Frå opninga av Utvandrarjubileet 1986. Fremst står Eirik Røthe, som i eit av innslaga spela Nils Røthe, ein av dei fem fyrste utvandrarane frå Voss. 
Datering
1986
Fotograf
Ukjend
Eigar
Avisa Hordaland

Arrangement på Voss

To gonger i andre halvdel av 1900-talet var det store utvandrings-arrangement på Voss. Begge var sett på som vellukka, men dei viste òg at banda mellom Voss og utvandra vossingar ikkje var like sterke som før.

Dei mange som utvandra til USA rundt midten av 1800-talet utvandra for godt. Berre unntaksvis hadde nokon av dei tid og råd til å vitja gamlelandet. Nokre slike turar er godt kjende, til dømes er vitjinga til Anders Brekke og Iver Lawson i 1856 godt dokumentert. Amerikanaren Charles Brace var her samstundes, og skildra møtet mellom vossingar og vossa-amerikanarar. Han meinte at Brekke og Lawson briska seg litt for mykje, at dei var litt for opptekne av å visa fram sin eigen velstand. 

Men etter kvart som utvandrarane gjorde det godt i USA, vart Noreg eit vanlegare reisemål. I 1907 skreiv til dømes Hordaland at den sommaren ville rundt 8000 norskamerikanarar vitja Noreg. «Det er for det meste folk, der sidder godt i det og som derfor har raad til at tage sommermaanedene til sin reise». Tre år seinare fortalde avisa at det òg kom ei stor gruppe norskamerikanarar til Noreg for å feira jol.

Sjølv om mange kunne reisa tilbake til Noreg på ferie, var dette helst individuelle reiser. Utover på 1900-talet vart det vanlegare med organiserte turar. Slik er det framleis, og det finst fleire turoperatørar som kvart år sender grupper til Noreg.

For nokre av desse turane har lokale arrangement vore ein del av programmet. Me skal her sjå på dei to store utvandrings-arrangementa som har vore på Voss.

Utflyttarstemnet 1953

Nordmanns-forbundet vart skipa i 1907. Dei ville vera ein bindelekk mellom nordmenn i alle land, men dei hadde eit spesielt nært tilhøve til nordmenn i USA. Frå 1947 arrangerte dei utflyttarstemne. 

I 1953 vart stemnet lagt til Voss, mest av di det hadde vore så stor utvandring herifrå. Men dei hadde òg ein annan grunn – dei ville markera at det var 110 år sidan senator Knute Nelson var fødd. Det er ikkje eit spesielt rundt tal, men på grunn av den andre verdskrigen hadde ikkje hundreårsdagen vorte markert. Det var heller ikkje eit tal som stemde – det hadde spreidd seg ei oppfatning av at Knute Nelson var fødd i 1843. Det rette er 1842, og det var det mange som visste også då utflyttarstemnet vart planlagt.  

Nordmanns-forbundet fekk hjelp av ei lokal nemnd, der både ordførar Isak Hjelle og varaordførar David Gjerme var med, i tillegg til Arne Nilsen, Borgny Skeie og Herborg Vinsand. 

Stemnet gjekk over to dagar og vart i ettertid sett på som svært vellukka. Laurdag 4. juli, altså den amerikanske nasjonaldagen, var programmet lagt til Evanger. Etter ei gudsteneste i kyrkja var det kransenedlegging ved Knute Nelson-bautaen, og om kvelden var det fest i Evanger sentrum. Dagen etter var det gudsteneste i Vangskyrkja, før eit folketog gjekk til Idrottsplassen, der resten av programmet fann stad. 

Laurdagen var regnfull, slik at oppmøtet på Evanger vart mindre enn venta. Dei som møtte opp fekk høyra mange fine ord om Knute Nelson. Generalkonsul Thorgeir Siqveland sa at Nelson hadde vore kalla «vår største emigrant», og at måten Nelson hadde arbeidd seg til topps i Amerika var eit føredøme for alle andre.

På Idrottsplassen dagen etter møtte rundt 5000 personar opp. Her var det ei rekkje talar og helsingar, og stemna vart avslutta med at eit ridande vossabryllaup med 41 hestar reid inn på Idrottsplassen. 

I samband med denne stemna hadde Nordmanns-forbundet skipa til ei selskapsreise med buss frå Oslo. Dei fleste som var med på denne bussturen var amerikanarar, og dei var fulle av lovord. 

Eit litt uventa tiltak vart kjent etter stemnet. Eit ektepar frå Bergen, herr og fru Coucheron Aamot, meinte at det burde byggjast eldreheimar for norskamerikanarar fleire stadar i Noreg. Dei hadde snakka med topp-politikar som støtta ideen, og under utflyttarstemnet hadde dei eit møte med lokale politikarar for å få bygt den fyrste slik eldreheimen på Voss. Voss herad jobba vidare med saka, og året etter kunne Hordaland melda at heradet stilte med gratis tomt på Lundhaugen. Det vart likevel ikkje noko av desse planane, det heile stranda på økonomien.

