Anders P. Wallevik (HFUWA1322, H.F.)

Vallaviki

FOTOGRAF OG JAKTESKIPPER

Då Anders Paulson Wallevik (1874–1965) kring 1900 overtok jakta «Haabet» etter faren, bygde han opp ei mangslungen verksemd; handelsmann, dampskipsekspeditør, postopnar, fartøyeigar, jakteskipper – og fotograf. Det er utan tvil som fotograf han har sett spor etter seg.

Anders P. Wallevik dreiv fraktefart, segla på Nord-Noreg og til Austersjøen og kom i kontakt med mange menneske. Det gav han nok eit auga både for særdrag og mennesketypar. Fotografering kom han bort i som ung, då han arbeidde på Brakanes hotel i Ulvik. Han hadde evner for faget og vart snart ein dyktig fotograf. Dei fleste bileta etter han er frå perioden 1905–35, men det var først gjennom studieopphald i Tyskland i 1918–20 at han fekk undervisning. Han tok gullmedalje på ei fotoutstilling i Tyskland i 1920-åra.

Med det enkle, nesten primitive utstyret han måtte hjelpa seg med, er det mest utruleg at han opnådde slik kvalitet på bileta; velkomponerte og sylskarpe. Atelier hadde han ikkje, og han vart ein meister i å nytta den bakgrunnen som baud seg. Til mørkerom nytta han gamlestova på garden. Elektrisiteten kom ikkje til Vallaviki før i 1958, og mørkeromslampa var difor ei parafinlampe med raudfarga glaskolbe. Men den gong som no: det er personen bak utstyret som avgjer kvaliteten. Ein del av bileta etter Wallevik finn du i denne boka.

Mer informasjon om {{ title }}
{{ field_image }}{{ field_images }}

Sjå også

Andre stader i kommunen