Villa Visnes
Datering
2013
Fotograf
Arlen Bidne / Sogn og FJordane fylkeskommune (cc by-sa 3.0)

Hotell Central - Villa Visnes

Den kjende hotellmannen Olai Tenden bygde Hotell Central i 1896. Kring 20 år seinare gjekk hotellet konkurs. Fram til 1965 heldt Stryn Husmorskule til her. I dag heiter bygget Villa Visnes og vert drive saman med Visnes Hotell.

Frå hotell til husmorskule

Villa Visnes vart bygd i 1896 i den særnorske drakestilen. Huset vart bygt av hotellmannen Olai Tenden og fekk namnet Hotell Central. Hotellet hadde omdømme som eit godt og veldrive hotell. Mange hotell fekk det vanskeleg då fyrste verdskrigen kom, og turiststraumen stansa opp. Hotell Central gjekk konkurs etter kring 20 års drift. Frå 1917 til 1965 vart bygningen nytta som husmorskule. Deretter vart huset nytta til lager og fabrikk. Tanken var at det gamle Hotell Central skulle rivast.

Image
Olai Joh. Tenden bygde Hotel Central på 1890-talet. Han var fødd i Bergen, men ætta frå Stryn. I 1869 kjøpte han handelsstaden Faleide og dreiv som handelsmann og gjestgjevar der. Då han bygde Hotel Central heldt han fram med å driva hotell på Faleide. Han sette sonen Peter til å driva Hotel Central.
Datering
Ukjend.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Bygdesoga Innvik - Stryn.

Ekteparet Walston

I 1986 kjøpte ekteparet Walston bygget av Stryn kommune. Dei sette i gang omfattande restaurering og gav bygningen namnet "King Oscar's Hall." Med hjelp frå Riksantikvaren og lokale handverkarar fekk bygget litt etter litt tilbake sin opphavlege utsjånad. Det flotte tårnet kom òg på plass att. Ekteparet Walston måtte kvitta seg med bygget.

Villa Visnes

I 1999 kjøpte Visnes Hotel eigedommen og gav det namnet Villa Visnes. Bygget vert no drive saman med hotellet på grannetomta og nytta mellom anna til konferansar og selskap. Det er òg innreia tre husvære som vert leigde ut til turistar. Ein del av bygget er og gjort om til kontor, og fleire verksemder held til her. Bygget som skulle rivast har fått nytt liv.


Opplysningar frå Kristin og Vibeke Visnes.