Kunstnarbustad i drakestil
Huset er bygt i 1906 og kjøpt som ferdighus frå trelastfirmaet Jacob Digre i Trondheim. Opprinneleg hadde det atelier mot nord med eit stort ateliervindauge i gavl-veggen. Verandaen mot sjøen var opprinneleg open. Mot søraust har huset ein inntrekt varanda i gavlen omgitt av rik dekor. Huset har drakestil-element i form av takryttarar og taksperrer som endar i utskorne og måla drakehovud. Fargane er svært nær dei opprinnelege, og engelskraudt, oker, kvitt og grønt er brukt for å framheva dekor og bygningselement.
Etter at Heaton Cooper selde huset, alt i 1908, vart atelieret bygt om slik at det vart to rom i andre etasje. Verandaen mot sjøen vart også bygd inn med glasruter mellom søylene. Huset har hatt fleire eigarar og funksjonar før det i 1990-åra vart ein del av Vestnorsk Reiselivsmuseum, og nytta til kunstutstillingar og bustad for gjestande kunstnarar.
Sterk interesse for norsk natur og kultur
Alfred Heaton Cooper voks opp i Lancashire i England. Han vart utdanna som kunstnar ved Westminister School of Art i London, og vegvalet førte han i 1891 for første gong til Norge, med Balestrand som utgangspunkt for opphaldet.
Dette vart det første av mange norgesopphald. Heaton Cooper var naturleg nok oppteken av landskapet han møtte, men skissene hans vitnar også om stor interesse for alle sider ved dagleglivet til folket langs fjorden. Han lærte seg raskt språket for å kunne snakke med folk han møtte.
Interessa for det norske vart også synleg på heimstaden i England. I 1905 kjøpte han eit tømra drakestil-hus, også dette frå firmaet Jabob Digre i Trondheim, som han fekk sett opp som studio og atelier i Coniston.
Kunstmålaren
Alfred Heaton Cooper var først og fremst landskapsmålar. I England er han rekna som ein av dei finaste viktorianske målarane og arbeida hans finst i fleire offentlege samlingar. Han er særleg kjend for motiva sine frå Lake District og som illustratør av ikkje mindre enn 36 reisehandbøker.
Heaton Cooper tilhøyrde den tradisjonen som trudde på å måle ute, ved motivet sitt. Familien fortel, både frå England og Norge, at faren var trufast ute og måla, mest kvar dag. Om veret var for dårleg, tok han blyantskisser som han fargela heime. Han hadde eit uvanleg godt minne for fargar, fortel sonen William i boka "Alfred Heaton Cooper - Painter of Landscape".
Gifte seg med Matilde Marie
Første hausten i Balestrand møtte han Mathilde Marie Valentinsen. Ho var dotter av fargar Rasmus Valentinsen i Balestrand. Ved juletider 1891 skriv Heaton Cooper denne helsinga i Matilde si minnebok:
"To Mathilde. With the best of Good Wishes for your future welfare - yes, and may your life be a long and happy one - and may I never forget Balholmen and yourself. AHC"
Han gløymde ikkje Mathilde. Vel heime i England, året etter, skreiv kunstnaren for å fri til henne. Hausten 1894 gifte dei seg i Tjugum kyrkje. Dei busette seg i England og fekk etterkvart fire born.
Balestrand var mål for mange kunstnarar
Balestrand har alt sidan 1820-åra vore søkt av kunstnarar. Her fann dei nasjonalromantiske målarane gjenklang for motivideala sine, med vakkert og vilt fjordlandskap, kulturminne og soger som knytte folk og landskap til vikingtida. Også dei seinare romantiske landskapsmålarane vart tiltrekte av landskapet og lyset her.
I 1890-åra voks Balestrand fram til ein internasjonalt kjend turiststad. Dette tiåret var det også at dei første kunstnarane bygde drakestil-villaer i bygda.
"Paintings for sale"
I den aukande turiststraumen var det også gode kundar for kunstnarane. Nokre hadde galleriutsal frå huset sitt, slik Heaton Cooper hadde i Holmen. Men det var også svært vanleg at kunstnarane hadde salsutstillingar på hotella eller på kafear.
Av korrespondanse finn vi at hotella faktisk hadde avtalar med kunstnarforeiningar om utstillingar og opphald for medlemmene deira. Dette galdt både biletkunstnarar og musikarar.Vi ser også spor etter kunstnarane i godsstatistikkane frå denne tida, t.d. vart det i 1919 eksepedert "8 måleri i kassar" frå Balholm.