Datering
1936/-38
Fotograf
Widerøes Flyveselskap AS
Lisens
PDM

Jensine Angedal: ei føregangskvinne i Førde heradsstyre

Det skulle ta 100 år frå formannskapslovene vart vedtekne, og det kommunale sjølvstyret vart innført til den første kvinnelege representanten vart vald inn i Førde heradsstyre: «Den fyrste kvinnelege representant på 100 år, Jensine Angedal vert ynsk velkomen».  

Blant dei 889 kommunestyrerepresentantane som vart valde inn i heradsstyra i Sogn og Fjordane i 1937, var Jensine Angedal ei av fire kvinner. Sjølv om kvinnene hadde hatt same rettar som menn ved kommunevala frå 1910, var enno Sogn og Fjordane i 1937 prega av ei tradisjonell arbeids- og funksjonsdeling mellom kjønna. Dette kan forklare at det berre var fire kvinner samanlikna med 885 menn som vart vald inn i kommunestyra i fylket.

Jensine Angedal var fødd i 1877 og vaks opp på garden Indrebø i Angedalen. I sine unge år var ho guvernante i London i fleire år. I 1917 reiste ho attende til heimbygda, og gifta seg med Adolf Angedal i 1918.6 I åra etter ho gifta seg var Jensine lærarinne ved øvre Angedalen skule, Åsen skule i Førde, Eldalen skule i Gaular og Flokenes skule i Vevring. Adolf og Jensine hadde ingen born, men vart fosterforeldre til Richard Andersen i 1941. Han var ein av mange born som vart evakuerte ut på bygdene frå Bergen under krigen.

I 1937 var Jensine Angedal på val i heradsstyret som einaste kvinne. Ho var sett opp som nummer seks på Bygdefolket i Førde sokn si offisielle valliste av totalt 26 representantar. Av desse var 16 representantar og 10 var varamenn. Under valet var det fleire kvinner som var interessert i å få inn ei kvinne i heradsstyret. Det kjem blant anna fram i avisa Firda i eit innlegg av «Fleire kvinnor»:  

Til kvinnone i Førde. Listemakarane har funne berre ei kvinne som er verdig å stå på listene. Kva liste kvinnone enn brukar, må dei ta med denne einaste kvinna. Kommuler gjerne ogso. Jensine Angedal bør koma med i heradstyret.

Etter valet hamna Jensine som nummer to på bygdefolket si liste med 213 stemmer. Blant dei andre representantane frå bygdelista var det berre skulestyrar Lars Hustveit som fekk fleire stemmer enn Jensine med 234 stemmer.  

I heradsstyret var det sakene knytte til skulen og tilhøva for bondekvinnene som var viktigast for Jensine Angedal. Men noko kvinnesakskvinne ville nok ikkje Jensine omtalt seg sjølv som. Jensine sitt syn på det kommunale styret og kvinnesaka presenterte Jensine i eit innlegg i Firda etter at ho vart vald inn i heradsstyret i 1937:  

Hr. bladstyrar! Då namnet mitt har no vorte meir kjent enn kvinna som ber det, bed eg om plass for eit par merknader. Eg har alltid vore av den, meining at kvinna sin plass er i heimen og ikkje i det kommunale styre og stell. Men dette kjem kanskje av at medan utviklingi har gått framover i den rette leid, har eg vorte ståande att. At eg so i denne stoda vert vald som representant i heradstyret er ei gåte for meg. Lagnaden – dersom her er noke vi kan kalle so – må ha vore i det «humoristiske» hyrne. 

Eg kunde etter lovi sagt meg fri for dette yrket, men eg såg det som ei plikt i 3 årsbolken som kjem å halde terrenget som kvinna har vunne ved dette valet. Namnet mitt står i dag i kommunalsoga med berre eit stort spyrjeteikn etter seg. Kva som vidare kan verte skreve på dei blanke bladi som kjem etter, er det ingen som veit. 

Men der er andre namn som ved dette høvet vil og bør verte skrevne i soga, -- namn som vil glime sterkare enn mitt. Det er namni til dei menn som synte kvinna den tillit og vyrnad at dei gav henne plass på vallista si, som sette seg sjølve i skuggen for å gjeve kvinna ein «sjangse» i ljoset. – Eg vil so gjere meg til talsmann for alle heradets kvinnor og rette ein takk til «Bygdelista» sine menn for «sjangsen» dei gav oss. Og so ein takk til alle som gav oss røysti si, og endeleg takk til ordførar Holsen og det samla heradstyre for den utifrå velviljuge måten dei tok mot oss på. Vyrdsamt Jensine Angedal.

Jensine deltok i fleire nemnder i tida ho var i heradsstyret. I 1939 vart ho vald inn i forsyningsnemnda, som eit av fem medlemmar. I forsyningsnemnda sat ho fram til ho blei friteken i 1943. I 1940 vart Jensine vald inn i ein nemnd som skulle arbeide for ein husmorskule i Førde. Heradsstyret var samd i at det var eit rettkome krav om ein husmorskule i Sunnfjord, og at Førde ville være ein passande stad for ein slik skule. I denne saka uttalte Jensine seg om at ho hadde fått det inntrykket av Lars Hustveit at han meinte at kvinna skulle gjere alt på garden. Jensine meinte at karane no burde overta fjøsstellet på gardane. Hustveit svarte på dette med at det var langt frå hans meining at kvinna skulle gjere alt, og at ein måtte delast om arbeidet.

Jensine hadde sete åtte år i heradsstyret, då ho takka for seg i 1945:

Til veljarane i Førde! Når der no skal lagast lister til kommunevalet, vil eg gjerne be om, at der vert etla ein plass til kvinnone i Førde. Då eg vart vald i 1937, hadde eg passert aldersgrensa. Dertil hadde eg aldri studert kommunalpolitikk. Når eg like vel tok mot valet, så var det for å halde det terrenget kvinnone for første gong hadde vunne her i Førde. Stort meir kunne eg ikkje gjera. Når eg var for gamal til å byrja med, kan ikkje mitt arbeid i 8 år, brukast som målestokk for kvinna sin dugleik i det kommunale styr og stell. Difor gjev dei unge kvinnone ein sjangse i det nye heradsstyre! Dersom dei ikkje kjem med, vil dei ha god grunn å seia, at eg har stengt vegen for dei i staden for å halde han open. So vil eg seia takk for meg. Vyrdsamt Jensine Angedal.

Jensine Angedal var ei føregangskvinne i lokalpolitikken i Førde og Sunnfjord, og ho bana nok vegen for mange kvinner som har delteke i kommunepolitikken i seinare tid. 

Arkivmateriale:

  • Fylkesarkivet i Vestland, Møtebok for kommunestyret og formannskapet i Førde  kommune, Kommunestyret og formannskapet i Førde kommune. Møtebok.      1936-1941.
  • Fylkesarkivet i Vestland, Møtebok for kommunestyret og formannskapet i Førde  kommune, Kommunestyret og formannskapet i Førde kommune. Møtebok.      1941-1947.

Avisartiklar:   

Bøker:

  • Byrkjeland, Martin og Knut Grove, Førde – frå bygd til by 1500-2020, band 1 av      Historia om Førde, redigert av Torkjell Djupedal. Førde: Selja forlag, 2023.
  • Førsund, Finn Borgen, Gardssoge og soga om folket, band 2 av Førde bygdebok.  Førde: Førde kommune, 1992.

Tidsskrift:

  • Kvale, Anne Johanne. «Ei føregangskvinne frå Angedalen». Sogeblad frå Førde     kommune 1989, no 7. (1989): 5-8.