Etter at opprøret var over vart 38 siouxar hengde i Mankato, andre joledag 1862. Rundt 2000 soldatar var kalla ut for å sikra at ingen av dei 4000 tilskodarane tok saka i eigne hender.
Datering
1883

Det blodige sioux-opprøret i 1862

For mange av oss som vaks opp for lenge sidan var forteljingar frå det ville vesten eit høgdepunkt i kvardagen. Det gjekk western-seriar på fjernsyn, og me kunne lesa bøker og teikneseriar om dramatiske hendingar på prærien. Mange av desse seriane la sympatien hjå dei kvite innvandrarane, medan det amerikanske urfolket var skurkane. I røynda var det annleis. Dei kvite innvandrarane tok stadig i bruk meir land som høyrde til urfolket. Nokre gonger inngjekk dei avtalar om bruken av dette landet, andre gonger tok dei det berre. Det er ikkje vanskeleg å forstå at urfolket prøvde å forsvara seg mot overmakta. 

Lars Reque utvandra vossing som tok seg godt av det amerikanske urfolket.
Eigar
Vesterheim

Lars Reque

Det var likevel ikkje slik at ingen innvandrarar viste respekt for urfolket. To som var kjende for å handsama dei godt var ekteparet Ingeborg Bergo og Lars Reque, som budde på Koshkonong, Wisconsin. Dei fekk etter kvart fire døtrer, og denne familien hadde eit godt forhold til urfolket i området. Den viktigaste grunnen til dette var at dei behandla dei som andre folk – dei delte maten sin med dei, og dei lærte seg òg litt av språket deira. Dei fekk difor ofte besøk i det fyrste, vesle huset dei hadde bygd, og nokre gonger skal dette huset ha vore stappfullt.

Etter kvart som dei europeiske innvandrarane tok i bruk større og større delar av prærien vart området til urfolket mindre. Dei amerikanske styresmaktene tok på seg å hjelpa urfolket med mat, pengar, og anna dei trengte, men desse avtalane vart ofte brotne. Desse brota kunne få katastrofale fylgjer, og det hende at dette gjekk ut over utvandra vossingar.

Image
Ingeborg Reque, utvandra vossing som tok seg godt av det amerikanske folket.
Eigar
Vesterheim
Det var ikkje berre innvandrarar som måtte flykta under sioux-opprøret, på dette biletet ser me òg nokre urfolk. 
Datering
1862
Lisens
CC0

Sioux-opprøret i 1862

I 1862 var mange siouxar samla ved Yellow Medicine, Minnesota. Dei hadde i fleire veker venta på å få maten dei skulle få frå dei amerikanske styresmaktene, men det drog ut med utdelinga. Den kvite sioux-agenten ville dela ut maten samstundes som han delte ut pengar, og pengane var ikkje komne. Siouxane braut seg difor inn på matlageret, men vart kasta ut av tungt væpna soldatar. Eit tingingsmøte dagen etter vart resultatlaust. Handelsmannen Andrew Myrick gjekk frå møtet, og på veg ut sa han at viss siouxane var svoltne kunne dei eta gras. Dette vart innleiinga til ein blodig sommar. Myrick vart drepen, og etter at han var død fekk han munnen stappa full av gras. 

Dette var altså i 1862. Talet på soldatar i Minnesota var lågare enn vanleg, då mange var flytta austover for å vera med i den amerikanske borgarkrigen. Dei nye busetnadene hadde altså dårlegare vern enn vanleg, og dette visste siouxane å gjera seg nytte av. Den neste månaden angreip dei ei rekkje busetnader, og i minst 660 personar miste livet. Talet kan ha vore høgare, det finst ikkje sikre tal for kor mange urfolk som vart drepne. 

 

Ole O. Fyre

Det amerikanske Vosselaget gav ut tidsskriftet Vossingen mellom 1921 og 1950. I 1925 trykte dei ein artikkel om hendingane i Minnesota i 1862. Redaktøren for Vossingen, Knut A. Rene, skriv at han på eit par av stemna til Vosselaget hadde snakka med Ole O. Fyre, som hadde overlevd angrepa i Jackson County.

Fyre var fødd i 1851 og var altså 11 år då dette skjedde. Foreldra hans var Ola O. Fyre og Marta Olsdotter Horvei, som frå 1852 dreiv bruk 4 på Jørnevik ved vestenden av Evangervatnet. Marta døydde i 1854, og året etter gifta Ola seg på nytt, med Kari Nilsdotter Horvei. Familien utvandra i 1859. Etter utvandringa fekk dei to born, slik at det samla talet på born i familien var seks. 

Dei busette seg fyrst i Big Canoe, Iowa, før dei reiste vidare til Jackson County, Minnesota. Der budde fleire familiar frå Voss rimeleg tett på kvarandre, på begge sider av Des Moines-elva.

