Klausen Mekaniske Verksted AS

Verksemda i Bøvika vart starta av Jørgen Klausen i 1948. Broren Olav kom med seinare, og vart dagleg leiar. Til 1980 vart verksemda kalla Brødrene Klausen, og frå 1981, Klausen Mekaniske Verksted A/S. Det store industrianlegget er eit dominerande innslag i bygdebiletet, og ei hjørnesteinbedrift i bygda.

Oppstart og første år

Dei to brørne vart fødde på øya Reksta i Flora, og kom som smågutar til Helle. Med tida skulle dei byggje opp den største arbeidsplassen i bygda. Jørgen hadde gått i smedlære då han i 1937 tok til som reparatør ved Helle Teglverk. Det vart til at han tok på seg ymse smedarbeid for bygdefolket òg. I 1947 sette han opp eigen verkstad, bygt av teglstein frå teglverket. Det var stein han plukka opp frå sjøen ved bryggja, då det hende stein fall i sjøen under lasting. Produksjonen kom i gang i 1948. Olav skaffa seg mekanisk og teknisk utdanning. Han vart etter kvart engasjert i verksemda. Dei kalla verksemda Brødrene Klausen.

Image
"Brødrene Klausen" - Jørgen og Olav. Dei var fødde på øya Reksta utanfor Florø. Foreldra var Klaus og Agnes Reksten. Berre tre og fem år gamle miste dei far sin som døydde i difteri. Mor deira hadde vore tenestegjente i Askvoll før ho vart gift og søkte no arbeid ved Trollefos Ullvarefabrik i Holmedal. Jørgen gjekk på arbeidsskulen i Holmøyane 1936/1937 og fekk opplæring i smedarbeid. Olav gjekk på Metallfagskulen i Førde 1941/1942, og deretter på Teknisk skule i Stavanger 1943-1945. Den fyrste smia si sette dei opp i Bøvikneset i 1947 og verskemda starta året etter.

"The brothers Klausen" - Jørgen and Olav. They were born on the island of Reksta to the west of Florø. Their parents were Klaus and Agnes Reksten. Only three and five years old, they lost their father, who died of diphtheria. Their mother had worked as a servant at Askvoll before she married, and she now sought work at Trollefos Ullvarefabrik (woolen mill) at Holmedal. Jørgen went to trade school at Holmøyane in 1936/1937, and was trained as a blacksmith. Olav went to the metal trade school in Førde in 1941/1942, and afterwards to the engineering school in Stavanger in 1943-1945. They built their first workshop at Bøvikneset in 1947, and the operations were started the following year.

Datering
1997.
Fotograf
Ragnar Bull.
Eigar
Klausen Mekaniske Verksted AS.

Det første produksjonslokalet var på 60 kvm. Det vart påbygt i 1952, og utvida og fekk ein 2. etasje i 1968. Den første tida dreiv dei med ulikt smedarbeid, og reparasjonar av reiskap. Dei laga elles taubaner, traktorreiskap, heisar og sparkstøttingar. Dei prøvde seg òg på eigenproduksjon av traktormodellen Vestland. I åra 1950-1960 arbeidde dei òg med utrustning og vøling av fiskebåtar.

Utviklinga etter 1970

Innan den mekaniske industrien var det ikkje uvanleg at ei verksemd dreiv med mange aktivitetar og produksjonar til ut i 1960-åra. Men då tok etter kvart meir spesialiserte og større einskilde produksjonar til å prege verksemdene. Slik gjekk det òg med Brødrene Klausen. Dette sette krav til større produksjonslokale, og førte til ny lokalisering av verksemda, som vart flytta frå Bøvikneset til Bøvika, vest for den gamle verkstaden. Her medverka Fjaler kommune til reising av ny industrihall i 1972. Seinare vart det reist tre nye produksjonshallar, den siste i 1996. Verksemda løyste ut dei kommunale investeringane i industrihallane. Eit større kaianlegg har òg komme på plass etter kvart. Frå kaianlegget kan seksjonar på opp til 80 tonn skipast ut.

Brødrene Klausen arbeidde seg inn på ein ny marknad då dei i 1970-åra tok til som underleverandør til andre industriverksemder. Dei leverte seksjonar til skipsverft, m.a. i Florø og Leirvik. Det er store dimensjonar over desse skipsdelane, der dei største leveringane har vore på 80 tonn.

Elles har verksemda produsert stålkonstruksjonar til smelteindustrien og ferjebruer til vegvesenet. Det har òg vorte laga delar til oljeindustrien. Dei siste par tiåra har produksjonen elles vore oppdrettsanlegg og oppdrag andre stader for ulike verksemder.

Arbeidsstokken

På slutten av 1960-talet var det kring 20 tilsette. Deretter auka sysselsetjinga til 115 i 1970-åra. Kring 2000 var arbeidsstokken på kring 75. Arbeidarane organiserte seg i eigen klubb i 1974.

Dotterselskap i Svelgen

I 1990 vart dotterselskapet Klausen Industrier Svelgen A/S etablert. Klausen Mekaniske Verksted hadde tidlegare hatt reisemontørar på oppdrag for Elkem A/S i Svelgen. Dette var grunnlaget for etableringa av dotterselskapet, som sysselset 12 personar. Dei driv med reparasjonsarbeid for mellom anna smelteverket, og produserer elektrode-mantlar, stålkasser som ligg rundt elektrodane.

Image
Frå 1990 kom Kværner Florø i gang med skipsbygging, og KMV var ein naturleg samarbeidspartner som underleverandør av seksjonar. Her er ein seksjon under arbeid.

From 1990, Kværner Florø started building ships, and Klausen Mekaniske Verksted became a business partner as a subcontractor of units. In the picture, a unit under construction.

Datering
1997.
Fotograf
Kjell Eikemo.
Eigar
Klausen Mekaniske Verksted AS.

 

 


Bull, Ragnar: Klausen Mekaniske Verksted AS 1948-1998, 50 år, frå lita hytte til høge hallar. 1998.
Sogeskrift for Askvoll kommune. Nr. 10. 1997.
Informasjon frå:
Kjell Eikemo, Askvoll.

Nettstader: