For vel 150 år sidan vart det funne eit bronsesverd på Lekvestølen Seberg. Sverdet er av ein sermerkt type som vert kalla Hallstattsverd. Alpebyen Hallstatt i Østerrike, med sine uvanleg rike gravfunn, har også gjeve namn til den eldste jernalderkulturen i Mellom-Europa, Hallstattkulturen, ca. 700–400 år f.Kr. Hallstattsverd av jern og bronse vart spreidde over store deler av Europa. Berre eitt er funne her i landet.
Seberg
HALLSTATT - LEKVE
- Kellmer, I. (1970) Hallstatt-sverdet fra Ulvik. Godbiter fra samlingene, 37. Bergen, Universitetet i Bergen.