Det var vanleg å ta gruppefoto under dei årlege stemna til Vosselaget. Dette biletet er frå Madison, 1952. Heilt til høgre står formannen i laget, Sivert Dymbe.
Datering
1952
Fotograf
Ukjend
Eigar
Voss folkemuseum

Vosselaget

Vosselaget i Amerika vart skipa i 1909, og laget var ein del av den store bygdelagsrørsla. Den rørsla lever framleis i dag, men har ikkje den same tyngda og det same omfanget som i dei fyrste tiåra på 1900-talet.

I 1933 markerte Vosselaget at det var 85 sidan den fyrste norskamerikanske organisasjonen var skipa av vossingar i Chicago. Framsida var illustrert av Lars Fletre. 
Datering
1933
Eigar
NAHA

I 1899 samla fleire hundre norskamerikanarar med røter i Valdres seg til ei stemne i storbyen Minneapolis. Dei kom saman for å ha det kjekt, og tiltaket var så vellukka at dei kom saman også dei to neste somrane. Nokre av dei som var til stades ville formalisera det heile, og i 1902 vart Valdres Samband skipa. Dette var det fyrste av mange bygdelag, der fanst rundt 60 slike. Nokre, som Trønderlaget, hadde medlemmer frå både Sør- og Nord-Trøndelag. Andre, som Vosselaget, hadde medlemmer frå eit mindre område.

Den viktigaste oppgåva til bygdelaga var å vera ein møtestad, ein stad der norskamerikanarane kunne møta andre frå heimbygda. Dei kunne snakka dialekten sin, dei kunne eta mat frå heimstaden, og på stemnene var det generelt mykje mimring. Dei fleste bygdelaga gav òg ut tidsskrift eller medlemsblad. Det var òg vanleg å ha eit nært forhold til heimbygda, og mange gav tilskot til ulike prosjekt der.

 

 

Vosselaget vert skipa

I februar 1909 trykte den norskamerikanske avisa Skandinaven eit lesarbrev frå Ole O. Lund (fødd Ygre). Han meinte at sidan det var på tide at også Voss fekk eit bygdelag. Han budde i Northwood, Iowa, og nokre andre i den staten hadde alt snakka om det same. Tidleg i mars kom fleire saman til eit førebuande møte i Lake Mills, Iowa, og dei vart samde om at den fyrste stemna skulle vera i Albert Lea, Minnesota. Det er kort avstand mellom desse tre byane – to av dei ligg heilt nord i Iowa, og den tredje ligg heilt sør i Minnesota. 

Knud Henderson (1835–1930) vart i 1909 valt til den fyrste formannen i Vosselaget. 
Fotograf
Ukjend
Eigar
Marit Olaug Haug

Den 24. juni 1909 møtte rundt 250 personar opp, og 108 av dei skreiv seg inn som medlemmer. At såpass få av dei som var der melde seg inn skuldast nok at det vanlegvis berre var éin frå kvar familie som melde seg inn. Dei aller fleste av desse kom frå Minnesota og Iowa, slik at det førebels ikkje var snakk om eit nasjonalt lag.

Knud Henderson vart valt til den fyrste formannen i laget. I takketalen sa han at målet med laget måtte vera å heidra pionerane frå 1840-åra. Han ville òg dokumentera soga deira, og sa at han ville få trykt skjema som skulle sendast ut til alle vossingar i USA. 

Dei neste åra skipa laget til årlege stemne, men frå 1917 tok laget pause i nokre år. USA gjekk inn i den fyrste verdskrigen i april 1917, og då vart det me kan kalla etnisk aktivitet sett ned på. Amerikanarane skulle berre vera lojale mot sitt eige land, og då vart det vanskeleg å driva med norskamerikanske aktivitetar. Nokre statar førte inn strengare reglar enn andre – i Iowa var det til og med forbode å snakka andre språk enn engelsk på telefonen.

