Herandsholmen, som ligg like utanfor Herandsbygda, sentralt i leia mellom Indre og Ytre Hardanger, er ein av dei mest velhaldne og autentiske av dei gamle gjestgjevarstadene. Her står det opphavlege anlegget med hovudbygning, tingstove, bestestove, sjøhus, stabbur, fjøs og løe.
Korkje i 1770 eller i 1801 står Herandsholmen oppført som gjestgjevarstad, men vi veit at bergensborgaren Peter Harmens dreiv staden frå 1774. Sjølvsagt vart det også drive litt handel. I første halvdel av 1800-talet var Herandsholmen på fleire hender, til Sjur Torsteinsson Alvsåker, som tok namnet Herandsholm, kjøpte staden i 1846. Etter lova av 1842, som delvis oppheva dei gamle handelsprivilegia, vart han den første landhandlaren på Herandsholmen. Handelstaden hadde si glanstid i 1850–70-åra, men etterkvart voks det fram nye handelsstader som høvde betre inn i dei nye dampskipsrutene etter 1870.