Løkeland flytte i 1930 til Herland på vestsida av Atløy. Her bygde han både bustadhus og forretning. På biletet ser vi Herland på 1970-talet med hermetikkfabrikken sentralt på hamna. Moloane vart ferdige på 1960-talet, før dei kom var det vanskelege hamneforhold her.

In 1930, Løkeland moved to Herland on the west side of Atløy and built a residential house and a business there. The picture shows Herland in the 1970s with the cannery centrally located on the harbour. The breakwaters were built in

Datering
Slutten av 1970-talet.
Fotograf
Sigvald Vårdal.
Eigar
I Kystbygdene skifter ham.

Løkeland hermetikkfabrikk på Atløy

Verksemda vart etablert av Sigurd Løkeland i 1922. Hovudproduktet har vore hermetisert krabbe, naturell eller som postei. Til ut på 1960-talet vart krabbehermetikk produsert på fem til seks fabrikkar i Sogn og Fjordane. Talet på slike fabrikkar gjekk ned, og i 1984 var det berre fem att i landet.

Oppstart

Krabbefisket hadde ikkje noko særleg omfang i Sogn og Fjordane før 1900. Krabben vart sett på som simpel vare jamført med hummaren. Med oppstarting av hermetikkfabrikkane vart krabben etterspurd som råvare. Sigurd Løkeland leverte krabbe til hermetikkfabrikken i Sauesund. Det var ikkje alltid han fekk levert all fangsten, og tanken om å starte eigen hermetikkproduksjon vart vekt. I 1921 deltok han på eit kurs i produksjon av krabbehermetikk i Øygarden i Hordaland. Året etter starta han i det små i ei sjøbu på Laukeland. Krabben vart kokt i kar utandørs, og pakka i bua.

Image
Då Løkeland kom til Herland i 1930 leigde han den store sjøbua til venstre på biletet. Her gjekk produksjonen av hermetisk krabbe føre seg til det vart bygt nye produksjonslokale i 1947.

When Løkeland came to Herland in 1930, he rented the big sea warehouse to the left in the picture. There the production

Datering
1984.
Fotograf
Finn B. Førsund.
Eigar
Finn B. Førsund.

Avsetnad på Austlandet

Etter at Løkeland hadde synt dei første produkta sine til ein grossist i Oslo, var heile neste årsproduksjon sikra avsetnad. Austlandet vart den viktigaste marknaden dei første tiåra.

Fabrikken på Herland

I 1930 flytte Løkeland til Herland på Atløy, der han sette opp hus til bustad og forretning. Fabrikkverksemda vart driven vidare i ei leigd sjøbu. Ny fabrikk stod ferdig i 1947. Etter krigen vart mesteparten seld til England.

Image
Ein lokal fiskar leverer krabbefangsten på Herland. Kvar fiskar har ein viss kvote krabbe han kan fange. I 1984 var kvoten på 1500 kg. På kaia står Olav og Edvin Landøy.

A local fisherman is delivering a crab catch at Herland. Each fisherman has been given a certain quota of crab he can fish. In 1984, the quota was 1500 kilograms. On the quay Olav og Edvin Landøy.

Datering
1983.
Fotograf
Anita Løkeland.
Eigar
I Kystbygdene skifter ham.

Kvinner i industrien

Hermetikkindustrien vart ei ny sysselsetting for kvinnene i kystbygdene, og for dei fleste den einaste form for lønsarbeid. Slik òg på Atløy då Løkeland Hermetikkfabrikk kom i gang. I førstninga kunne det vere mellom 20 og 30 arbeidarar, dei aller fleste kvinner. Produksjonssesongen var vanlegvis frå september til november. Dei daglege arbeidsøktene svinga i takt med leveransane frå fiskarane. Den kokte krabben måtte leggjast i boks same dagen. Dermed kunne det bli lange og uregelmessige arbeidsdagar, stundom lengre enn 10 timar.

