Best å vere sjølvhjelpt
Ynsket om å vere sjølvhjelpt, saman med gleda over å sjå eige vasshjul i drift, kan ha lege bak når det vart oppsett så mange gardskverner her ute. Dessutan var dei fleste vatna så små at det knapt vart vassmengd meir enn til denne eine haustmalinga.
Så sant det let seg gjere å demme opp nok vatn til male "årsens grøde", kom fundament, kjær og slåk (vassrenne) på plass i elva. Eit lite kvernhus måtte til, men berre få gardar kunne hente vyrke til slikt frå eigen skog. Då var det snarare dei som hadde brukande rekved liggjande, og kanskje utskifta båtbord.
Små og talrike åkrar
Det har hittil ikkje vore undersøkt kvar kvernsteinane kan vere komne frå. Storleiken ymsa også mykje. Ved eit par tilfelle skal dei ha hente kvernstein i Gulen. Me veit det var kvernsteinbrot både i Hyllestad og på Losna. Men når dei først skulle setje segl og hente heim så tung ei bør, var ikkje alltid kortaste vegen avgjerande. Viktigare var leier med stødig seglvind.
På dei låge øyane vest for Straumsfjorden vart det ikkje dyrka korn. Lenger inne var djupare jord og betre livd. Åkrane var små og kunne vere mange i talet, alle med eigne namn. Ei tilflytta bremangerkone kalla åkrane her "forklebøter".
Havre mest brukt
I gards- og ættesoga ser me at det dei sådde, var poteter og havre. Havren voks villig og fylte særs viktige behov i hushaldet. Sakte prøvde dei med andre kornsortar også, år om anna, som bygg og kveite.
Ein bra kornplass skulle vere Oddekalv. Like attved ligg jordfattige Storøy. Endåtil her dyrka dei korn, og av tyngste kvalitet, vart det fortalt. Desse øyane ligg med ryggen i storhavet. Sørvende Kråkevåg var som venta godt kornland. Men kven skulle tru at dei på vesle Lending sådde 1 ¼ tynne og hausta 7! Det skulle vere med det høgste follet her ute.
Three lakes in succession in the outlying field above the Furevik farm, provided plenty of water, and it was possible to mill for days without risking a water shortage. The water wheel in the picture drove a farm sawmill later on.
Verdiauke med kvern
På 17- og 18-hundretalet er kvernane nemnde i skifta. Reint pussig vert det når ei kvern på borgarsetet Buskøy er nemnd fleire gonger utan at ho visstnok kan ha eksistert! Seinare kan kvernane ha vore ute av drift og verdet knapt påreknande. Då korndyrkinga i Solund tok slutt i etter siste krigsåra, hadde dei fleste kvernsteinane lege i elva eit par generasjonar.
Det var kvernane i Furevika og på Lia som hadde best og jamnast vassføring, og dit kom folk roande med kornsekkene sine og mol når dei kunne. Furevik-kverna var størst og denne var i drift til etter krigen. På Losna stod minst to kvernar i same elva.
Around 1990, these big millstones were put into use at Kvernhusvika at Stokkevåg, but probably a mill had been there before. It has been said that the owner borrowed a boat at Steinsund when he was in Gulen and picked up the millstones there, but that it was a man from Nesøy who was in charge of the construction of the mill. At this mill site much good stonework was done.
At the Kvernhuselva (river)in the Bjørnefjorden, this big stone can be found. Swearwords could well have been uttered, since a slice was broken off during the transport to the river. A lot of water was required, but either there were two mills here, or the mill was moved for better utilization of the water.
God turking gav fint mjøl
Å få kornet godt turka før malinga, var ikkje liketil alle stader. På somme gardar finst enno steinhella dei mura inn ved eldhusgrua, og slik laga seg turkehelle. Berre om kornet var godt turt, vart det fint mjøl. Om ikkje, la det seg på kvernsteinane og klumpa seg.
I Furevika hadde dei bygt eit todelt, romsleg kvernhus i rundtømmer frå eigen skog. I eine rommet var grue og stor turkehelle, dermed kunne både gardsfolk og tilreisande fare heim med godt resultat.
Med eitt unntak er det i dag berre steinmurar og stadnamn som fortel om at det ein gong lyddest kverndur i avgøymde vikar og sund.