Dei som budde der fekk høyra om angrepa, og mange av vossingane samla seg heime hjå Fyre-familien. Der var familiane til Brita og Knut Mestad, Brytva og Johannes Ekse, Anna og Lars Hjørnevik og Lars Furrenæs, saman med familien til Kari og Ola Fyre. Nokre av dei hadde born med seg. Alle desse hadde tidlegare budd i Big Canoe, og dei flytta til Jackson County samstundes. Om morgonen 24. august gjekk fleire heim for å stella dyra sine. Alle borna, dei fleste kvinnene og Johannes Ekse vart att. I ei bok om denne krigen skriv Karl Jakob Skarstein om kva som skjedde vidare:

Knut og Brita Mestad ble drept nær gården sin. Lars Hjørnevik og Lars Furrenæs led same skjebne. Ola Fyre ble skutt og drept i skogen like ved huset sitt. Da liket ble funnet, viste det seg at han var blitt truffet av fem kuler. Så omringet siouxene Fyres hus.

Dei som var att inne fekk med seg at Ola Fyre vart skoten, og dei såg òg mange siouxar utanfor huset. Dei hadde budd seg på å reisa vekk dagen etter, og i ei vogn med bagasje som stod på tunet fann siouxane ei flaske brennevin. Det tok difor litt tid før dei gjorde seg klare til angrep, og dei som var inne i huset såg etter måtar dei kunne berga seg på. Dei hadde fire–fem gevær, og tolv år gamle Ole Fyre foreslo at dei kunne bruka dei. Johannes Ekse meinte at det berre ville gjera angriparane endå meir oppøste. Kvinnene og dei eldste borna gøymde seg i kjellaren. Den to år gamle sonen til Anna Hjørnevik likte seg ikkje der, og byrja å grina. Ho tok sonen med seg opp att i stova, og la ein madrass over kjellarlemmen.

Siouxane tok seg inn i huset og drap både Johannes Ekse og Anna Hjørnevik. Toåringen overlevde, og det same gjorde Ole O. Fyre. Knut A. Rene skildra det slik:

Da de stormede ind løb Ekse op paa lemmen, medens unge Ole Førde, da han saa dette, sprang ud bagdøren, kravlede gjennem et hul i gjærdet, som han vidste om, og løb mod bakkekanten ved elven. En indianer skjød paa ham og traf ham i albuen, men han løb videre, da han saa indianeren lade riflen paany. Han vandt over skraaningen og kastede sig ned netop før indianeren ogsaa rak hen paa bakkekanten, men løb videre uden at se ned for sine fødder, hvor Ole laa ganske nær. Denne kom sig da bort i skogen, og fik varslet andre. 

Ole Fyre overlevde altså, og det same gjorde alle som hadde gøymt seg i kjellaren og den to år gamle sonen til Anna Hjørnevik. Ole Fyre og mora flytta tilbake til Big Canoe. Han gifta seg seinare med Betzy Gilderhus, og dei busette seg i Wyndmere, Nord-Dakota.

Etter at opprøret var slått ned vart siouxar som ikkje hadde vore med i kampane plasserte i eigne leirar. For å verna dei mot hemntørste innvandrarar vart det bygt eit høgt gjerde rundt leiren. Tilhøva i leiren var forferdelege, og mellom 100 og 300 personar døydde i eit utbrot av meslingar. 
Fotograf
Benjamin Franklin Upton
Lisens
CC0

Langeland-familien

Før siouxane kom til Fyre-garden hadde dei vore innom garden til Anna og Knut Langeland. Dei hadde utvandra i 1855 og hadde flytta til Jackson County i 1861. Knut var ute og såg til dyra då siouxane kom, og det var ikkje noko godt syn som venta han: Kona og fire av borna var drepne. Det var liv i to andre born, og Knut tok desse med seg mot Spirit Lake, ein liten by i nærleiken. Det eine barnet døydde på vegen, men dottera Julie overlevde. 

Ei anna dotter, åtte år gamle Martha, hadde òg overlevd. Ho hadde gøymt seg i ein maisåker under angrepet, og då siouxane reiste vidare gjekk ho til Fyre-garden. Saman med dei overlevande frå kjellaren gøymde ho seg i ein maisåker der, og dei vart vitne til at siouxane kom tilbake og mishandla lika. Då oppdaga dei òg kjellaren, men denne var no tom for folk.

Etter at siouxane hadde reist, gjekk gruppa med innvandrarar mot Spirit Lake, der Martha møtte far sin igjen. 

Knut Langeland saman med dottera Julie og dotterdottera Josephine. Knut og Julia overlevde sioux-angrepet i 1862 og flytta seinare til Westbrook, Minnesota, der dette biletet er teke.
Fotograf
Ukjend
Eigar
Neil Frantz
  • Knut A. Rene: Historie om Udvandringen fra Voss og Vossingerne i Amerika, 1930
  • Karl Jakob Skarstein: Krigen mot Siouxene, 2005
  • Vossingen 3–4/1925