 

 

Ny giv frå 1920

Knut A. Rene var sekretær i Vosselaget frå 1920 til han døydde i 1951, og i alle desse åra var han òg redaktør for medlemsbladet Vossingen. 
Fotograf
Ukjend
Eigar
NAHA

I 1920 vart laget igjen samla til stemne. No kom dei til Madison, Wisconsin, og dette var heimbyen til ein av dei som la ned størst innsats for laget, Knut A. Rene. Han vart aldri leiar i laget, men han sat som sekretær frå 1920 til han døydde i 1951. Spesielt i 1920-åra arbeidde han mykje for laget. Frå 1921 var han redaktør for Vossingen, medlemsbladet deira, og i 1920-åra kom det vanlegvis ut fire gonger kvart år. Rene brukte bladet som ein måte å samla inn stoff til det som skulle verta storverket hans – boka Historie om Udvandringen fra Voss og Vossingerne i Amerika. Den kom ut i 1930, og tittelen er presis: Han fortel om utvandringa, og har òg med meir enn tusen korte biografiar om utvandra vossingar.

Den boka gjev oss verdfull informasjon om utvandrarane. Medlemsbladet Vossingen er òg verdt å lesa. Her er mange amerikabrev, og her er mange innsende artiklar frå Voss. Bladet gjev oss òg eit godt innblikk i korleis det var å vera vossa-amerikanar frå 1920-åra og framover. 

Av og til trykkjer Rene litt lause spekulasjonar som han ikkje tok med i boka si. Eit døme på det er at han i 1922 skreiv litt om Didrik Pining, som nokon meinte at hadde vore på det amerikanske kontinentet i 1476, 16 år før Columbus. Det finst ikkje noko dokumentasjon på dette, men det stoppar ikkje Rene: Han skriv at ein slektning av Pining nesten 200 år tidlegare eigde Byrkjo, og seinare Tøn. Rene skriv at då Columbus var på Island i 1477 må han ha fått høyra om ekspedisjonen til Pining: «I henhold dertil synes Columbus’s bedrift at bli reduseret til noget nær en almindelig reise». Tre år seinare skriv Rene at George Washington stamma frå Voss. 

 

Nedgang 

Programheftet frå 1954. 
Datering
1954
Eigar
NAHA

I 1925 markerte norskamerikanarane at det var hundre år sidan den organiserte utvandringa frå Noreg til USA tok til. Minst 100 000 var samla i tvillingbyane Minneapolis og St. Paul, og her heldt den amerikanske presidenten, Calvin Coolidge, ein tale som var raus med godorda over norskamerikanarane. Det var ei massiv markering, men i ettertid er det tydeleg at det var om lag her at det norske Amerika var på sitt sterkaste. Historikaren Odd S. Lovoll skriv at 1920-åra vart «stående som den siste mønstringen av sterke, etniske krefter».

Vosselaget kom framleis saman til årlege stemne, og dei neste tiåra var oppmøtet framleis stort. Likevel vart nok entusiasmen noko mindre. Det skuldast nok at det ikkje var like stor tilvekst av nye utvandrarar, slik at det gradvis vart snakk om å heidra ein kultur færre av dei frammøtte kjende godt. 

Utetter i 1960-åra var aktiviteten svært låg, og 1971 vart det siste året Vosselaget hadde sitt eige stemne. Frå 1972 hadde dei stemne saman med Sognelaget, og i 1979 vart Vestlandslaget skipa. Dette var ei samanslåing av sju lag, og dette fungerte lenge godt. På det meste samla stemnene i Vestlandslaget heile 600 personar. Ei tid gav Vestlandslaget ut medlemsbladet Vestlandet.

I 1999 var alle bygdelaga samla på Luther College, Decorah, for å feira hundreårsjubileet til Valdres Samband. Av medlemmene til Vosselaget møtte berre ti–femten personar. I dei seinare åra har oppmøtet vore endå dårlegare. I 2015 var Kari Bye invitert til å halda foredrag på stemna deira, og då møtte berre to personar opp. 

Til liks med andre bygdelag slit Vosselaget med rekrutteringa, slik at snittalderen er høg. Dei siste åra har slektsgransking vore ein viktig aktivitet, og fleire medlemmer i laget har opparbeidd store databasar med namn. Interessa for slektsgransking er stor, men det er usikkert om dette vil vera nok til at Vosselaget greier å halda seg i live. 

På dei fleste stemna fekk deltakarane små sløyfer. Denne sløyfa er frå 1950. 
Datering
1950
Eigar
Vesterheim
  • Helleve, Eirik: «Tre vossa-organisasjonar i Amerika», i Gamalt frå Voss 2000
  • Helleve, Eirik: «Aldrig vil du ætten glemme», i Gamalt frå Voss 2002
  • Helleve, Eirik: Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA, 2025
  • Lovoll, Odd S.: Bygda i den nye verda. Dei norsk-amerikanske bygdelaga, 1975