A/S Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker starta i 1908 med produksjon av aluminium. Dette var den første aluminiumsfabrikken i Skandinavia.

In 1908, 'A/S Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker' started the production of aluminium. This was the first aluminium plant in Scandinavia.

Datering
Før 1923.
Fotograf
Paul Stang.
Eigar
I Paul Stang-samlinga i Fylkesarkivet.

Det store hamskiftet i Stongfjorden

Stongfjorden var ein av dei første industristadene her i fylket, med den første aluminiumsfabrikken i Skandinavia.

Starta av bergensar

Framveksten av industri i Stongfjorden tok til i 1897, då industripioneren konsul Peter Jebsen frå Bergen fekk vite om fossen og vassdraget her. Han fekk i stand kontrakt med grunneigarane om bortleige av elva samt rett til oppdemming av Stongsvatnet, og fekk bygd dam og kraftstasjon. Straumen gjekk dei første åra til to fabrikkar som produserte jod og torvkol.

 

Røyrgata med 4 nagla røyr som førte vatnet frå inntaksdammen i åsen og ned til kraftstasjonen.

The pressure pipe line with four nailed pipes leading the water from the reservoir in the hill down to the power station.

Datering
Før 1923.
Fotograf
Paul Stang.
Eigar
I Paul Stang-samlinga i Fylkesarkivet.

Stongfjorden - tidleg industristad

Men produksjonen av torvkol og jod synte seg ikkje lønsam, og vart stogga etter få år. I staden overtok BACO (British Aluminium Company), og bygde den første aluminiumsfabrikken i Skandinavia her. Utbygginga her skjedde parallelt med den i Vadheim, og desse bygdene var dei første eigentlege industristadene i fylket, tidlegare enn både Høyanger, Svelgen og Årdal. Tettstaden Stongfjorden hadde i 1930 faktisk større folketal enn Førde.

Arbeidarrørsle

Arbeidarane i Stongfjorden budde tett saman i husa i "Gata", i motsetnad til gardane elles i bygda, som låg nokså spreidde. Det vesle miljøet fekk tidleg ei aktiv fagrørsle. Truleg gjekk den første høgtidinga av 1.mai i vårt fylke føre seg i Stongfjorden. Men leiinga ved fabrikken arbeidde aktivt for å styrkje arbeidarane sine sosiale kår, slik at konfliktnivået på arbeidsplassen heldt seg relativt lågt gjennom dei vanskelege og ustabile 1920- og 30-åra. I tillegg til dei nemnde arbeidarbustadene, som hadde vassklosett og elektrisk lys, bygde fabrikken eigen skule med lærarbustad og heldt mykje skulemateriell. Fabrikken gav dessutan arbeidarane bustadlån og heldt skyssbåten til Askvoll. Bygda fekk gatelys då fabrikken starta drifta i 1908, og seinare vart det også bygt folkebad.

 

Arbeidarbustadene på Småbakken vart kalla Gata. Her var det i alt 24 husvære. Til høgre er ved- og vaskeboder. To av husa brann ned i 1927 og det vart sett opp att eitt større hus.

The workmen's houses at 'Småbakken' were called 'Gata' (The Street). There was a total of 24 houses. To the right there are wood and laundry sheds. Two of these houses burned down in 1927, and a larger house was built on the site.

Datering
Før 1923.
Fotograf
Paul Stang.
Eigar
I Paul Stang-samlinga i Fylkesarkivet.

 

Her ser vi fem av dei første skiftarbeidarane ved aluminiumsfabrikken i 1908. Får venstre Jakob Mjåseth, Konrad Yndestad, A. Skrede, Laurits Yndestad og den svenske smeden Johan Viktor Kilberg.

The picture shows five of the first shift workers at the aluminium plant in 1908. From left to right: Jakob Mjåseth, Konrad Yndestad, A. Skrede, Laurits Yndestad, and the Swedish blacksmith Johan Viktor Kilberg.

Datering
Før 1923.
Fotograf
Paul Stang.
Eigar
I Paul Stang-samlinga i Fylkesarkivet.

For liten blant dei store

Diverre vart det driftsstogg rett som det var på grunn av låg vassføring, og leiinga sa ofte opp arbeidarar på grunn av dette. Frå 1918 og utover stod fabrikken stille i nær tre år, og mange arbeidarar reiste då til Høyanger. For å stabilisere produksjonen vart det oppretta kontrakt med kraftlaget Ålfotselskapet om straumleveranse i 1928. Etter dette fekk ein ei meir kontinuerleg drift. Men fabrikken i Stongfjorden var liten samanlikna med dei store produsentane i Høyanger, Glomfjord og Tyssedal, og noka utviding kunne det ikkje bli tale om, då kraftreservane var fullt utnytta. Dessutan svinga prisane på aluminium, og det var ikkje alltid lett å få selt metallet.

 

Ein oksidbåt ved kaia. Oksiden vart køyrt med vagger på skjenegangen frå kaia til fabrikken. Dei ferdige alumuniumsblokkene vart frakta på lavettar frå fabrikken til kaia. Desse måtte dragast og skuvast. Ein gjekk føre og drog og ein etter å skuva.

A boat loaded with oxide at the quay. The oxide was transported on rail from the quay to the factory. The finished aluminium ingots were transported in carriages from the factory down to the quay. These had to be both pulled and pushed.

Datering
Før 1923.
Fotograf
Paul Stang.
Eigar
I Paul Stang-samlinga i Fylkesarkivet.

Slutt under krigen

Den utløysande årsaka til at drifta i Stongfjorden tok slutt, var den andre verdskrigen. Som britisk statsborgar måtte den dåverande fabrikkstyraren Maurice Russel Turner rømme landet i 1940. Tyskarane overtok, og heldt fram drifta til februar 1945. Fabrikken vart ein viktig del av krigsmaskineriet, men måtte innstille på grunn av råstoffmangel.

Då freden kom, var det ikkje aktuelt for britane å starte opp att. Til det var nok ikkje produksjonen i Stongfjorden lønsam nok. I staden etablerte Norges Fiskarlag i 1948 båtbyggeriet A/S Stangfjordanleggene, og på kaia vart det sett i gong eit notbøteri. Det var store forventningar til desse bedriftene, men begge vart nedlagde i 1952. Mange arbeidarar flytta då til andre industristader, særleg Høyanger, Årdal og Sunndalsøra.

  • Hansen, Kari Norunn: Holmedal jernarbeidarlag avdeling 139, Fellesforbundet. I: Sogehefte for Askvoll kommune nr. 10 1997. Askvoll 1997.
  • Stang, Anton: 70 år sidan British Aluminiums Company starta aluminiumsfabrikk i Stongfjorden. I: Firda 14.1.1978.
  • Grøneng, Aud Elsa: Arbeidarrørsla i industribygda Stongfjorden 1907-1940. Semesteroppgåve i lokalhistorie 1996.
  • Grøneng, Aud Elsa og Stang, Malmfrid: Stangfjordalbumet. Askvoll 1999.
  • Losnegård, Gaute og Rolf, og Rivedal, Henning: Dalsfjordboka. Leikanger 1999.