Rapporten, Beretning om de norske Settlere i Nordamerika, vart trykt i 1848. Til slutt i rapporten skriv Løvenskjold at tilhøva for dei norske ikkje var så dårlege som nokon hevda, men likevel «langtfra saa god og misundelsesverdig som Andre ville gjøre den. Enkelte klage allerede over at Friheden der ikke er saa stor, som de havde ventet, hverken i den ene eller den anden Henseende». I rapporten er han lunken til jordsmonnet på Koshkonong. Om presten Elling Eielsen skriv Løvenskjold at han «gaaer omkring og holder saakaldet Gudstjeneste, som da forrettes om Natten, enten af ham selv eller hans Kone». Han kallar dei to kyrkjene på Koshkonong for «saakaldte Kirker». Han fortel at då han møtte nokon han kjende frå Noreg, var det påfallande kor mykje eldre dei hadde vorte på kort tid. Han skriv om sjukdom, om alkoholproblem, og om korleis dei utvandra nordmennene lengta heim att, men vanta pengar til å kjøpa returbillett.
Mange norske i Amerika tok dette ille opp. Rapporten til Løvenskjold hadde fleire gode poeng, og utfylte nok det litt for rosande biletet mange utvandrarar hadde skapt. Samstundes er det viktig å hugsa at Løvenskjold var sendt ut av styresmaktene. Han var lojal mot dei, og rapporten dei fekk var nok for kritisk.
Åtte brev
Dei som reagerte sterkast var vossingane i Chicago. Dei såg føre seg at det jamleg ville koma feilaktige skildringar av USA som nokon måtte korrigera. I september 1848 skipa dei difor Det Vossiske Korrespondanseselskap. Dette var den aller fyrste norskamerikanske organisasjonen, grunnlagt og driven av emigrerte vossingar.
I det fyrste styret sat Anders Brekke (ordførar), Ivar Lawson, Endre Tesdal og Ole T. Gjeraker. På skipingsmøtet fastsette dei vedtektene for laget. Dei var samde om at dei kvar månad skulle senda eit brev til Voss, og i det fyrste brevet dei sende, datert 30. september 1848, skildra dei kva dei ville med laget. Den viktigaste oppgåva var å korrigera det negative inntrykket som var skapt av Amerika og kvardagen til norskamerikanarane, og dette ville laget gjera gjennom det dei kalla systematisk korrespondanse. Breva skulle sendast til Lars Nilsson Nesheim og organist og kyrkjesongar David L. Lemme, og dei to vart oppmoda om å gjera innhaldet kjent for andre i bygda. Dei vart òg oppmoda om å skipa eit liknande lag på Voss, slik at dei utvandra vossingane kunne få vita likt og ulikt frå bygda dei hadde reist frå. Dei skriv at dei skal betala portoen begge vegar.
Det neste brevet, frå november 1848, handlar om rapporten til Løvenskjold. Det tek ikkje lang tid før dei går rett i strupen på han. Dei minner om at Løvenskjold «er den norske regjerings tjener og som saadan, for at kunne vinde sammes gundt og agtelse, maa han ogsaa udføre dens øiemed». Dei skriv at Løvenskjold skildrar dei kyrkjelege tilhøva heilt feil, og at Løvenskjold overdriv kostnadsnivået i USA – vanlege arbeidsfolk bur ikkje på slike «fasionable hoteller som hr. Løvenskjold og andre saadanne mænd». Dei meinte at 99 av 100 utvandra nordmenn var lukkelege.
Brevskrivarane kjenner målgruppa si. Dei skriv eit brev til bønder og husmenn, og då passar det godt å rakka ned på velståande menn som Løvenskjold. Denne haldninga varar rett nok ikkje lenge – i det tredje brevet fortel dei om korleis 36 vossingar i Chicago har greidd seg, og her er det stort sett berre velstand. Dette brevet er kanskje det mest interessante, det gjev oss innblikk i korleis mange vossingar hadde greidd seg etter få år i Amerika.
Så kjem det eit brev om dei sosiale tilhøva i USA, før dei bruker tre heile brev på å fortelja om religionsutøvinga. Dei går grundig inn i dette feltet, og forklarar kva som skil 19 ulike sekter og trusretningar frå kvarandre.
I det åttande og siste brevet etterlyser dei svar på breva. Dei har invitert til ein tovegs-kommunikasjon, men har ikkje fått noko svar. Dei veit ikkje kvifor, men dei har funne ut at dei vil halda fram i eitt år til.
Slik gjekk det ikkje. I møteboka til laget, som ligg på St. Olaf College i Northfield, Minnesota, er der notat som tyder på at eit niande brev vart planlagt, men det vart aldri skrive. Den fyrste norskamerikanske organisasjon la altså ned drifta etter åtte månader.
Voss Prestegjelds Emigrations Foreining
Nokre år seinare vart ei ny foreining skipa i Chicago, til dels av dei same mennene. I 1856 vitja Ivar Lawson og Anders Brekke heimbygda. Begge hadde gjort det godt i USA. Ein av grunnane til at dei var på Voss var at dei ville få fleire til å utvandra, og det var nok slik at dei såg at dei kunne tena litt pengar på dette sjølv. Frå toppåret i 1850 hadde det vore ein nedgang i talet på årlege emigrantar frå Voss, men i 1856 tok det seg litt opp, truleg av di Lawson og Brekke hadde vore på besøk. Det var litt tryggare å reisa til USA når ein var saman med folk som hadde vore der før.
På veg attende til USA kom Lawson og Brekke i snakk med Sjur K. Kvarme, ein annan utvandrar som hadde vitja Voss sommaren 1856. Dei tre snakka om at mange utvandringslystne vossingar ikkje hadde råd til billett, og dei vart samde om at dei ville prøva å hjelpa. På eit møte i Chicago i oktober 1856 skipa dei Voss Prestegjelds Emigrations Foreining skipa. Dei laga eit fond, der delar av utbyttet skulle lånast ut til trengande vossingar.
Fleire av dei som var med i styret hadde òg vore med i korrespondanseselskapet. Iver Lawson var ordførar, Anders Baardson Lassehaug vart nestformann, Anders Larson Flage vart «skatmester», altså kasserar, medan Endre Nelson Tesdal vart sekretær. Laget hadde i tillegg det dei kalla ein eksekutivkomité, sett saman av nemnde Brekke, John Amundsen Hefte og Rognald Henderson (Løne). Dei hadde òg plukka ut i alt ni menn på Voss som skulle hjelpa til med utdelinga.
Det fyrste året sende laget heim 300 dollar. Det hadde kome inn ni søknader om støtte. Alle søknadene vart ikkje innvilga, men sju familiar og ein ungkar fekk hjelp til å utvandra i 1857.
Tanken var god, men det skulle visa seg at det var vanskeleg å få inn att pengane dei lånte ut. I eit stykke i den norskamerikanske avisa Wossingen sommaren 1858 bed kasseraren i laget om at dei som har fått lån gjer opp for seg. Det er det siste livsteiknet frå dette laget, som ser ut til å ha sovna gradvis inn fram mot 1860.