 

Image
Her legg Målfrid Tviberg (t.v.) og Reidun Landøy rein klo-krabbe på boks. Det er eit tidkrevjande arbeid som må gjerast med hand. Anita Løkeland ser til at sluttproduktet vert både fint og godt.

Målfrid Tviberg (left) and Reidun Landøy are putting clean crab claws in tins. This is time-consuming work which has to be done by hand. Anita Løkeland controls that the end product looks and tastes good.

Datering
Ca. 1984.
Fotograf
<i>Firdaposten.</i>
Eigar
I Kystbygdene skifter ham.

Fryselagring i 1960-åra

Etter at den nye fabrikken kom i drift i 1947, kunne arbeidsstokken ligge på mellom 50 og 90 personar. I 1960-åra tok dei til å lagre krabben i fryseri. Dette førte til at produksjonssesongen vart lengd til ut i februar, og ei betre regulert arbeidstid. Men dette hadde òg til konsekvens at talet på tilsette i krabbeproduksjonen vart redusert til kring 30 personar.

Gründaren med i 54 sesongar

På 1960-talet leigde Sigurd Løkeland fabrikklokale til krabbeproduksjon i Mausundvær og i Sula i Sør-Trøndelag. Aktiviteten her vart fram til 1976 leia av sonen Konrad og kona hans, Anita Løkeland, då dei tok over fabrikkdrifta på Herland. Då hadde Sigurd Løkeland bak seg 54 sesongar med krabbeproduksjon. I 2001 tok tredje generasjon over.

Krabbehermetikken på nedtur

På slutten av 1960-åra var dei gode tidene for krabbeindustrien over. Fangstmengdene på krabbe gjekk nedover, men viktigast var det at krabbehermetikken selde stadig dårlegare, og vart etter kvart rekna som eit høgkostprodukt. Midt på 1970-talet fekk næringa statsstøtte. På 1980-talet vart salet av krabbehermetikk organisert gjennom Norcanners. Det var då, og enno i 1990-åra, berre Løkeland Hermetikkfabrikk att i Sogn og Fjordane som dreiv med produksjon av krabbehermetikk. I denne prosessen vart krabbefisket regulert frå fritt fiske til kvoteregulering.

Image
Fram til 1983 sende Løkeland produkta sine ut i eigne boksar, både innanlands og utanlands. Seinare vart salet organisert gjennom Norcanners, og all norsk krabbehermetikk vart pakka i same emballasje. Biletet viser korleis boksane såg ut på den engelske marknaden på 1980-talet.

Until 1983, Løkeland sold his products in his own tins, both in Norway and abroad. Later the sale was organized through the firm of Norcanners, and all Norwegian canned crab was sold in the same packaging. The picture shows what the boxes looked like on the English market in the 1980s.

Datering
Ca. 1985.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Kystbygdene skifter ham.

I seinare tid har sjømat kome meir i fokus. Verksemda sitt viktigaste produkt har vore krabbe i krabbeskjell, selt som ferskvare til butikkjeder. Krabbehermetikk har den siste tida utgjort ein mindre del av produksjonen, men er på opptur. I 2001 var 16 personar sysselsette i produksjonssesongen.

Anna verksemd

Under dei rike vintersildfiska i 1950-åra vart fabrikken leigd ut til eit bergensfirma som dreiv med sildemottak. På anlegget har det og vore fiske- og laksemottak. Heile tida dreiv Løkeland kolonialbutikk, der kona Laura Løkeland var engasjert.


Førsund, Finn B.: Kystbygdene skifter ham. Åtte nærstudium frå Sogn og Fjordane. Kystlæremiddelprosjektet, hefte 3. Utgjeve av Sogn og Fjordane Distriktshøgskule. Sogndal 1985.
Litteratur nytta til artikkelen:
Tviberg, Th.: Artikkel i Firda. 08.10.1980.
Johansen, Karl E.: Fiskarsoga for Sogn og Fjordane 1860-1960. Universitetsforlaget 1982.