DS «Nordfjord» ein gong i åra 1920-1940. Biletet står i boka Coastal Express. The ferry to the top of the world (1987) av Mike Bent. Det finst svært få kjende foto av «Gamle «Nordfjord».
DS «Nordfjord» har tilknytning til Sogn og Fjordane, både ved namnet og ved lang fartstid i Sogn og Fjordane-farvatn. I om lag 50 år gjekk «Nordfjord» i rute mellom Møre og Romsdal og Bergen. Ruta hadde fleire stoppestader på Sogn og Fjordane-kysten. Då båten runda 75 år i 1940, vanka det minnedikt; "Gamle Nordfjord". «- fire tusen gonger forbi Statt - » står det i eit av versa.
To namn før «Nordfjord»
«Nordfjord» vart bygd i Gøteborg i 1865 for Arendals Dampsskibsselskab og fekk namnet «Arendal». Namnet vart endra til «Vesteraalen» då Richard With i 1881 kjøpte båten som det første skipet i Vesteraalske Dampskibsselskab. I 1890 selde VDS «Vesteraalen» til det det nyskipa bergensfirmaet Nordfjord Dampskibsselskab. Skipet vart no omdøypt til «Nordfjord», og det namnet hadde «Gamle «Nordfjord» til båten vart hoggen i 1975.
Image
«Nordfjord» som DS «Arendal»; namnet skipet hadde frå det var nytt i 1865 til det vart selt til Richard With i 1881. Biletet står i boka «De blå skipene. VDS langs fjord og fjære i hundre år (1981) av Leif B. Lillegaard. Det står ingen fotoreferanse.
Datering
1865 - 1881
Fotograf
Ukjend
Eigar
Ukjend
Mange eigarar
«Nordfjord» hadde mange eigarar i sitt 110 år lange liv. Lengst fartstid hadde «Nordfjord» for Møre og Romsdal fylkesbåtar, i alt 27 år. MRF eigde båten frå 1920 då MRF vart etablert, til 1947. Eigarliste:
Diktet «Gamle «Nordfjord» vart skrive då båten runda 75 år.. Sunnmørsposten hadde stor omtale, og ei tid etter, minnediktet, signert Candide. Forfattaren nemner i eit av versa «Nordfjord» som pioner. Han siktar då truleg til «Nordfjord» som første skipet i Vesteraalske Dampskibsselskab, rederiet som starta hurtigruta Bergen – Nord Noreg i 1893, og at det faktisk var «Nordfjord» ex. «Vesteraalen» som frå 1882 gjekk dei første innleiiande turane Bergen – Lofoten - Vesterålen - Senja.Vi høyrer også om ein «sorgens dag», at båten «sank». Sokk er ikkje rette ordet. Kort tid før grunnstøytte «Nordfjord» i Ulvesundet, i leia mellom Måløy og Raudeberg. Til all lukke blei det med «en pust». Båten blei berga, reparert og sett inn att i rutefart.
Image
DS «Nordfjord» etter forliset 12. september 1940. Biletet viser skipsmerking i krigstid; større bokstavar og markering midtskips, loddrett stripefelt i dei norske flagg-fargane.
Datering
1940
Fotograf
Ukjend
Eigar
Fjordenes Tidende
Måløy var i mange år stoppestad for «Nordfjord», og i jubileumsåret 1940, lånte måløyavisa «Fjordenes Tidende» stoff frå avisa i nabofylket. «Da «Nordfjord» er en velkjent gjest her i Måløy skal vi efter avisen [Sunnmørsposten] gjengi en del av skibets omskiftende historie». Mellom anna minnediktet.
Gamle «Nordfjord»
I femogsytti lange år du røktet har din plikt. Og helt fortjent du derfor får et lite minnedikt.
Du gikk din rute støtt og fast, du gikk i allslags vær. Du brakte alltid fram din last høyt hevet over skjær.
I Gøteborg ditt første skrog en dag av stablen gikk, du fløt der som en skjønn prolog til framtidens musikk.
Så tumlet du fra havn til havn i mange Herrens år, og du fikk stadig nye navn og nye arbeidskår
En trofast sliter støtt du var, du ruslet dag som natt, og fire tusen ganger har du krysset gamle Statt
Du omtalt ble med mild forakt, sogar med ironi. En kiste var du, ble der sagt men hva har det å si –
Så meldtes det en sorgens dag, at du tok deg en pust Til kvile sank du med behag på god og gammel rust
Skal no din strid da være endt, du gamle pioner? Skal for bestandig du ble sendt dit hen hvor intet skjer?
Ditt svar er: «Nei, og atter nei. Om no jeg står på land, - snart finner jeg min gamle lei hvor fartøy flyte kan.
(Candide i Sunnmørsposten)
Image
Minnediktet til DS «Nordfjord» stod i Sunnmørsposten, Ålesund, 30. september 1940. «Så meldtes det en sorgens dag / at du tok deg en pust», står det i eit av versa. Forfattaren siktar til ei hending kort tid før: Natt til 12. september 1940 grunnstøytte DS «Nordfjord» i leia mellom Måløy og Raudeberg. Sunnmørsposten melde om uhellet same dagen. Båten blei berga, reparert og sett inn att i rutefart.
Datering
1940
Fotograf
faksimile, Sunnmørsposten
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Mannskap med lang fartstid
Artikkelen i Fjordenes Tidende 1940 nemner to skipsoffiserar som i 1940 hadde uvanleg lang fartstid på eitt og same skip, nemleg kaptein Nikolai Fuglseth og los Iver Ludvigsen:
«Skibets kaptein er Nikolai Fuglseth nu bosatt i Bergen. Han har vært om bord i «Nordfjord» siden 1901, først som styrmann og siden 1908 som kaptein. En som imidlertid har vært ennu lenger om bord i skibet er los Iver Ludvigsen, som kom om bord i 1890 og således har gjort tjeneste i 50 år på samme skib. Begge disse trauste sjømenn er hedret med Kongens fortjenestemedalje."
Skipskaptein Fuglseth og los Ludvigsen vart tildelt Kongens Fortenestemedalje 1. juli 1937.
Siste tur i «Bergensruten» 1946
«Nordfjord» slutta i ruta Møre og Romsdal – Bergen i 1946. Søndag 1. desember var siste anløp i Måløy. Båten takka for seg med med tre støyt i fløyta, og Fjordenes Tidende kvitterte dagen etter med ei notis: «Etter avgangen herfra i går på nordgående hørte vi tre støt fra den kjente fløyte som en avskjedshilsen til Måløy.»
Fjordens Tidende, 26.08., 03.10.1940 Bergens Tidende, 09.02.1931.
Bent, Mike: Coastal Express. The ferry to the top of the world. (1987)
Ulstein, Ragnar: Møre og Romsdal Fylkesbåtar 1920 – 1970 (1970).