Frå utvandrarjubileet i 1986. Åshild Skulstad, formann i tilskipingsnemnda, saman med amerikanske Arthur Mogen. 
Datering
1986
Fotograf
Ukjend
Eigar
Avisa Hordaland

Utvandrarjubileet 1986

Olav Pedersen utvandra til USA i 1964. Han vart buande i Breckenridge, Colorado, resten av livet, men han gløymde aldri heimbygda. Han var her ofte, og han engasjerte seg i debattar her. Han skreiv mange lesarbrev, og i januar 1980 såg han føre seg korleis Voss og USA kunne knytast tettare saman. Saman med Cort Dreyer, dåverande turistsjef på Voss, tok han til orde for at vossingar busette i USA kunne møtast til eit slektsstemne på Voss.

Desse planane utvikla seg gradvis til noko større. I 1986 var det 150 år sidan familien Røthe utvandra til USA, og dette jubileet vart markert med små og store arrangement gjennom året. Nemnda som arbeidde med dette var Åshild Skulstad, Nils Dagestad, Arnfinn Kyte, Synneva Opheim, Cort Dreyer, Lars I. Kvarekvål, Ingjald Bolstad og Gunnar Dagestad. I tillegg var Olav Pedersen og Kari Bye med frå USA.

Målsetjinga med markeringa var å skapa ei betre forståing av den store utvandringa frå Voss, dei ville finna ut kva krefter som låg bak utvandringa, og dei ville sjå på kva fylgjer dette fekk for bygda. I tillegg var det viktig å styrkja banda mellom vossingar på begge sider av havet. Hausten 1985 kom det mange innspel til kva som skulle skje, og utvandrarjubileet var faktisk grunnen til at Voss kommune fekk laga ordførarkjede. Dette var eit framlegg frå Nanna Ebbing, og kommunen handla raskt – alt i slutten av oktober kunne ordførar Peder Vangsnes ta ordførarkjeda på seg. Kjeda var ei gåve frå Vestlandsbanken og vart laga av Sylvsmidja på berre tre veker. 

Brosjyre frå utvandrarjubileet 1986. Teksten var på engelsk, og brosjyren vart distribuert i Amerika.
Datering
1986
Eigar
Torbjørn Dagestad

Det fyrste store arrangementet kom i april 1986, med seminaret «Den tidlege utvandringa frå Vestlandet» skipa til på Voss folkemuseum. Her var det samla fagfolk frå heile landet, og det kom òg to professorar frå USA – Odd S. Lovoll og Jon Gjerde. Tre av dei tolv foredragshaldarane var frå Voss – Brynjulv Gjerdåker, Johannes Gjerdåker og Eirik Røthe. Foredraga frå dette seminaret vart seinare samla i boka Eit blidare tilvere?

Hovudmarkeringa var ei langhelg i juni. Det var arrangement over heile bygda – mellom anna tretten små og store utstillingar, foredrag, konsertar, gudstenester og kyrkjekaffi. Det vart gjeve ut ei biletbok, Du vene Voss, og fleire stadar var det høve til å få hjelp med slektsgransking. Det heile vart avslutta med ei jonsokfeiring ved Vangsvatnet. Her var det mellom anna eit ridande vossabryllaup, og denne kvelden hadde NRK direktesending.

Oppmøtet var nok ikkje like stort som arrangørane hadde von om, og i referatet sitt spurde avisa Hordaland seg om den store dugnadsinnsatsen var verdt det. Amerikanarane som kom til Voss den helga var nøgde, men avisa hadde nok venta større innrykk – «Kanskje svikta amerikanarane?». Dei to overskriftene på baksida av Horda Tidend gjorde ikkje folk så mykje klokare – øvst stod det at «Vossingane svikta», nedst stod det at «Bygdefolket svikta ikkje».

Frå opninga av Utvandrarjubileet 1986. Frå venstre sit den amerikanske slektsgranskaren Gerhard Naeseth, medlem i tilskipingsnemnda Olav Pedersen, fylkesmann Håkon Randal, ukjent, ordførar Peder Vangsnes, tidlegare ordførar Anders Ringheim, tidlegare fylkesmann Lars Leiro og tidlegare statsråd Arne Nilsen. 
Datering
1986
Fotograf
Ukjend
Eigar
Avisa Hordaland

Dei siste tiåra

Logoen til utvandrarjubileet 1986.
Datering
1986
Eigar
Torbjørn Dagestad

Mange hadde sett føre seg at utvandrarjubileet ville føra til meir kontakt mellom Voss og USA. Det gjekk ikkje heilt slik. Slekt har kontakt som før, men for kvar generasjon vert det fjernare slektningar. Det er litt paradoksalt, all den tid det er langt lettare å reisa mellom landa no. 

Om ikkje kontakten vart så mykje tettare, kom det nokre arrangement dei neste åra. I 1990 vart eit ridande vossabryllaup skipa til under Nordic Fest i Decorah, Iowa.

I 2005 var rundt 50 amerikanarar med på ein tur til Voss. Dei gjekk i folketoget under fana til Vosselaget, og det var seminar og rundreiser i bygda. Som under Utvandrarjubileet i 1986 var det lagt størst vekt på gamle dagar. I tillegg handla det mykje om å knyta nye slektsband.

  • Avisa Hordaland
  • Nordmanns-forbundet (medlemsbladet til Nordmanns-forbundet)
  • Eirik Helleve: Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA (2025)