mot Atlanteren, som driv denne varmepumpa. Når ho stogga fekk vi her nord ein 1000-årig lang "fimbulvinter". Breane la på seg att, vart brattare og rykka fram mange kilometer i fjordar og dalar.

Lote-Anda ryggen

Neste gong du tek ferja over Nordfjord mellom Anda og Lote kan du førestilla deg iskanten som stogga opp nett der ferja no går. I Innfjorden låg den mektige breen og utover var fjorden full av store isfjell. Under iskanten strøymde store smeltevasselvar som førde med seg stein, grus, sand og leire. Grus og sand vart avsett framom brekanten i 100 m tjukke lag som tippa ned ein bratt skråning (omlag 15-20º). Leirlaga i Hundvikfjorden utanfor moreneryggen er 3-400 m tjukke! Til slutt rykka breen litt fram og avsette ein 50 m høg morenerygg oppe på skrålaga. Fjordterskelen her er 130 m djup. Den same breen avsette moreneryggen på Føleide og smeltevatn rann ut dalsøkket mot Vereide der det vart avsett eit større delta ut i fjorden. Dette markerer havnivået på den tida: 75 moh. Planane om ein vegtunnel under fjorden måtte skrinleggjast når vegstyresmaktene fekk høyra at det var vel 200 m tjukke lausmassar på terskelen. Ein eventuell tunnel ville ha vorte dobbelt så lang som først planlagt.

Gloppen

Samstundes med avsetjinga av moreneryggen i hovudfjorden kom det ei bretunge ut Gloppen. Her er det ikkje så høge moreneryggar på fjordbotnen, men dei seismiske profila syner at breen gjorde fleire framstøyt. På sørsida av Gloppen er det mykje morenejord og namnet Rygg vitnar om at forfedrane våre levde i pakt med naturen. Etter at moreneryggane var skuva saman kalva breen attende til Vassenden der smeltevasselva avsette den store Vassendemona som eit delta ut i fjorden som der og nådde 75 m høgare enn i dag.

 

Image
Seismisk profil langs Gloppen nokre kilometer utanfor Sandane. Her kryssar fleire 12 000 år gamle moreneryggar fjorden. Først avsette breelva 50 m tjukke sand- og gruslag på skrå ned mot djupet. Oppå sandlaga vart det så avsett to morener, den første ytst på kanten og den andre lenger inne. Det ligg tydelege rasmassar på botnen utanfor ytste ryggen.
Datering
2005
Fotograf
Aarseth, Inge
Eigar
Aarseth, Inge

Førdefjorden ved Kvammen

I den same kuldebolken ("yngre dryas") sende breen i Førdefjorden ei lang bretunge ut til der fjorden smalnar av ved Kvammen. Der er det ein fjellterskel som stabiliserte brefronten som låg og kalva i den djupe Førdefjorden utanfor. Her vart det avsett 300 m tjukke lag av leire på botnen av fjorden (som no er omlag 300-350 m djup). Moreneryggen i sundet ved Kvammen er vel 100 meter høg og når i dag opp til 53 meter under havflata. På toppen av ryggen er det mange rullesteinar, noko som vitnar om sterk straum (bilde). På vestsida av sundet kjem moreneryggen på land og dannar eit større nes; Ålaneset med garden Ytre Ålen.

 

Image
Undervassbildet dekker omlag 5 m2 av botnen på toppen av moreneryggen ved Kvammen i Førdefjorden. Vassdjupet er 60 m og steinane og grusen på bildet syner at det er sterk straum over denne fjordterskelen.
Datering
2005
Fotograf
Aarseth, Inge
Eigar
Aarseth, Inge

Dalsfjorden og Fensfjorden

I Dalsfjorden låg iskanten midt etter fjorden frå rett sør for Ytre Åsnes til Fureneset, 8 km lenger vest. Her og vart det avsett tjukke lag av leire på botnen, men og på flatene på nordsida av fjorden. Denne leira har vore råstoff for to teglverk (Helle og Vårdal) som var i drift i over 70 år til omlag 1970. På Fureneset er det tydelege moreneryggar som markerer iskanten på den tida. I Fensfjorden stod brekanten mellom Sandøy (Gulen) og Leirvåg på sørsida. Her utgjer moreneryggen ein 250 m høg terskel i fjorden. På nordsida av fjorden ligg gardane på Sandøy (Sande og Ånneland) på denne moreneryggen eller på sand- og leirjord vaska ut frå breen.
Den meir enn 10.000 år gamle "fimbulvinteren" har såleis tydd mykje for naturgrunnlaget i fylket, både for jordbruket, for sand- og grusdrifta og for dei gamle teglverka. Hadde breen kalva opp i fjordane utan å stogga opp ei tid, ville ytre og midtre strok av fylket mangla mykje av dette naturgrunnlaget.

  • Aarseth, I., Austbø, P.K. & Risnes, H., 1997: Seismic stratigraphy of Younger Dryas ice-marginal deposits in western Norwegian fjords. Norsk Geologisk Tidsskrift 77, 65-85.
  • Aarseth, I. 1995: Sedimentene på bunnen av fjordene i Vest-Norge. Naturen 5 1995, 212-220.