Den gamle ridevegen i Nærøyfjorden byrja ved garden Styvi. Styvi var frå gammalt av skyssgard og postgard. Her er det fleire bustadhus og driftsbygningar, og garden er framleis i drift. Det skal ha budd folk her sidan vikingtida. I middelalderen var det tre bruk på Styvi, men etter Svartdauden (1349) har det aldri vore meir enn to bruk. Ved fjorden ligg det minste postkontoret i landet, kombinert med kafé og gardsmuseum. Museet opna i 1993.

The old riding path in the Nærøyfjord started at the Styvi farm. Styvi had been a post station and postal farm for centuries. The farm has a number of residences and outbuildings, and the farm is still in operation. The place is said to have been settled since the Viking Age. In the Middle Ages there were three farms at Styvi, but after Black Death (1349) there have never been more than two farms. Down by the fjord is the smallest post office in the country, combined with a café and a farm museum. The museum was opened in 1993.

Datering
1995.
Fotograf
Per Birger Lomheim.
Eigar
Statens vegvesen Region Vest, SFFf-100057.111991.

Postvegen Bleiklindi - Styvi i Nærøyfjorden

Dagens stamveg mellom Oslo og Bergen går mykje godt etter den same ruta som dei gamle postvegane gjorde. Men frå Lærdal følgjer dei ikkje lenger fjorden, men tek seg gjennom fjellet i mange og lange tunnelar. Ein del av den gamle postvegen som gjekk langs Nærøyfjorden ligg framleis urørd. Denne vegen vart for det meste nytta om vinteren når det låg is på Nærøyfjorden og det var vanskeleg å bruka båt til og frå Gudvangen.

Ein gammal rideveg

Den gamle postvegruta gjekk vanlegvis med båt mellom Lærdal og Gudvangen i Nærøyfjorden. Bøndene, som hadde skyssplikt, rodde postkarane den lange vegen. Men seinhaustes og til ut i april kunne det liggja is inne i Nærøyfjorden. Då vart Styvi stoppestad. Her var det eit 5 km langt vegfár inn til Bleiklindi der fjorden er på sitt smalaste. Herifrå var det å ta seg over isen til Bakka, tvers over fjorden, og vidare etter eit vegfár inn til Gudvangen. Men kryssinga på isen var ikkje heilt ufarleg. Så viktig var denne vegparsellen for postgangen, at det rundt 1850 vart vurdert å føra vegen vidare frå Bleiklindi til Ramsøy og Gudvangen. Då kunne dei unngå den farlege kryssinga på isen over fjorden til Bakka. Vegen mellom Bleiklindi og Styvi var ein viktig del av postvegen mellom Bergen og Oslo.

Image
Den gamle postvegen er svært smal, og går her langs fjellskråninga heilt nede ved sjøen. Her er det sett opp ei bru. Brua går over eit svingparti på vegen inn mot Galdsviki. Vi ser korleis vegen er murt opp på det bratte svaberget som går rett i fjorden.

The old postal road is very narrow and on this picture it passes the crag down to the sea level. A bridge has been built there. The road makes a turn towards the bay of Galdsviki. We can see how the road has been built up with a stonewall on the steep and slippery crag.

Datering
24.10.1995.
Fotograf
Per Birger Lomheim.
Eigar
Statens vegvesen Region Vest, SFFf-100057.111984.

Ein sledebåt vart konstruert

Vinters tid måtte ein ofte ha båt med på sleden, i tilfelle det var råd å ro. Det var sjølvsagt svært tungvint, og difor konstruerte postbøndene i Nærøy ein spesiellisbåt, ein kombinasjon av slede og båt. Dei bygde båten slik at den vart nokså jambreid, og samstundes flatbotna. I staden for kjøl etter midten bygde dei to kjølar eller meier. Båten var lett, men stødig, og på isen oppførde han seg som ein slede. Ingen veit når den første isbåten vart bygd, men truleg var det ein gong på 1700-talet. Den siste isbåten står på Sogn folkemuseum.

Vegen ligg i eit landskapsvernområde

Vegen mellom Bleiklindi og Styvi følgjer i hovudsak strandlina der det er mogleg. Vegen har vakre bakkemurar, stikkrenner og grøfter. I Galdane, like vest for Styvi, er det bygd ei trebru langs fjellet slik at ein kan passera dette bratte fjellpartiet. Litt vest for Galdane vart det sett opp jernrekkverk på oppsida av vegen til hjelp for dei vegfarande når det var issvullar og glatt. 18. oktober 1991 vart strekninga Styvi-Holmo oppretta som landskapsvernområde. Vern av heile Nærøyfjorden var alt då ein del av arbeidet med ein nasjonalparkplan, men grunna private planar om å byggja ein landbruksveg frå Styvi langs fjorden, vart prosessen med å verna postvegen mellom Styvi og Bleiklindi framskunda.

Image
Nærøyfjorden er eit verna område og står på UNESCO si liste over verdas viktigaste kultur- og naturarvobjekt. Nærøyfjorden er rekna mellom dei vakraste fjordlandskapa på i verda.

The Nærøyfjord is a protected area and has been inscribed on UNESCO's World Heritage List of the world's most unique natural and cultural monument sites. The Nærøyfjord is held to be among the most beautiful fjord landscapes in the world.

Datering
24.10.1995.
Fotograf
Per Birger Lomheim.
Eigar
Statens vegvesen Region Vest, SFFf-100057.111986.

Veg til Bakka, men ikkje til Styvi

På 1800-talet vart det sett i gong opprustingsarbeid av postvegane for å få fortgang i postomberinga. I 1854 bygde dei ein køyreveg mellom Gudvangen og Bakka. Vegbreidda var 2,5 m med innskrenkingar til 1,9 m på dei vanskelegaste stadene. Vegen frå Styvi til Bleiklindi vart aldri noko anna enn gangveg og kløvveg.

  • Skougaard, Joh.: Det Norske Veivæsens Historie med Oversigt over Statens Veivæsens Virksomhed i Tidsrummet 1820-1898. Kristiania 1899.
  • Ohnstad, Anders: Aurland bygdebok fram til om lag 1920. Auland sogelag 1962.
  • Lomheim, Per Birger: Gamle vegar i Indre Sogn. I Årbok for Sogn, 1998.