Kring 1500 var «Lille Oxe» delt mellom to brukarar; Sjur og Magne, og to bruk har det vore på garden fram til 1800-talet. På ei gammal bu er årstalet 1585 skore inn over døra. Denne bua har vore bygd inn i eit nyare hus frå 1800-talet. På det andre bruket fortel lokalhistorikaren Johan Litleskare om eit forvitneleg gammalt langhus som i dag er borte: Hovudinngangen var ein pall i halv kjellarhøgd med trapp opp til stova og «Longør» (langsval). Frå nord mot sør låg det på rekkje «nordbu», «litlebu», «stove», «utebu» og ein skut innenfor gråsteinsgavlen.
Navigasjonssti
- Hjem
- Nordhordland
- Litleoksa